Folketal: 29 310 273 (juli 2017). Flatemål: 1 246 700 km2.
Folkeslag: Ovimbundu (37%), Kimbundu (25%), Bakongo (13%),
Språk: Portugisisk (71%, offisielt), Umbundu 23% og mange andre stammespråk.
Det er totalt 41 språk. 12 av dei har heile Bibelen, 5 har NT, 13 har enkelte skrifter og 3 språk er under omsetting.
Religion: 80 % kristne (halvparten katolikkar, halvparten evangeliske protestantar), 8% etnisk, 12% ingen.
Angola var portugisik koloni i 450 år fram til 1975. Etter 27 år med borgarkrig, vart det fred i 2002, men landet lid enno av store etterverknader med enorm fattigdom, manglande infrastruktur og utdanningssystem. Økonomien er heilt oljerelatert. Men landet har enormt potensiale for jordbruk og har store ressursar av diamantar, gull og andre mineraler, men næringslivet er enno dårleg utvikla. Likevel skjer det positive ting. Nye vegar vert bygde og gamle utbetra, ogfleire universitet er etablerte.
Trass i oljerikdomen, lever over 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense, og dei fleste andre er svært fattige dei også. Her er det mykje pengar på få hender. 30% av mennene og 40% av kvinnene er analfabetar. Kvar kvinne føder gjennomsnittleg 5 barn. Halvparten av fødslane er utan assistanse av lege/jordmor. Mange kvinner døyr i barsel. 45 % av befolkninga er under 15 år. Låg utdanningsgrad og elendig politisk styring gjer at arbeidsløysa mellom unge menneske er skyhøg. Krigen førte millionvis av menneske på flukt. Desse har gradvis kome attende.
Dei fleste menneska trekkest mot dei store byane langs Atlanterhavskysten. Byane er overbefolka, og det er mange foreldrelause barn på gatene. Mange er utsette for misbruk og prostitusjon.
6 millionar landminer er blitt uskadeleggjort, men hundretusenvis går rundt med stygge skadar etter å ha trakka på miner, og enno blir folk stygt skada av desse.
Men trass i store kroppslege skadar, er dei psykologiske og åndelege skadane større. Her snakkar me om generasjonar.
Frå 1990 og fram til i dag har talet på evangeliske kristne auka kraftig, og kyrkja står heilt sentralt i den forsoningsprosessen som no er i gong mellom tidlegare fiendar.
- Takk Gud for alle nye som kjem til tru i Angola i denne tida.
- Be om at dei må innlemmast i gode kyrkjelydar og bli disippelgjort på ein forsvarleg måte.
- Synkretismen er stor i Angola som elles i Afrika. Be om at Gud skal reinsa kyrkja si for okkultisme, fetisjisme, hekseri og alle framande religiøse åndsmakter.
- Be om at kyrkja skal få leiarar som er gode førebilete for dei truande, fulle av Kristi kjærleik og Andens kraft, menn som kjenner Gud og som er sterke i Skriftene.
- Be om at Bibelen skal bli omsett til alle levande språk.
- Be om at landet skal få kompetente leiarar som forstår sitt ansvar og tek dei grep som er naudsynt for å verna barn om unge mot den vondskapen som dei er utsette for, og som sørger for å prioritera skulegang og utdanning for den oppveksande slekt.
- Be om at Angolas menn skal ta eit oppgjer med sin syndige og egosentriske livsstil, bli gudfryktige, trufaste, ærelege, arbeidssame, edruelege, seksuelt ansvarlege og visa seg som sanne menn som tek ansvar for kvinner og barn.
- Be om at Gud skal reinsa folket frå synd og fri landet frå djevelens undertrykking.
- Be om at landet skal få bygd ut jordbruket sitt, utdanna kompetente bønder, og at det skal etablerast ansvarlege industriselskap som har som mål å utvikla landet, og ikkje skaffa seg rask profitt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar