Maldivane er ei øygruppe i Det indiske hav, mest kjent for sin turisme.
Areal: 298 km2 fordelt på 1200 øyar. 202 er befolka. Folketal (2017) 392 709. 99% er muslimar.
Maldivane lever av fiske og vestleg turisme. Men dei innfødde får ikkje ha kontakt med turistane. Islam blir praktisert veldig strengt, og styresmaktene vil ikkje at folk skal bli påverka av det dei oppfattar som turistane sin dekadente livsstil, og sidan desse i stor grad kjem frå kristne land i vesten, blir kristendomen sett på som ein promotor for umoral.
Det er ingen religionsfridom i Maldivane, og Bibelen er ei forboden bok. Alle grunnleggjande menneskerettar vert undertrykte.
Bibelen er for tida under omsetting til det lokale språket dhivehi.
Men bak fasaden er det store moralske brist, eit tett åndeleg og moralsk mørker. Seksuelle overgrep, misbruk av barn og gjengkriminalitet er utbreitt. 70% av tenåringane rusar seg på narkotiske stoff, og folk driv med ein spesiell form for okkultisme som dei kallar fanditha.
Det var i 534 kristne i landet i 2010. Omtrent alle var/er utlendingar som jobba i landet. Blir det oppdaga innfødde kristne, vert desse fengsla, torturert og landsforvist.
Maldivane er eit sårbart økosystem. Gjennomsnitthøgda over havet er 1 meter. Landet står i fare for å forsvinna i havet. Temperaturauken i og forsuringa av havet tek livet av korallane som formar desse unike øyane.
Herre Jesus Kristus, du som bar bort verdas synder, miskunna deg over befolkninga på Maldivane. Lat ditt mektige himmellys fløyma over dette landet, fordriva mørkret og opplysa kvart menneske. Send arbeidsfolk ut til din haust. Må dine tenarar finna sikre kanalar for å få inn og distribuera ditt ord. Takk for at du er ein Gud som opnar og syner vegar, ein Gud som fyller dalar og jamnar haugar. Amen!
Kjelde: Mandryk, Jason. Operation World: The Definitive Prayer Guide to Every
Nation (Operation World Set) (Kindle Location 29602). InterVarsity
Press. Kindle Edition
CIA- World Factbook
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 23. august 2018
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar