søndag 5. oktober 2025

Dagens unådde: Iranun på Filippinane

 Dette er ei heller lita muslimsk folkegruppe  som i følgje joshuaproject,net tel 282000 menneske. Dei lever kystnært aust i landet og livnærer seg av fiske og jordbruk. Dei snakkar sitt eige språk. Deler av Bibelen føreligg på iranun. Trua deira er ein miks av islam og animisme. Ingen kristne er registrert.  

Gode Gud og Far! Du er den rette far for iranunfolket på Filippinane.  Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå islams og animismens mange åndsmakter.

Løft folket ut av fattigdom, og styrk deira sosiale posisjon i samfunnet. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i heimane.  Eg ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at iranunfolket kal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk iranun-kyrkje som kan kan formidla deg til folket sitt på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!



lørdag 4. oktober 2025

Stord sin kommuneøkonomi

 Kommuneøkonomien i Stord er heilt ute av kontroll. Det må sparast 60 millionar kroner på budsjette for 2026. Politikarane og administrasjonen veit ikkje si arme råd. 

Gode Far! I dag ber me om at du må hjelpa politikarane i Stord kommune å få god oversikt over tala, og syna dei kva dei må gjera for å få kontroll på inntekter og utgifter. Stord kommune treng no kloke og rettsindige leiarar med høg kompetanse med evne til å ta gode og rette beslutningar, og som ikkje er for stolte til å be deg om hjelp. Så ber me om at du skal leggja di velsigning til her. Amen! 

Filippinane

 Filippinane har i følgje Operation World 116 786 963 innbyggjarar.
Hovudstaden er Manilla

Det er det landet i Søraust-Asia med høgast prosentdel kristne, dei fleste er katolikkar, men heile 12,3% er evangelisk kristne. Veksten var eksplosiv på 1980 og 1990-talet, men noko mindre no

Takk for alle dei truande i landet, og for den misjonsiveren dei legg for dagen
Be om at alle dei nye truande skal erfara Andens kraft i liva sine, bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i Kristi kyrkje
Be om einskap mellom dei kristne i landet
Be om gode leiarar som elskar Jesus, menneska dei tener og Guds ord
Be om at teologiske løgner skal avslørast og avvisast
Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort

Be om at Anden frå evangeliet skal ha innflytelse på heile landet
Be om at landet skal reinsast frå skammelege synder
Be om at gapet mellom fattig og rik skal tettast
Be om gode skular på alle utdanningsnivå
Be om eit helsevesen som har tilbod til alle innbyggjarane sine
Be mot prostitusjon, abort, rus, vald og kriminalitet
Be om at dei opprørsle muslimane i sør må koma til tru på Jesus og leggja ned våpena sine
Be om eit sunt, ærleg og framgangsrikt næringsliv



Stormen Amy herjar i Sør Noreg

 Denne dagen blir kritisk, spesielt på Skagerakkysten.

Be om at stormen skal løya så pass at liv ikkje går tapt, og at det blir minimale materielle skadar.

To drepne og tre såra etter eit antisemittisk åtak mot jødar i ei synagoge i Manchester

Dette hende for to dagar sidan. Ein flyktning frå Syria gjennomførte åtaket. Ein av offera vart skoten ved eit uhell av politiet. Kva våpen terroristen brukte veit eg ikkje. Åtaket skjer kort tid etter at statsminister Starmer annonserte at han og regjeringa hans ville godkjenna ein palestinsk stat. Etter drapa torsdag, strøymde muslimar i GB for å feira. Absurd. 

Gode Gud! Hald di sterke hand over verdas jødar. Hatet mot folket ditt veks som eit tidevatn, og krev liv. Men din kjærleik er ei større enn djevelens hat. Vekk opp gode folk til å slå ring om jødefolket, og reisa seg som ein vegg mot den muslimske og sosialistiske antisemittismen som no syner sitt sanne andlet i bygatene. Amen!

torsdag 2. oktober 2025

Hyllestad i Vestland

 
Folketal: 1281
Kommunesenter: Hyllestad
Næringsliv: Jordbruk, skipsbyggingsindustri, oppdrett. 
Kyrkje og kristenliv: DNK tre kyrkjer. Det er fem bedehus i kommunen. Fire av dei er i bruk, skriv bladet Kringom. Dei er heller gamle, og truleg alle frå den tida då vekkingar gjekk over landet. Det meste av kristen aktivitet føregår i regi av DNK.

Takk Gud for alle dine sanne barn i Hyllestad. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande, og fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Aus Anden din ut over Hyllestad slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Hyllestad ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv, og me ber om ein høg fagleg og etisk standard på dei lokale mediebedriftane.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Hyllestad vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!





Peru

 Peru har over 34 millionar innbyggjarar. 95,5% er kristne i følgje Operation World. 11,6% er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. 

Hovudstad: Lima

Styresett: Republikk

Peru er eit fattig land med stor avstand mellom fattig og rik.
Det har gjennom dei siste åra vore mykje politisk uro, mange politiske kriser i dette landet og tidvis borgarkrigsliknande tilstandar. 

Dei evangeliske kyrkjene har dei siste 65 åra auka kraftig i tal og storleik. 

Synkretisme er eit stort problem, særleg i dei katolske kyrkjene der folk blandar gamle etniske religiøse forestillingar og praksisar inn i den kristne trua. Det opnar for vonde åndsmakter i kyrkjene og i dei enkelte sine liv. 

Gude Gud og Far!

Velsign Peru med gode leiarar.
Me ber om fred og stabilitet. 
Må ditt rike gå fram i dette landet. 
Må mange nye koma til tru, kyrkjer bli etablert over heile landet og fyllast med lovsyngande menneske tente i brann for Jesus.
Reins kyrkja di i Peru for alt avguderi. 
Me ber om rettferd for dei fattige og undretrykte. 
Me ber om eit godt utvikla utdanningssystem, rettsvesen og helsevesen.
Me ber om styrking av demokratiet. 
Me ber om respekt for menneskerettane. 
Me ber om eit produktivt næringsliv.
Me ber om gode avlingar. 
Me ber om ein rusfri befolkning.
Me ber om stabile heimar og gode oppvekstvilkår for barn og unge. 
Amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...