mandag 12. desember 2016

USA 3

  • Det har vakse fram tusenvis av asiatiske minoritetskyrkjer i USA dei siste åra. m.a. 4000 koreanske, 1000 kinesiske, mange filippinske (dei veks snøggast), vietnamesiske og iranske. Be om at det veks fram ein einskap mellom kyrkjene som er heva over rase og nasjonalitet, at dei blir djupt berørt av Guds Ande, og har fokus på Jesus og misjon.
  • Store immigrantgrupper må reknast som heilt unådde. Be om at dei skal få menighetens fokus  og bli disippelgjort.
  • Det er 5,2 millionar jødar i USA. 250 000 av dei er messianske. Dei samlast gjerne i eigne messianske synagoger. Be om at alle jødar skal forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud ved lovgjerningar, men berre ved tru på Guds Son.
  • Talet på muslimar er uvisst. Kanskje så mange som 7 millionar, og det aukar gjennom innvandring. Be om at lyset frå Jesus også skal nå fram til desse menneska.
  • Det er 5,5 millionar frå Sør-Asia. Dei velutdanna og er komne for å jobba og tena pengar, muslimar, hinduar og sikhar er i fleirtal. Nesten ingen av dei har den minske kjennskap til evangeliet. Be om at dei skal bli møtt av den levande Gud og fridd ut frå djevelens makt. Be om at det blir etablert vitale kyrkjer som kan nå inn til desse menneska med Guds ord og Guds kraft. 
  • Be også om at dei store kontingentane med mormonarar og Jehovas vitner skal måtta bøya seg for Jesu guddomsmakt, og bli sett fri frå alle djevelske løgner som styrer liva og tankane deira. 
  • Tradisjonelt er kristendomen blitt identifisert som noko som tilhøyrer kvite middelklassemenneske. Be om at Jesus sprenger alle slike menneskelaga grenser for Guds kjærleik. 
  • YWAM, OM og International House of Prayer har spelt, og spelar, ei sentral rolle i verdsmisjonen. Be om framgang og framtid for desse, og mange andre organisasjonar som balar med det same.

USA 2

  • Mange kyrkjer i USA treng, trass i mange kvalitetar, vekkjing og reorientering. Amerikanarane blandet bibelsk kristendom med ein ekstrem individualisme, kjærleik til pengar, felksibel moral og nasjonalisme. Dette produserer ein kristendom som rettferdiggjer egoisme, umoral og arroganse. Kristne lever ofte som ikkje-kristne vedrørande ekteskap og skilsmål, seksuell umoral og haldningar til det å eiga mykje (havesjuke). Be om at kristne må bli tekne til sides, og bli gjennomlyst av Guds ord og Guds ånd, og at kyrkja må returnera til ein heilag levemåte, slik at ingen støytest bort frå Kristus pga kristnes mangel kristen integritet.
  • Be også mot den store tendensen til oppsplitting av kyrkja i stadig mindre eingingar. Kyrkjene diskuterer mange spørsmål seg i mellom, både dogmatiske og etiske, men ser ut til å oversjå det viktigaste av alle spørsmål: korleis kan me saman på ein effektiv måte bringa evangeliet om Jesus til dei som ikkje kjenner han. Be om at dette må bli hovudfokus for alle kyrkjer i USA.
  • Be om at det skal vera ei sterk misjonal kyrkje innan kvar av dei mange etniske minoritetane i landet. 
  • Det er 38 millionar afroamerikanarar i USA. Enno slit dei med skadeverknadane av tida dei var slavar på bomullsplantasjane i sør, og dei vert framleis utsette for rasediskriminering. Trass i stor framgang, ligg mange svarte framleis under for fattigdom, rus, arbeidsløyse, vald, kriminalitet og familieoppløysing. Svarte fylle amerikanske fengsel, og dei vert lett arresterte, og den siste tida har me sett at politiet lett skyt unge svarte menn til døde. Be om at dei svarte sin status og deira menneskeverd skal bli attreist i heile det amerikanske samfunnet.
  • Likevel er mange av dei største og mest vitale kyrkjene i USA svarte. Be om at dei skal vera i stand til tena befolkninga på ein adekvat måte. 
  • Dei spansktalande er den største av minoritetsgruppene. Mange av dei har konvertert frå katolisisme til evangelisk kristendom. Be om at 50 millionar spansktalande skal få eit gjennomgripande møte med Jesus Kristus, utvikla ei aktiv tru og gjort til sanne disiplar av Jesus.
  • Det var 20 millionar indianarar i Nord-Amerika då den kvite mann kom til kontinentet. No er det 250 000 att. fordelt på 550 stammer Det har vore eit folkemord. Ikkje mindre. Av desse 250 000 er det berre 5% som følgjer Jesus. Mange av dei søkjer attende til indianske religionar. Men be om at alle desse 550 stammene må få møta Jesus som deira spesielle Gud som talar deira språk. Gud har reist opp nokre indianarar til bøn for sine.Be om at denne bønerørsla veks, blir godt kjent og at ho må veksa seg sterk.

