Mexico har ein stor økonomi basert på oljeproduksjon offshore i Den mexicanske golf. Elles er jordbruk, næringsmiddelindustri og turisme store næringar. Kapitalen i landet er samla på få hender, og det er stor sosial ulikskap i landet.
Mexico er eit transittland for narkotika frå Sør-Amerika til USA, og store områder mot grensa til USA er styrt og dominert av ulike kartell som hevdar si makt med våpen. Krigen mellom kartella kravde sist år 33000 menneskeliv. Denne drapsorgien går sterkt ut over journalistar som skriv om desse sakene. Dei kriminelle har ofte sterke sambandslinjer inn i politiet, og grensa mellom politi og røvar er uklåre i desse områda. Det ser ut til at lovas handhevarar tidvis er meir kriminelle enn dei kriminelle.
Landet har i all hovudsak ein romersk katolsk befolkning. Noko over 10 millionar menneske er med i evangeliske kyrkjer.
Spansk er det offisielle språket.
Ein stor del av befolkninga har røtene sine i ulike indianske urfolk, og av den grunn blir det også snakka 297 andre språk i landet. Aztekarane er den største av dei indianske folkegrupenea.
Historisk sett var den tropiske Yucatanhalvøya senteret for den rike og høgt utvilkla mayakulturen som vart øydelagt av spanjolane på 1500-talet.
60% slit med fattigdom. Størst er problemet mellom dei indianske stammene. Desse har lågast utdanning, og lite å setja inn mot uretten utanom tilfeldige opprør.
Det er 500 000 narkomane i landet.
President Trump prøver å stenga grensa mot Mexico, og det hopar seg opp med mellomamerikanske flyktningar på meksiansk side.
10% av dei katolske mexicanarane er praktiserande. Ellles er det vanleg at folk med indiansk opphav blandar inn i trua si dyrking av gamle gudar og gudinner. Men Alphakursa i katolsk regi har reinsa mange si tru.
I 1960 var det 800 000 evangeliske kristne i landet. Den enorme veksten held fram med uforminska styrke. Håpet for landet ligg utan tvil i den kristne rørsla. Kristus forvandlar syndarar til rettferdige menneske.
Mange kristne vert forsøkt tvinga med på religiøse seremoniar der kristendom og heidenskap er godt sausa saman. Dei som nektar å vera med blir utsette for grov vald og forfølging.
- Be om at landet blir velsigna med rettsindige, kloke og kraftfulle leiarar som er i stand til å stoppa den enorme kriminelle bølgja som skyller over landet.
- Be om at Gud skal reisa opp kyrkja si slik at dei truande fungerer i Den heilage ande og gjer Gud nær og gjeldande overalt der dei bevegar seg.
- Be om at Gud skal reisa opp kraftfulle kristne leiarar med karakter og integritet, menn og kvinner som og kallar folk til omvending og tru.
- Be om at Jesus skal bli stor i landet, og at syndarar skal falla ned for hans føter og audmjukt sanna syndene sine.
- Be om styrke og visdom til den forfølgde delen av kyrkja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar