| Foto og tekst: joshuaproject.net |
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
| Foto og tekst: joshuaproject.net |
| Bilde og tekst: operationworld.org |
Gode Gud og Far! Me takkar deg for kyrkja i India, og den framgang som ditt rike har hatt i dette landet dei siste åra. No ber me, i Jesu namn, om at all den motstand dei truande møter ikkje skal skremma dei til togn. Fyll dei med Ande og kraft slik at dei forkynner med frimot midt i alle dei vanskane som styresmaktene legg i deira veg. Så ber me om at denne fråsegna som no er sendt til styresmaktene skal gjera så pass inntrykk av dei endrar kurs, og forstår at dei som demokratisk stat må vaka over menneskerettane om dei skal bli rekna med i det gode selskap.
Øyriket Tonga i stillehavet har vel 106000 innbyggjarar. 95% er kristne.
Landet har ein sterk kristen tradisjon, og kyrkjene sender stadig ut mange
misjonærar i alle retningar. Hovudstad er Nuku`alofa. Tonga er eit
konstitusjonelt monarki. Av 171 øyar bur det folk på 45 av dei.
| Foto: Kerry Olson |
Kotokoli er i hovudsak bønder som driv med husdyr og som dyrkar mange ulike vekstar. Tradisjonelt har dei også drive handel. Dei har sitt opphav i det som i dag er Burkina Faso, men flytta sørover på 1600-talet.
Kotokoli har dessutan ein framifrå musikalsk åre. Denne har resultert i mange og lange songar om gamle heltar som dei framfører både titt og ofte.
Kotokoli treng langtidsmisjonærar, både forkynnarar og folk med medisinsk kompetanse som kan gje hjelp til dei mange sjuke. Det er også trong for lærarar og hjelpearbeidarar av ulike slag.
Far i himmelen! Du lengtar etter at Kotokolifolket skal koma heim til deg, du som skapte dei og forma dei på så mange vis. Kall, inspirer og utrust kyrkja di i Togo og i andre land til misjonsinnsats retta mot dette folket. Aus Anden din ut over dei slik at dei ser sine synder, og forstår at dei må venda om til Jesus for å få evig liv og barnekår hos deg. Me ber om at det skal etablerast kristne skular som kan gje barna deira grunnopplæring og utdanning. Må dei sjuke i dette folket møta di lækjande kraft både gjennom forbøn og gjennom medisinsk hjelp. Må det bli grunnlagt ei sterk og levande kotokolikyrkje som er som ein lysande by på eit fjell, ein by som ikkje kan løynast. Herre Jesus! Du som byggjer di kyrkje, bygg kyrkja di også i dette folket. Amen!
Kjelde: joshuaproject.net
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...