torsdag 15. mars 2018

Opprop til bøn for Afrin

Kjære bønevener!

Pastor i Credokirken i Bergen, Per Ove Berg har vore i Syria. Han ville inn i Afrinprovinsen med hjelp, men vart stoppa av syriske regjeringssoldatar. I Afrin er dei sivile i krysseld mellom regjeringsstyrkane og tyrkiske invasjonsstyrkar. Lidingane er enorme no. Afrin er ein kurdisk enklave i Syria, og etter at kurdarane hadde nedkjempa ISIS, vender no dei andre stridane partane seg mot kurdarane for å knekka dei. Mange ISIS-terroristar har fått jobb i nye hærar. Det er ingen løyndom at Nato-landet Tyrkia i årevis har støtta ISIS. Dei er ekstremt brutale, fortalde Per Ove Berg meg i ein telefonsamtale i går kveld. No er det tid for å be for Afrin, eit område som ligg oss i Kristkyrkja tungt på hjarta då nokre av våre medlemmer kjem derifrå, og familiane deira er framleis i regionen. Dei kjem seg ikkje ut. Folk gøymer seg i fjellholer no. Lat oss be om at Gud skal pressa hærane attende, og set opp eit vern for dei sivile. Krig er djevelskap, og Jesus er openberra for å gjera ende på djevlens gjerningar. Det skjer når hans folk ber.

Gode Gud! Sjå i nåde til alle menneske som no er inneklemte i Afrin og står i fare for å mista liv og eigedom. Stopp i Jesu namn alle overgrepa frå den tyrkiske og den syriske regjeringshæren. Vern folk mot kuler, bomber og granatar, vern barna mot varige skader på kropp og sjel og kvinner mot seksuelle overgrep, og send dine mektige englar for å pressa fiendehærane attende. Me ber om fred og fridom for folket i Afrin, og framfor alt at dei skal bli kjent med kong Jesus og oppleva frelse for sjelene sine. 

Følg linken under og lytt til CBN sitt intervju med Per Ove B erg


 http://www1.cbn.com/cbnnews/world/2018/january/pastor-pleads-for-protection-and-prayers-as-syrian-town-endures-attack

Bilderesultat for Afrin

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...