lørdag 26. april 2025

Nye kristne martyrar i Nigeria


23 mars i Bassa fylke:  Tre kristne menn drepne i eit bakhaldsåtak av muslimske fulanikrigarar. 

2.april i Nzharuvo vart Dewi Terry Nah knivdrepen av militante muslimar. 

Same dag: 60 kristne vart utsette for direkte folkemord i Bokko fylke, av desse budde 40 i landsbyen Hurti. 400 heimar vart øydelagde. 

1000 frå byen Ruwi måtte flykta for livet. Av desse vart 11 drepne medan dei held vake over døde frå byen. Det neste døgnet vart enno 10 av dei drepne.

Palmehelga vart 49 kristne funne drepne i grenda Zike.

Verda er stille. 

Kjelde: https://www.vomcanada.com/ng-2025-04-24.htm

Gode, allmektige Gud! 

Djevelen går rundt som ei brølande løve i Nigeria og leita etter kristne som han kan sluka. Me ber: Stopp munnen på han i Jesu namn. Vekk kristne over heile verda til å be for sine søsken i Nigeria som lever med stor risiko. Vekk verdssamfunnet til å reagera på det som skjer, slik at styresmaktene kjenner seg tvungne til å setja inn vernetiltak. 

Gje trøyst og mot til dei som no sørger. Hjelp dei å stå fast i deg også i tider med store tap. Amen! 




Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...