mandag 27. august 2018

Mauritania

Areal: 1 030 700 km2. Folketal: 3 758 000 (juli 2017). 19 folkegrupper. 70% svarte og kvite maurarar. 99,75% er  muslimar. Ca. 8000 kristne. 2700 evangeliske.
Mauritania var fransk koloni fram til 1960. Det offisielle språket er arabisk, men fransk er mest brukt i administrasjon og business.
Landet består stort sett av ørken. Berre 1% av arealet er dyrkbart.

Mauritania er blant dei aller fattigaste på kloden. 1/3 av barna i landet er underernært. Skilsmisseprosenten er skyhøg, noko som aukar fattigdomen.
Mange menneske lever i slaveri, sjølv om det er forbode å halda slavar.

Økonomi og næring: 40% av befolkninga er nomadar. Elles er det rike fiskeressursar utanfor kysten, det er olje under bakken og store mineralressursar i fjellet. Men desse rikdomane kjem berre nokre få menneske til gode. Korrupsjonen er høg, og gapet mellom fattige og rike likeså.

Alle mauritanarar må reknast som unådde. Det er forbode å driva tradisjonell misjon i landet, og dei siste åra er arbeidsvilkåra for misjonærar i landet blitt stadig vanskelegare, og mange har reist frå landet. Nokre "teltmakarar" frå nabolanda er att.

Kristne i landet risikerer fengsling, tortur, utstøyting frå familiane sine og til og med kan dei risikera å bli myrda.

Mauritania har i dag eit slags demokrati der den mektigaste folkegruppa er dei kvite maurarane. Det er ein djup konflikt mellom den svarte og den kvite delen av befolkninga. Ekstrem islam har også auka dei siste åra.

AIDS-epedemien herjar mellom folk.


  • Be om at dei få truande kristne i Mauritania skal ha tilgang til nok biblar, finna kvarandre i lokalsamfunna, halda saman som søsken, bli bevart i trua og veksa i nåde og kjennskap til Jesus.
  • Be også om at dei skal få leva og fungera i Den heilage ande, og at det skal veksa fram lokale og nasjonale leiarar mellom dei av stort format.
  • Be om at styresmaktene igjen skal helsa utanlandske misjonærar velkomen.
  • Be om reell religionsfridom
  • Be om at Gud i Jesu namn skal setja ein stoppar for framveksten av ekstrem islam. 
  • Be om at alle som lever i slaveri skal få oppleva åndeleg og økonomisk fridom.
  • Be om at landet skal få politiske leiarar med reell interesse og omsorg for folket. 
  • Be om at landet skal få leiarar som er verd å følgja.
  • Be om at landets rikdomar skal bli rettferdig fordelte
  • Be om at barna skal få nok mat og tilstrekkeleg skulegang. 
  • Be om at befolkninga skal leva i seksuell reinleik, og at det skal bli kontroll på AIDS-epedemien. 
  • Be om at ekteskapa skal bli sunne, og at ektefolk trufast skal halda saman og at heimane skal vera trygge for barna å veksa opp i. 






Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...