søndag 4. mars 2018

Kviterussland

Kviterussland ligg utan naturlege grenser på det nord-europeiske slettelandet. Her er det grøderik jord og mykje god skog.
Areal: 207600 km2.  Folketal: mindre enn 9 500 000.  Det er kraftig minkande.
Landet grensar til Ukraina. Russland, Latvia, Litauen og Polen, og var i si tid naturlegvis ein del av Sovjetunionen, og vart kasta ut i ifrivillig sjølvstende då Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991.  I dag er landet rekna for å vera Europas siste diktatur, og president Aleksander Lukasjenko styrer lmed hard hand i nær kontakt med Russlands Vladimir Putin. Her er ingen opposisjon lovleg, og menneskerettane har ingen reell verdi.

Demografi: 83,7% er kviterussarar, 8,3% russarar, 3,1% polakkar, 1,7% ukrainarar, 0,1% jødar og 3,1% andre. Før krigen var det 400 000 jødar i landet. Nesten alle vart utrydda under holocaust, og dei som var att, emigrerte i stor grad til Israel.

Språk: Kviterussisk og russisk. Dei fleste brukar russisk i dagleg tale.

Religion: 80% russisk ortodokse, 14% romersk katolske og 2% protestantar. 4% tilhøyrer ikkje-kristne trusretningar.

På papiret er det religionsfridom, men i røynda vert alle utanom dei ortodokse kyrkjene diskriminerte.

Økonomi og næring: Jordbruk og industri (80% under statleg kontroll). Heil avhengig av handel med Russland. Landet er enno prega av Tsjernobylkatastrofen i 1986 då eit kjernekraftverk i Kiev, Ukraina eksploderte, og store mengder radioaktivt materiale gjekk opp i røyk og fall ned i lokalmiljøet og over store deler av nord-.Europa, og i særleg grad i Kviterussland. Mange har døydd av kreft pga strålinga.

Den levande kyrkja i Kviterussland veks sjølv om folketalet minkar. Det ser ut til at forfølging og diskriminering har motsett effekt av det som var tiltenkt.

Bøn:

Gode Gud! Me ber om at alle som kjenner deg i Kviterussland skal vera gode kristne som frimodig deler trua si med andre. Hjelp dei å halda seg nær til deg i Bibel og bøn, og til å halda saman i tette og varme fellesskap. Fyll dei med din Ande og utrust dei med dine nådegåver, spesielt profetgåva,  slik at dei blir effektive menneskefiskarar, og slik at dei kan byggja kvarandre opp i trua.  Me ber om at folket skal kjenna på ein djup hunger og tørst etter deg, vår Gud, og søkja til dine kyrkjer for å bli frelst frå sine synder og drikka av dine kjelder. Me ber også om at diktaturet må falla, at landet skal få seg eit levande demokrati med kloke, gudfryktige, rettskafne og rettenkande leiarar.  Gje lækjedom til dei som enno er sjuke pga radioaktiv stråling, og gje kyrkja di å kraft til å lækja dei sjuke. Må styresmaktene reversera den liberale abortlova, og leggja til rette for at folk igjen vil ha barn. Me ber om tolmod for alle truande som er utsette for diskrinminering, og at dei trass i urett handsaming, frydar og gleder seg i deg. Og til slutt ber me om einskap mellom alle sanne kristne i landet. Amen. 




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...