Folketal: Vel 32 millionar fordelt på 62 folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Hovudstad: Maputo.
46% er kristne (dei fleste katolske). 11% er evangeliske. Resten er animistar og muslimar.
Etter at borgarkrigen enda i 1992 har landet utvikla seg i demokratisk retning. Evangeliet går fram med stormskritt, og dagleg blir det planta mange nye kyrkjelydar. Vekkinga i Mosambik vert driven fram av intens forkynning, stort hjelpearbeid og mange mirakler som skjer i Jesu namn.
Be om at fridomen må vara ved, og at heile landet må bli disippelgjort.
Når så mange kjem til tru kvar einaste dag som tilfelle er i Mosambik, er det eit desperat behov for gode kristne leiarar. Det er naturlegvis ei stor mangelvare.
Be om at alle nye kristne må bli godt grunnfesta og forsvarleg disippelgjort.
Be om at Gud må utrusta hyrdar som kan undervisa kyrkjelydane i Guds ord, og som kan vera gode leiarar for flokkane.
Be om at alt det gode arbeidet som vert gjort gjennom Trans World Radio også skal bera rik frukt.
Du kan lesa meir om alt dette på https://operationworld.org/prayer-calendar/09-07/#tab-more-1
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar