Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem. Matteus 2,16
Gode Gud og Far! Du er den rette far for alle barn i himmel og på jord.
Ånda som dreiv Herodes til drapa i Betlehem, og som inspirerte Farao til å ta livet av alle gutebarn fødde av hebreiske foreldre, og Adolf Hitler til folkemord på jødane, er framleis verksam. Over heile verda har kvinner rett til sjølvbestemt abort, og over 40 millionar av dei små som du har skapt i ditt bilete, som du elskar og som du sende Sonen din for å frelsa, blir brutalt drepne før dei får sjå dagslyset. Å Far! Dette er ei stor sorg for deg, og dersom det har betydning: Tilgje oss denne grove uretten. Og så ber eg om at du skal gripa inn på ein kraftfull måte for å få ein slutt på denne utausinga av skuldlaust blod, og hjelp oss som elskar både deg og dei små å reisa oss å tala deira sak på ein betre og sterkare måte enn me har gjort så langt. Herre, miskunna deg over dei og oss. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar