fredag 6. desember 2024

Norske kommunar. Idag: Tysnes i Vestland

 


Folketal: 2922.
Kommunesenter: Uggdal
Næring: Jordbruk, skogbruk, fiskeoppdrett, industri, tenesteyting, litt kraftproduksjon. Mange er pendlarar. 
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja (DNK) har fire kyrkjer i kommunen. Indremisjonen har 8 bedehus. Pinsekyrkja Filadelfia har eg ikkje funne noko informasjon om ut over at ho eksisterer. 
Kjelde: snl.no og kirken.no

Bøn:
Takk Gud for alle dine sanne barn i Tysnes. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Motiver dei ved den heilage Ande til å ta imot Jesus som Herre og frelsar.  Hald di vernande hand over familiane i kommunen, og fyll dei med varme og glede. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Tysnes kommune vel, i Jesu namn. Amen!



torsdag 5. desember 2024

Kristen konvertitt dømd til ti år i fengsel i Iran

 

Kristne i Iran. Foto: VOM

Toomaj Aryan-Ki, ein kristen konvertitt, er dømd til ti års fengsel i Iran. Han er dømt for "propaganda", samarbeid med Israel, UISA og Storbritannia, medlemskap i ei politisk motstandsgruppe. 

Toomaj har prøvd å anka dommen, men anken er blitt avvist. Toomaj vart først arrestert i oktober 2022. Då ransaka dei heimen hans og tok beslag i nokre biblar og personlege eigedeler. 

Me som har følgt med på kristendomens framgang i Iran dei siste åra er ikkje i tvil om at desse merkelege tiltalepunkta er oppdikta. Dei er stort sett like i alle saker mot kristne konvertittar. Og skulle noko vore sant, er alt han er dømd for  aktivitetar klårt innafor einkvar manns grunnleggjande menneskerettar. 

  • Be om at det må leggjast press på styresmaktene slik at Toomaj får prøva saka si på nytt, vinna fram og bli sett fri. 
  • Be om at han skal vera ved godt mot og bli styrkt i trua si
  • Be om at han skal få tilgang til Bibelen og kristne bøker
  • Be om at han skal få vera eit vitne for medfangar, fangevaktarar og dommarar
  • Be om at han skal bli beskytta mot tortur
  • Be om at han skal få nok næringsrik mat
Iran ligg på 9.plass på Åpne Dører sin forfølgingsindeks. 

Boyafolket i India

 


Dette folket tel i følgje joshuaproject.net 4 518 000 menneske. Dei er alle hinduar. Ikkje èin einaste kristen er registrert. Dei snakkar telugu. Dei er stort sett heimehøyrande i Andhra Pradesh. 

Boya har historiske røter attende til 500 før Kristus. Dei har tradisjonelt vore ein krigarkaste, men i våre dagar dyrkar dei jorda. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for Boya i India. Dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer Jesus for dei på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar eller ritualer, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter.  Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i heimane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at boyafolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk boyakyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!



tirsdag 3. desember 2024

Dagens bøn for kristne martyrar

 Tre kristne menn vart knivstukke av islamistar i Ashruba i øvre Egypt 5.november. Dei blir behandla på eit lokalt sjukehus. 

Hatet mot kristne er sterkt i dette området, og vår trussøsken lever i konstant spenning og angst for at fæle ting skal skje. 

Dei kristne i Ashuba er forresten kjende for sin rike og vakre song. 

Be om at dei skadde skal få helsa si tilbake, at dei kristne ikkje skal missa motet, og at evangeliet går fram trass i motstand også i øvre Egypt. 


Fitjar kommune i Vestland

 


Folketal: 3203. Kommunesenter: Fitjar. 

Næringsliv: Industri, jordbruk, kraftproduksjon (vind) og tenesteyting. 

Kyrkje og kristenliv: DNK har ein kyrkjelyd. Ved sida av kyrkja ligg Fitjar bedehus som er både stort og staseleg. Elles finn med pinsekyrkja Nytt Liv og ei ImF-forsamling i kommunen. Vekkingar kjem og går i Fitjar. Det er mykje tru i denne kommunen. 

På Fitjar fall kong Håkon den gode i 961 e.Kr., og Håkonarminnet står sentralt i bygda, avduka av kong Olav i 1961. 




Bohrafolket i India

 


Folketal: 1249000.

Religion: Islam (100,00%)

Språk: Gujarati

Lokalisering: Primært i Gujarat, heimstaten til Mahatma Ghandi. 

Dei er av arabisk opphav, og driv med handel.

Kjelde og bilete: joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Du er den rette far for Bohra i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt ord på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at bohrafolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk bohrakyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!


mandag 2. desember 2024

Bøn i forkant av ein skjebnedag

 I morgon vedtek Stortinget utviding av retten til sjølvbestemt abort fra veke 12 til veke 18. I tillegg blir tvillingabort tillate. Ein av følgjene av den nye lova er at barn kan bli drepne på bakgrunn av kjønn, men også på grunn av ei rekkje andre reelle eller potensielle framtidige sjukdomstilstandar barnet kan stå i fare for å få, opsjonar som kan testast i tida mellom 12 og 18 veker. I denne saka motarbeider Stortinget Gud. Det har dei folkevalde for så vidt gjort i mange tiår, men dette forverrar forholdet munaleg.

Gode Far! Eg må berre beklaga og be om orsaking for det som skal skje i morgon. Sjå i nåde til oss nordbuarar, og straff oss ikkje i din vreide. Me utvidar "retten" til å drepa dei du elskar. Det er veldig vondt å tenkja på at me er blitt sånn, at me frårøvar så mange retten til å bli fødde, bli døypte og leva lange og gode liv. Denne retten til drap har me teke oss til, me har han ikkje frå di hand. Du hatar det me held på med, og ein dag stiller du alle involverte til ansvar. Så blinde me er blitt i dette landet. Me behandlar dei små i mammas mage som om dei skulle vera svulstar som må fjernast. 

Gode Gud! Må denne uretten ta slutt. Må barnet i mors liv få fullt rettsvern frå det er unnfanga. Må livet igjen bli heilagt i dette landet, det ber me om i Jesu namn. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...