søndag 11. desember 2016

25 koptiske kristne drepne i bombeåtak mot Markuskatedralen i Kairo i dag

Dette er det verste enkeltanslaget om koptiske kristne i moderne tid. Etter president Morsis og Det muslimske brorsskaps fall, har presset mot den egyptiske kristne minoriteten auka kraftig på, og det ser ikkje ut til å politiet har vilje til å gje dei effektivt vern. Våre kristne søsken i Egypt treng vår forbøn.

Herre Jesus! I dag ber me om trøyst og styrke for dine forfølgde barn i Egypt, og særleg for dei som i dag har mista sine kjære. Gje dei ditt sterke nærvær akkurat i desse timane som dei er inne i no. Vekk ditt folk verda over til å be for Egypts kristne, og gråta med dei. Gode Gud! Dei koptiske kristne hungrar og tørstar etter rettferd. Må dei bli metta. Dei sørgjer. Må dei bli trøysta. Me ber i Jesu namn. Amen!

torsdag 8. desember 2016

Fengsla algirsk kristen møter alvorlege trugsmål frå medfangar

Slimane Bouhafs vart fengsla 31 juli 2016 for, etter det som er blitt sagt,  å ha karakterisert islam som ei lygn.

Slimane har i lang tid arbeidd aktivt for auka menneskerettar i Algerie, og det er nok grunnen til styresmaktene ville ha han bort frå det offentlege livet.

No har han teke til motmæle i fengslet mot ein imam som har fornærma kristne og den kristne trua etter alle kunstens reglar, og dette har resultert i mange trugsmål retta mot Slimane og situasjonen er farleg for han no.
  • Be om at Gud vernar han mot overgrep.
  • Be om at han skal vera ved godt mot, og ha glede i Gud midt i trengslene
  • Be om at han må gjera så sterkt inntrykk på medfangar og fangevaktarar at dei vender om til Jesus og blir frelst frå syndene sine. 
Kjelde: Martyrenes røst og World Watch Monitor

USA, del 1

USA er verdas tredje største land både i flatemål og folketal, og utan samanlikning verdas mest innflytelsesrike nasjon. Det bur meir enn 340 millionar menneske i landet, og immigrasjonsraten er svært høg. Ein reknar med at det er over 11 millonar papirlause innvandrarar der. Desse blir gjerne utnytta som billig arbeidskraft, og er heilt naudsynte for å halda mange hjul i gang.
USA er ein etnisk smeltedigel, og har vore det sidan "dei kvite" kom dit for 400 år sidan. Landet vart i stor grad bygt opp av dissidentar som vart forfølgde i Europa:  puritanarar, kalvinistar, baptistar, kvekarar og kongregasjonalistar. Dette er bakgrunnen for at dei første menneskerettane med vekt på individet sine rettar til å meina, tru, seia og skriva det ein måtte ynskja vart knesett av den første amerikanske kongressen i 1776.

  • Takk Gud for USA, og be om at landet også i framtida skal ta vare på individet sine grunneleggjane og sjølvinnlysande rettar. 
  • Be om at dei mange, mange papirlause immigrantane må få sjansen til å bli registrerte borgarar i landet, og at dei skal få anstendige løner, slik Guds ord seier at dei skal ha.

Den amerikanske økonomien er den største i verda og motoren i verdsøkonomien.  Men rikdomen er svært ulikt fordelt. Det meste av det som er av verdiar skal vera eigd av ein søkkrik liten elite. Denne tendensen vil på sikt utarma økonomien fordi kjøpekrafta blant vanlege folk blir så liten.

  • Be om at det må gå USA godt også på det økonomiske området, at den nye Trumpadministrasjonen skal verka positivt på produksjonen, og at det skal bli heilt andre fordelingsnøklar enn tilfelle er i dag.
78% av amerikanarane har ein kristen identitet. 29% er i den evangelikale leiren, 20% i den karismatiske, 7% er pentekostale. Alle desse veks for tida, men dei karismatiske mest. Ikkje i noko anna land i verda har kristendomen hatt så stor formande betydning som i USA.

USA hadde i 2010  93500 misjonærar i andre land, og er på topp i verda i så måte.

  • USA har ein rik kristen arv. Det er grunn til å takka Gud for alt det denne betyr for kristne i USA og for kristne verda over. Mange verdsvide vekkjingsrørsler har starta i USA (pinserørsladen,  karismatiske vekkinga, den tredje bølgja og 24/7 bøneteneste). Dei er gjerne holistiske og kreative i sitt uttrykk, og legg vekt på bøn, bibelundervisning, lovsong, barmhjertighet, disippelskap og kyrkjeplanting. 
  • Takk Gud for Billy Graham som har talt evangeliet for 200 millionar menneske verda over, og som tok initiativet til den første Lausannekonferansen for verdsevangelisering  i 1974. Lausannepakta aksellererte den evangeliske misjonsinnsatsen enormt. Det var eit før og eit etter i verdsmisjonen. 
  • Takk Gud også for AD2000 and Beyond, som har sett eit sterkt fokus på verdas mange unådde folkeslag.
  • Kvart år kjem det ut tusenvis av kristne bøker frå kristne amerikanske forfattarar som inspirerer og påverkar kristne i alle land. Mange av oss er djupt takksame for dette. 
  • Be om at Den Heilage Ande framleis må ha eit sterkt nedslagsfelt i USA, til velsigning for alle oss andre.
  • USA er desidert leiande innan bibelsk teologi og teologisk utdanning, med ein rik litteratur som ikkje er å finna i noko anna land.
  • Takk Gud også for den massive misjonsinnsatsen amerikanske kristne har ytt og framleis yt verda over. Utan denne ville kloden sett heilt annleis ut i dag. 
  • Men også i USA er det ein aukande tendens til unge menneske snur Gud og kristendomen ryggen. Be om at denne tendensen skal snu, at kyrkjene finn eit uttrykk som kommuniserer evangelie til den komande generasjonen på ein effektiv måte. 
  • Be også om at misjonstrykket nellom dei truande i USA vert halde ved like, og at det aukar i kraft i åra som ligg framom.
  • Mange kristne kjempar mot store samfunnsvonder som narkotikamisbruk, promiskuitet, pornografi, prostitusjon, kriminalitet, abort, seksuelle overgrep og misbruk av barn. Dei jobbar også for å bekjempa strukturelle synder som fører til djup fattigdom. Be om at dei skal ha Gud i ryggen i dette arbeidet, og at dei skal ha effektivt åndeleg vern når dei utfordrar dei mørke maktene som styrer destruktiviteten.

