Brasil er verdas tredje største land i flatemål, og har ei befolkning på rundt 200 millionar menneske. Over 50% kvite av europeisk opphav, 38% er blandingsrase, 6% svarte, kun 0,4% urfolk.
176 millionar er kristne, dei fleste romersk katolske. 50 millionar er evangelikale. I 1960 var dette talet berre 2%. Det flyt ei kontinuerleg evangelisk vekkjing over landet.
Offisielt språk: Portugisisk. Totalt snakkast det 193 språk i landet.
Styresett: Republikk
Politisk slit Brasil med enorme korrupsjonsskandalar, uendelege rettsoppgjer, mafiaverksemd, politiske drap og masse ustyrleg rot.
Mange brasilianarar lever i stor fattigdom i favelaer, slumområder i dei store byane som blir styrt av kriminelle. Drapsraten her er skyhøg, seksuelt misbruk av kvinner og barn likeeins, jenter vert tidleg mødre til barn utan fedre som tek ansvar for noko som helst, og salg og bruk av narkotiske stoff , og med all den frykt og moralsk desorientering som følgjer med, dominerer folks kvardagsliv her.
Økonomi og næring: Jordbruket, industri og turisme. Brasil har dei siste åra utvikla seg til ei økonomisk supermakt. Både jordbruk og industri trugar den for heile verda verdfulle regnskogen. Store deler av atmosfærens ogsygen vert produsert i Amasonasregnskogen. Her finn me også det største artsmangfaldet av planter og dyr i verda.
Brasilianarane er på godt og vondt åndeleg opne. På minussida må nemnast at mange, mange er henfallen til og avhengig av spiritisme og andre okkulte aktivitetar. Dette fører til betydeleg grad av demonisering blant vanlege folk. Dette er eit stor naud.
Dei evangelikale er sterke i Gud, og bøna er berande i liva deira. Dei samlar seg kvart år til store Global Day of Prayer-arrangement (1.pinsedag) og Jesusmarsjar. Og her ligg håpet for dette landet. Brasil er dei siste åra vorten eit leiande misjonsland.
Kjære gode Gud! Me takkar deg for alt godt du gjer i Brasil, og alt det fantastiske som har skjedd med di kyrkje dei siste 70 åra. Me takkar deg for brennande hjarter og stor iver. Me ber: Ta godt vare på dei truande og bevar dei mot falsk lære og gje dei forstand til å ta på seg din rustning slik at dei kan stå fast i deg til du kjem att for å døma levande og døde. Hjelp dei å ta vare på iveren, grunnfest dei i nåden, bøna, Ordet og fellesskapet, og som gode disiplar, disippelgjera heile nasjonen. Så ber me om at landet skal få sterke og rettsindige leiarar, at Anden sin skal ausast ut over alle menneske, at dei kriminelle skal falla ned for føtene dine , venda om frå si dårlege ferd og læra seg å leva rettferdige liv. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar