Brunei er ein konservativ muslimsk stat, men ikkje mellom dei mest radikale. Kristendomen vert godt tolerert, men det er ikkje lov å misjonera mellom muslimar, og det er forbode for muslimar å konvertera til kristendomen.
Dei fleste i Brunei er etniske malayar. Det er få kristne mellom desse, og dei som er, held trua for seg sjølv. Dei kristne i landet er anten kinesarar eller ikkje-malayiske stammefolk.
Gode Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast, rikjet ditt koma og viljen di råda i Brunei slik som tilfelle er i himmelen. Gjer namnet ditt stort i dette landet. Må din stordom og heilagdom rysta dei styrande slik at dei bøyer seg for Sonen sin og tilber han åleine som frelsar og Herre for sine liv. Må dei sjå liva sine i ditt lys og bli levande klår over kva du fordrar av dei, og kva du kan gje dei gjennom Jesus Kristus. Styrk kyrkja di i landet. Fyll henne med din kjærleik og utrust henne med din autoritet og di overnaturlege kraft. Gjer dei truande frimodige, kloke og uovervinnelege. Me ber i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar