mandag 5. februar 2018

75 kristne drepne av fulanikrigarar i delstaten Plateau i Nigeria

 



Den siste tida har, i følgje World Watch Monitor, 75 kristne bønder vorte brutalt drepne av muslimske fulanikrigarar i delstaten Plateau i Nigeria. Fulanistamma er kvegfolk. Det har lenge vore konflikt mellom desse og fastbuande bønder om retten til bruk av landområder. Men konfilkten har også sterke religiøse og etniske overtonar. Dei kristne tilhøyrer irigwestamma. President Mohammadu Butari er fulani, og mange tenkjer at han ugjerne stiller opp med soldatar for å verna irigwe mot mordarar frå si eiga stamme. Nigerianske styresmakter har ingen evne eller vilje til å beskytta dei kristne i denne delen av landet.

Men det handlar ikkje berre om drap. Fulaniane brnner opp og øydelegg hus og store avlingar for dei kristne bøndene. 3000 av dei kristne i området har no flykta og søkt tilflukt hos slekt og vener andre plassar.

Gode Gud! Du ser kva som skjer i Nigeria, all den sorg og naud som desse drapa og denne herjinga skaper mellom dine barn i området. Å Herre, dei treng ditt vern mot fienden, dei treng trøyst og styrke og rettleiing. Hjelp dei å setja inn rette kristlege tiltak mot den grove uretten som vert gjort mot dei, hjelp dei å tilgje og elska fiendane sine, og me ber om at styresmaktene skal reisa seg og ta sitt ansvar som ordensmakt i landet. Så takkar me deg for at riket ditt lenge har gått kraftig fram i Nigeria. No ber me om at dei kristne i sør skal reisa seg og vera med å beskytta sine kristne søsken i nord, og me ber om vekkinga i landet skal gå på djupet med folk og ikkje handla om korleis dei skal te seg for å bli velsigna av deg, men kva dei skal gjera for å æra deg med sine liv, følgja dine bod og gå heile vegen med deg. Amen!




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...