fredag 16. desember 2011

Izarguien i Vest-Sahara

Dette muslimske folket, som lever i grenstraktene mellom Marokko og Vest Sahara, tel berre rundt 40 000 menneske, og dei snakkar  eit språk som heiter Hassaniyya.  Nokre av dei er nomadar, andre fastbuande. Det ingen kjende etterfølgjarar av Jesus i denne folkegruppa. Jesusfilmen er dubba til Hassaniya.

Saharaørkenen er ein lite kjekk plass å vera på for utanforståande, og Izarguiane er svært mistenksame overfor framande (Les meir om dei på joshuaproject.net)


Kjære Herre Jesus! Ein dag skal izarguienfolket samlast inn for deg. Eg ber om at du skal bana veg for ordet ditt inn til hjarto deira, og førebu folket vel for di frelse. Må ditt nærvær vera over dei og din godleik røra ved dei. Møt dei gjennom draumar og syner, oppmuntrar dei til å be, og gjer under mellom dei når dei ber til deg. Må ordet ditt bli omsett til hjartespråket deira, og motiver dei til å læra seg å lesa. Miskunna deg over dei, Herre, i ditt eige namn. Amen.

I dag ber me for Venezuela



Venezuela er eit land prega av enorm kriminalitet med eit valdsnivå heilt ut av kontroll, korrupsjon, narkostikamisbruk, seksuelt misbruka av barn og okkultisme, ting som heng saman. Denne nasjonen treng reinsing og lækjedom, og me må be om at Jesus intervenerer på ein sterk måte gjennom si kyrkje og frir folket frå satans makt og løftar dei opp av synd, fattigdom og elende, og at han gjev dei nye leiarar med forstand på nasjonsbyggjing, kvinner og menn med omsorg, omtanke og visjon for vanlege folk.

Sjå videoen og ta del i bøna.

torsdag 15. desember 2011

Kristen konvertitt dømt til seks års fengsel i Iran


19. november vart iranske Alireza Seyyedian (36) dømt til 6 års fengsel  for å ha ha teke kristen dåp, og for at dåpen føregjekk  i Tyrkia. Alireza vart kristen for 6 år sidan, og han er no dømt for å ha bakvaska og undergrava  den iranske nasjonen ved å døypa seg i utlandet. Ved å gjera det, har han svikta landet sitt ved å gje omverda eit inntrykk av at det ikkje er religionsfridom i landet!!! På iransk heiter dette ”propaganda mot regimet” og  ”handling mot nasjonal tryggleik”.

Seyyedian, som også leier for ei huskyrkje, vart først arrestert i 2010 og sett fri mot 50000USD i kausjon, og dei eigentlege grunnen til den strenge domen ligg nok i behovet for å setja han ut av spel.
Under rettssaka var Seyyedian heilt roleg og benekta korkje dåpen eller at film frå dåpen vart lagt ut på internett. Han benekta ingenting. 


Jesus, du som innstifta dåpen som ein dåp til din død, styrk Alireza Seyyedian i hans trengsel. Ver nær han i fengselscella og gje han del i krafta frå di oppstode når han no må smaka samfunnet med di liding. Amen

Vest-baluchane i Iran


Vest-baluchane tel  671 000 menneske, og lever heilt aust i Iran, i dei ugjesmilde grenseområda mot Pakistan og Afghanistan, det såkalla Baluchistan, som også breier seg langt inn i Pakistan. Totalt er det 1,1 millionar baluchar i verda. Dei er muslimar, snakkar vest-baluchisk. Mindre enn 1,1% er kristne. Dei er seminomadar og lever av dyra sine. Dei er svært isolerte, men kjende for å vera ærlege, gode og gjestfrie menneske som gjerne gjev ferdafolk ly når det trengst. Opprinneleg var dei truleg utøvarar av den gamaliranske zaratustra-religionen, ei trusretning som er levande i folkedjupet i Iran den dag i dag.
Deler av Bibelen er omsett til vestbaluchisk, Jesusfilmen er dubba og NT er innlest som lydfil. Mindre enn 1,1% av dei er kristne, om det er nokon i det heile (Kjelde: Joshuaproject.com)


Gode Gud, du som er den rette Far for alle menneskebarn i himmel og på jord, send dine bodberarar til vest-baluchane slik at dei kan få høyra at Messias, Frelsaren er fødd, og at dei ved tru på han kan få fred med deg og evig liv. Må du høyra bønene deira, løna dei for alle deira rettferdige gjerningar, løysa dei frå synd og skam og omskapa dei til eit folk som frydar seg i Jesus og har si gleda i å lovsynga hans namn og frelse.

onsdag 14. desember 2011

Nord-jemenittane


Det er 11 380 000 nord-jemenittar. Dei er heilt unådde. Nord-jemenittane snakkar sanaani-arabisk. Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket, ei heller Jesusfilmen eller lydbibelen.
Dei nord-jemenittiske mennene tygg dagleg det narkotiske stoffet kat, noko som sløvar dei ned og demoraliserer dei kraftig slik at dei misser evna og lysta til å ta ansvar for familiane sine. Mange blir valdelege og funksjonsudyktige samfunnsborgarar. Jemen har då også i årevis vore prega av borgarkrig.
Halvparten av den jemenittiske økonomi er knytt opp til kat.

Kjære Jesus! Det er lett for oss å utvikla forakt for folk som steller seg så dårleg som jemenittane. Men du elskar dei av hjarta og har store og gode planar for dei. Kongen over alle kongar, intervener med di makt, din rett, di kraft, di sanning og din godleik mellom nord-jemenittane. Hjelp dei til å ta eit oppgjer med rus og vondskap, og fri dei frå synd og tvang. Herre, kom til dei med ditt lys slik at dei ser ulikskapen mellom lys og mørkret, og vel lyset framfor mørkret, deg framfor djevelen. Send dine modige pionerar inn i Jemen, og ta vare på dei med di mektige hand. Amen.

fredag 25. november 2011

Tharufolket i Nepal

 

Dei vel 2 millionar tharuane er høflege og fredlege folk som i hovudsak lever i naturalhushald. Dei lagar tinga sine sjølve, og alltid på ein viss kunstferdig måte. Dei er animistar, og sjamanen har ein sentral plass i trua deira.
Ingenting av Bibelen er omsett til deira primære språk.
Det er nokre truande kristne tharuar, men dei har ein meir kulturell tilknytning til Jesus.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til tharufolket i Nepal, og lat dei få bli kjent med deg som frelsar og Herre. Takk at du har opna ein ny og levande veg for dei til Gud, og eg ber: Aus Anden din over dei slik at han kan syna dei den rette vegen. Send dine vitner til dei for å dela ditt ord med dei på deira eige språk, og hjelp tharuane å vera opne og mottakelege for evangeliet. Hjelp dei truande tharuane å vera sanne læresveinar som elskar deg, fyll dei med Andens kraft og utrust dei til å formidla ditt rike til sine eigne. Velsign dette folket med gode innhaustningar, fred, mange barn og gode heimar. Herre, miskunna deg over dei, amen!

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...