onsdag 7. september 2022

Mosambik

 

Folketal: Vel 32 millionar fordelt på 62 folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Hovudstad: Maputo. 

46% er kristne (dei fleste katolske). 11% er evangeliske. Resten er animistar og muslimar. 

Etter at borgarkrigen enda i 1992 har landet utvikla seg i demokratisk retning. Evangeliet går fram med stormskritt, og dagleg blir det planta mange nye kyrkjelydar. Vekkinga i Mosambik vert driven fram av intens forkynning, stort hjelpearbeid og mange mirakler som skjer i Jesu namn. 

Be om at fridomen må vara ved, og at heile landet må bli disippelgjort. 

Når så mange kjem til tru kvar einaste dag som tilfelle er i Mosambik, er det eit desperat behov for gode kristne leiarar. Det er naturlegvis ei stor mangelvare.

Be om at alle nye kristne må bli godt grunnfesta og forsvarleg disippelgjort. 

Be om at Gud må utrusta hyrdar som kan undervisa kyrkjelydane i Guds ord, og som kan vera gode leiarar for flokkane. 

Be om at alt det gode arbeidet som vert gjort gjennom Trans World Radio også skal bera rik frukt.

Du kan lesa meir om alt dette på https://operationworld.org/prayer-calendar/09-07/#tab-more-1





tirsdag 6. september 2022

Vest Sahara

 


Vest-Sahara ligg sør for Marokko, og vest for Mauritania. Marokko okkuperte Vest-Sahara i 1979, og har annektert området, utan at verda elles har godkjent dette. Berre ein liten del av landet (som forøvrig er ufuktbar ørken) er sjølvstendig og blir kalla Den saharawadiske arabiske demokratiske republikk. Som Marokko er Vest Sahara eit fullstendig muslimsk land.

Gode Far! Du er den rette far for alle som bur i Vest Sahara. Men dei har ikkje den kunnskapen dei treng for å kunna finna deg. Me ber om at det skal gry ein ny dag i Vest Sahara, at evangeliet skal bli forkynt for alle i dette landet, at Jesus skal bli overmåte stor for dei, og at og du i henhold til Jesaja 52,10 syner din heilage arm for auga på alle folkeslag slik at heile jorda får sjå di frelse. Me ber i Jesus Kristi namn.

mandag 5. september 2022

Marokko

 

Bilde: CIA World Fact Book

Hovudstad: Rabat. Folketal: 37 mill. Folkegrupper: 31. Off.språk: Arabisk. Andre vanlege språk: Berbisk, fransk og engelsk. Totalt blir det snakka 10 språk. Religion: Islam (99,9%).. Kristne: 0,1%. Evangelisk kristne: 0,0%. 

På 700-talet invadert arabiske muslimar Marokko, og innførte islam med tvang. Før den tid budde berberane i landet. Dei var kristne, men adopterte fort den nye trua og tilpassa seg islam. I dag er marokkanarane stolte av sin muslimske bakgunn, dei er konservative, men ikkje valdelege, og dei prøver å stå imot trykket frå IS som prøver å få innflytelse i landet. 

  • Be om Marokko må halda fram med å vera eit fredeleg land utan krig og terror. 
  • Be om at Gud må velsigna landet med gode leiarar
  • Be om at dei få kristne i landet må finna saman i tette fellesskap som kan bli utgangspunkt for eit åndeleg storverk.
  • Be om at dei truande må halda seg nær til Gud, vera frimodige og fulle av nåde og kraft
  • Be om frelse for beduinane
  • Be om frelse for den vesle jødiske minoriteten
  • Det er mange marokkanarar som har emigrert til Europa. Be om at kyrkjene i Europa må forstå sitt ansvar og prøva å nå ut til dei med evangeliet.



torsdag 1. september 2022

Mauritania

 


Innbyggjartal: 4 557 110. Hovudstad: Nouakchott. 99,8% er muslimar. 0,2% er kristne. 73% er rekna som unådde. Store deler av landet er ørken. Landet er fattig, det er mangel på mat, og det er store utfordringar på alle nivå.

Å, Herre! Sjå i nåde til Mauritania. Rekk ut din mektige arm til frelse for nasjonen. Må folket få kjenna deg, Jesus, som sin Herre og frelsar og einaste vegen til himmelen. Du døydde for dei, for at dei skulle leva for deg. Løys dei ut frå djevelens makt i ditt namn, gje dei å venda om til deg. Gje dei tilgang til ditt ord, og skap ei sann tru i hjarto deira slik at dei kan lova og æra deg frå djupet av sitt hjarta. Amen!

Seks kristne dalitkvinner arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh

 


Dette melder nettstaden AsiaNews den 8. august 2022

Seks kristne kvinner er arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh for å ha forsøkt å tvangskonvertera hinduar til kristendomen. Det som skjedde var dette: I  fødselsdagsselskapet til sonen til Indra Kala (ei av kvinnene), var både kristne og hinduar inviterte. Då fødselsdagskaka skulle skjærast, løfta Indra Kala,  Subhagi Devi, Sadhana, Samata, Anita og  Sunita, som dei fem heiter, hendene sine mot himmelen og bad ei takkebøn til Jesus. Det var det som skulle til. Naboar som var vitne til kva som hende melde kvinnene til politiet, som straks tok saka. Huset var undersøkt, og politiet klarte å finna nokre kristne traktatar i som dei konfiskerte som «bevismateriale», sjølv om det ikkje på nokon måte er forbode å ha kristen litteratur i eit hus i India.  I denne staten, styrt av hindunasjonalistar, blir alle former for evangelisering kalla tvangskonvertering. Slik kan dei køyra rettsprosessar mot alle kristne som nemner Jesu namn. Ei av kvinnene er funksjonshemma, ei er enke med eineansvar for tre barn, melder AsiaNews. Det høyrer med til denne saka at dei fem kvinnene er dalitar, dvs kastelause menneske som står nedst på rangstigen. Dalitane er lette offer for dei som vil kristendomen til livs.

Herre! Me ber i dag i ditt namn for desse seks kvinnene at dei straks skal bli sette fri frå fangenskap, og at saka mot dei skal leggjast bort. Amen!

 

 

tirsdag 23. august 2022

Maldivane

 


Maldivane er ei lita muslimsk øygruppe, mest kjend for å vera ein turistdestinasjon i Det indiske hav. Det bur vel ein halv million menneske i landet, 99% av dei er muslimar, og all form for evangelisering og misjon er strengt forbode. Reultatet er skremmande. Gjengrelatert kriminalitet  er skyhøg, seksuell misbruk av barn er "normalt", likeeins misbruk av ulike rusmidlar. Bak ei muslimsk maske, driv innbyggjarane i stor grad på med okkulte aktivitetar. 

Far i himmelen! Me ber i dag om at du skal rekka ut din mektige arm til frelse for innbyggjarane på Maldivane. Set dei fri frå syndene som dominerar i liva deira, og frå alle dei demoniske maktene som står bak all stoltheten, frykten og den egoistiske jakta på kroppsleg nyting som pregar desse menneska. Må lyset frå evangeliet fløyma over denne øygruppa og gjennomlysa kvart menneske. Me ber til deg som har sagt at di frelse skal nå ut til endane av jorda. Amen! 

fredag 19. august 2022

Dagens nasjon II: Madagaskar

 



28 477 333 innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 20 språk. Offisielle språk er malagasy, fransk og engelsk. Hovudstad: Antananarivo

Madagaskar er eit rikt land der fleirtalet av menneska lever i djup fattigdom. Øya har mange unike plante og dyreartar, men mange, mange av desse er blitt utrydda dei siste åra pga ein totalt feilslått landbrukspolitikk der bøndene har hogd ned og brent store deler av den verdfulle regnskogen i aust. Det er ein av verdas store miljøkatastrofar. 

Be om at Herren på underfullt vis må attreisa regnskogen og dei unike økosystema i dette landet. 

Be om at Gud skal sjå i nåde til menneska i landet og fornya økonomien deira slik at det vert leveleg for alle. 

Madagaskar har gjennom dei siste 120 år opplevd enorme kristne vekkingar prega av profetisme, lækjedom og utdriving av vonde ånder. Det har vore ekstraordinert. Og dette har rulla og gått trass i heftig motstand frå heidenske hovdingar og frå fransk kolonimakt då denne sat med makta. Det siste vekkingsutbrotet var på 1980-talet. Sentral under vekkinga på 1960-talet var profetinna Nenilava. Eg var og høyrde henne tala i Trefoldighetskirken i Oslo vinteren 1974. Under besøket var ho også å besøkte kong Olav på slottet. 

Be om at Gud skal tenna elden på nytt, og at han skal brenna kontinuerleg til Jesus kjem att. Be om det mellom dei kristne skal dukka opp leiartypar som kan føra landet ut av den økonomiske og økologiske krisa i landet. 

Dei gamle heidenske religionane er sterke, og mektige ånder regjerer blant folk, og mange kristne klarar ikkje heilt å sleppa taket i det gamle, og då blir det synkretisme og åndeleg sjukdom og død. 

Be Gud om å reinsa kyrkja si i Madagaskar. 

Dei kristne er veldig splitta.

Be om einskap mellom kyrkjene og kyrkjelydane.

Befolkninga veks fort på Madagaskar, og det er mange barn og unge. Mellom anna Ungdom i Oppdrag har mykje arbeid som rettar seg mot denne gruppa. 

Be om at dei store barne og ungdomskulla må få høyra og ta imot evangeliet om Jesus Kristus. 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...