søndag 27. april 2025

Dagens unådde: Gangakula i India

 





Folketal: 2 750 000

Språk: Kannada

Religion: Hinduisme

Kristne: 0,00%

Gangakula eller Kabbaliga eller Koli har vore fiskarar eller båtførarar i hundrevis av år i Sør-India. "Koli" tyder båt på sanskrit. Sidan fiske og båtbygging vart rekna som lågare yrke i hinduistisk samfunn, vart Koli plassert i ein lågare kaste. Dei arbeider òg som landsbyvaktarar og som jordlause landarbeidarar. Enno i dag er mange Koli, både menn og kvinner, analfabetar. Under den britiske perioden vart Koli ein del av små hærar som oppretthaldt orden i Sør-India. Moderne utdanning gjev unge Gangakula moglegheita til å stige over forfedrane sin status ved å bli legar, lærarar og forretningsdrivarar.

Gode Gud og Far! Du er den rette far for gangakula i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. 

Eg ber om at du skal hjelpa dei å forstå kor viktig det er at barna får gå på skule og læra seg å lesa og skriva og ta høgareutdanning. Løft folket ut av fattigdom, og styrka sin sosiale posisjon i samfunnet. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Eg ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at gangakula skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk gangakulakyrkja som kan kan formidla deg til India på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!



Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...