torsdag 15. februar 2018

Algerie





Algerie har 41 millionar menneske. Dei fleste bur nord for Atlasfjella, og særleg naturlegvis langs Middelhavskysten. 99% av  befolkninga består av arabiserte berberar. Berberane var kristne før islams arabiske hærar erobra og Nord-Afrika på 6 og 700-talet e. Kr.  I dag er 70% lese og skrivekyndige. Offisielle språk: Arabisk og berber. Fansk er utbreidd. Mange meistrar engelsk. Totalt blir det snakka 22 språk. Heile Bibelen er tilgjengeleg på arabisk. 1 språk har NT og så blir det jobba med omsetting til sju andre språk (2010, Operation World)

Over 97% er muslimar, og religionsfridomen og andre menneskerettar har tronge kår, og konvertering frå islam er ulovleg. Ein av dei som sit fengsla for dette er Slimane Bouhafs som i 2016 fekk ein dom på 3 år for å ha fornærma islam.

Slimane Bouhafs

Algerie har ein raskt veksande økonomi knytt til utvinning og sal av olje og gass.

Politisk var Algerie ein fransk koloni i 132 år. Landet fekk sjølvstende etter ein blodig krig i 1962. Frå den tid og fram til 1988 var landet styrt av ei sosialistregjering og var i praksis ein eittpartistat. I 1991 vart det gjennomført eit val som vart vunne av islamistgruppa FIS, Den islamske frigjeringshær. Då greip hæren inn, og etter ein lang borgarkrig med 100000 drepne, vart islamistane slått i 1998. Etter den tid har Algerie blitt styrt av president Abdelaziz Bouteflika. Han er støtta av hæren, og alle vala i ettertid har gått i hans favør, men høgst truleg etter omfattande manipulering. 

Det er rundt 100 000 kristne i landet, og kyrkja har ei årleg vekstrate på over 7%, som er svært høgt. Veksten er i hovudsak mellom kabyleberberane, men også hos arabarane er det framgang å spora.
Alle kyrkjelydar er undergrunnskyrkjer.

Areal: 2 381 741 km2, det meste er ein del av den golde Saharaørkenen.


  • Takk Gud for den heilt ekstraordinære kyrkjeveksten som har funne stad i landet dei siste tiåra.
  • Be om einskap mellom  kristne berberar og arabarar.
  • Be om at dei truande i landet skal vera frimodige og kloke i sitt uttryk
  • Be Gud om at møtelokalitetane deira ikkje skal bli oppdaga
  • Be om fred og forsoning mellom berberar og arabarar
  • Be om ny oppblomstring av den berberiske kulturen
  • Be om at dei kristne må stå oppreiste i dei stormkasta som stadig kjem over dei. Dei er utsette for redsler både frå familiane, naboane og arbeidsgjevarane sine, samt frå islamistar og fråregjeringa 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar som elskar Gud, Guds ord og folket
  • Be om vern over dei kristne familiane, og at dei skal halda saman trass i tøffe tilhøve, og at barna skal halda seg til Jesus sjølv om dei lever i eit samfunn som er gjennomsyra av islam. 






Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...