lørdag 26. april 2025

Dagens nasjon: Komorane

 





Komorane er ei øygruppe mellom Madagaskar og Afrika. 
Folketal: 882 848
Språk: Fransk, arabisk og shikomor
Hovudstad: Moroni
Religion: Islam. 
Evangeliske kristne: 0.2%

Den muslimske delen av befolkninga er i praksis unådd. 

Muslimsk fundamentalisme er på frammarsj. Men islam er ikkje "rein". Dei blandar trua si saman med hekseri og ulike former for okkultisme.

38% av alle over 15 år er analfabetar. 

Næring: Dei er verdsleiande på produksjon og eksport av vanilje og ylang ylang (parfymeessens). Eit anna eksportprodukt er nellik. 

Fiskeri er, i følge SNL, merkeleg nok lite utvikla.

Dei unge har lite håp, og søkjer tilfredsstilling i rus og illegitim sex. Mange har ein draum om å få forlata landet, men fattigdomen er stor, og mulegheitane små. 

Be om at desse desillusjonerte menneska må få høve til å høyra evangeliet, og møta Jesus gjennom varme, Kristusprega kristne. 

Be om at Herren skal setja dei fri frå veldige demoniske krefter som pregar liva til mange. 

Be om at det skal veksa fram ei vital og kraftfull kyrkje i landet som kan føra mange menneske til Gud, og at evangeliet om Jesus skal setja folk fri frå islams løgner og tunge bører. 


Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...