torsdag 9. august 2018

Laos

Laos grensar til Vietnam, Thailand, Kambodsja, Kina og Burma.
Areal: 236 800 km2. Hovudstad: Vientian.  Folketal: 6,8 millionar fordelt på 134 folkegrupper som snakkar 90 språk.
Religion: Buddhisme (57%). 3,5% er kristne, og kyrkja veks med 6% årleg, og det er ein svært høg vekstrate, dette trass i at dei kommunistiske styresmaktene i landet gjer alt dei kan for å stoppa veksten. Forfølginga har tidvis vore svært tung. Her kjem motstanden frå fleire hald: dei truande blir pressa av ei kommunistisk og ateistisk regjering, buddhistiske leiarar og frå familiane sine. Her er det mektige tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. 
Då kommunistane overtok makta i 1975, flykta nesten alle kristne ut av landet. Men ikkje Gud. Han driv på og kallar nye menneske inn i si kyrkje. Men mangelen på leiarar for dei mange unge kyrkjene er signifikant.
Forfølginga har imidlertid tvinga dei truande inn i bøn, og dei har lært seg å måtta stola på Gud. Trengslene har reinsa og foredla den unge kyrkja.
Laotarane er elles beskrivne som fredelege og venlege, med litt passive i sin framtoning.
Trass i den positive utviklinga for kyrkja, reknar Operation World dei aller fleste innbyggjarane i landet for unådde. Det er eit definert behov for 31 nye bibeloversetjingar, og kanskje så mange som 57.

  • Be om at lyset frå Kristi kross skal fløyma over heile landet og opplysa kvart menneske. 
  • Be om at Gud skal reisa opp nye apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar for kyrkja si
  • Be om at alle kristne skal ha tilgang til Bibelens ord
  • Be om at dei må bli verna mot synkretisme og vrang lære. 
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk der oversetting er naudsynt
  • Be om Guds mektige vern over dei truande
  • Be om at kommunismen og buddhismens grunnvollar skal rokkast, og at dei ideologiske løgnene skal bli avslørte og forkasta av folket slik at dei kan venda seg mot Kristus, den einaste sanninga.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...