Jebalafolket lever i marokkanske fjellområder, og jbal tyder då også "fjellfolk".
Dei tel i følgje joshuaproject.org 1 217 000 menneske. Dei lever i områder som er vanskeleg tilgjengeleg for eventuelle misjonærar, men kan nåast via kristne radiosendingar. Det er ingen registrerte truande kristne i jabalfolket.
Herre Jesus! Du vil at heidningane skal prisa deg saman med ditt folk. Me ber om at evangeliet om ditt rike skal bli jabalfolket til del, slik at dei ved tru på deg kan bli frelste frå syndene sine, døden og djevelens makt, og bli innlemma i din store familie, den som ein dag skal sameinast med deg i din himmel. Løft dei ut av det moralske og åndelege mørkret dei lever i , og før dei inn i ditt mektige og underfulle lys. Lat dei få ein smak av din kjærleik, og løys dei frå islams forferdelege lenker. Me ber i ditt namn. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar