søndag 18. mars 2018

Dagens unådde: Hausafolket i Nord-Nigeria

Hausafolket er eit gamalt kulturfolk sør for Sahara. Historisk hadde dei sin eigen stat. Men denne vart overvunnen av fulaniane på 1800-talet. Det er 416000 hausaer. Dei snakkar sitt eige språk . Hausa er også bibelspråk. Hausafolket driv i hovudsak med handel og vandel. Religion: Islam.

Gode Gud og Far, du som elskar verda med ein evig kjærleik, og som gav oss Sonen din, den einborne, forat me ved å tru på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Denne ordninga har du også etablert for hausafolket i Nord-Nigeria, og me ber om at du skal opplysa dei gjennom evangeliet slik at dei ser sitt desperate behov for den frelse du har preparert for alle menneske i Jesus Kristus. Kall di sterke kyrkje i Sør Nigeria til misjon mellom folka i nord Gje hausafolket ein skikkeleg appetitt på Ordet ditt, og me ber om at det skal grunnleggjast ein livskraftig og produktiv kyrkjelyd i dette folket. I Jesu namn, amen!



Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Bairagi i India

  Folketal: 1 112 000.  Språk: Bengali, som har vore bibelspråk svært lenge Religion: Hinduisme Kristne: 0,00% Bairagi tilhøyrer prestekaste...