fredag 25. april 2025

Dagens bibelbøn

 Herre, du kalla Esekiel til profet, og du sa til han at han ikkje skulle la seg styra av frykt, men at han skulle tala til folket, om dei ville høyra på han eller ikkje, sjølv om det var "klunger omkring han", og han måtte bu mellom "skorpionar".

Du så til læresveinane dine: "Som Far har sendt meg, sender eg dykk!" Og ein annan plass: "Eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar." 

Me søkjer det komfortable, og du sender oss ut i det ukomfortable. Men du sender oss ikkje ut utan hjelp. Du pusta på læresveinane første påskedag og gav dei Den Heilage Ande som ein mektig indre ressurs. Og på pinsedagen kom han til dei med kraft. 

Gje oss hjarta for dei som ikkje kjenner deg, og som bevegar seg mot eit evig mørke. Gjer det maktpåliggjande for oss å dela ditt evangelium med dei, og frelsa dei frå dom og død og inn i ditt evige rike. 

Må Den Heilage Ande koma over oss med kraft, slik at me kan bryta gjennom alle murar som folk gøymer seg bak, og sprenga alle lenker som djevelen bind dei med. 

Gjer oss frimodige og sterke slik at me ikkje vegrar oss mot å gå ut i striden for sanning og rett. 

Amen! 


Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...