Arabarar i Libya

Det er 1 781000 arbarar i Libya. 98,1% av dei muslimar, 1,9% er kristne (0,2% evangeliske). Språk: Arabisk. Dei bur i dag i eit djupt splitta og borgarkrigsråka land. Store oljerikdomar vart oppdaga i 1950, og olja gjorde libyarane velståande. Mohammar-al-Ghadaffi styrte landet diktatorisk frå 1969 til 2011, då han vart drepen. Etter det har alt vore kaotisk, og det har runne mykje blod. Mellom anna kontrollerer  ISIL store deler av landet i aust. Libya har til dei grader behov for Fredsfyrsten.

Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Stopp i Jesu namn djevelens herjingar med arabarane i Libya. Ta makta frå dei vonde, og velsign landet med gode leiarar som let seg påverka av din Heilage Ande. Styrk dei kristne arabarane i trua, fyll dei med kraft frå det høge og gjer dei til standhaftige og effektive vitner om Jesu oppstode. Gjer dei uredde og hjelp dei å halda saman i tette fellesskap som demonstrerer Guds kjærleik for muslimane. Miskunna deg over Libya. Amen! 

 Arab, Libyan in Libya

tirsdag 6. desember 2016

Storbritannia

Storbritannia (GB) består av England, Skottland, Wales, Isle of Man og Jersy (Kanaløyane). Folketalet er godt og vel 65 millionar. 83,8% bur i England. 8,4% i Skottland, 4,9% i Wales og 2,9% i Nord-Irland.
Språk er engelsk. 60 000 i Skottland snakkar keltisk (gælisk), og i Wales er walisisk offisielt språk ved sida av engelsk.  6,3% av befolkninga i GB har asiatisk opphav, 1,9% kjem frå Midt-Austen, 1,4% er etterkomarar etter afrikanske slavar i Karibieb, 0,8% er afrikanarar frå Afrika.

England er ein høgt utdanna nasjon som gjennom historia har prega verdsutviklinga meir enn noko anna nasjon i verda. Gjennom kolonivelde på 1800 og 1900-talet, vart engelsk gjort til verdas fremste kommunikasjonsspråk. 1,4 milliardar av verdas menneske meistrar engelsk i dag.

Det er totalt 15 innfødde engelske sprråk i GB, og i tillegg 200 immigrantspråk i aktiv bruk.
Bibelen er omsett til fem språk. I tillegg er det tre NT-språk og det blir arbeidd med å omsetja Bibelen til enno to språk.

Økonomi: GB er inne i ei postindustriell tid der handel og service er dei viktigaste næringsvegane. GB er verdas femte største økonomi. Etter folkerøystinga er GB på veg ut av EU, som dei har vore medlemmer av sidan midten på 1960-talet.

GB er eit parlamentarisk monarki.

GB har vore ein kristen nasjon i langt over tusen år. Den moderne protestantiske misjonsrørsla starta med den engelske baptisten William Carey, og landet si betydning for verdsmisjonen kan knapt overvurderast. Den er enorm. Metodistvekkjinga med John og Charles Wesley på 1700-talet vert rekna som ei av historias aller største og mest betydningsfulle vekkjingar.

Konflikten mellom protestantar og katolikkar har vore eit ope og blødande sår i nasjonen heilt til vår tid. No ser det ut til at Gud slepp til med sin lækjedom.

Men i dag er landa inne i ei postkristen tid der sekularismen overtek meir og meir av folks tru og tanke. 60% bekjenner kristen tru, dei fleste anglikanske, medan 35% er ikkje religiøse. Det er i dag 2 millionar muslimar i GB. Av dei kristne trussamfunna, er det dei pentekostale som har ein viss vekst, og veksten føregår i hovudsak i mellom immigrantar.

  • Be om at Gud reinsar og reiser opp kyrkja si i GB til å bli ein tenleg reidskap for evangeliet. 
  • Be om at kyrkja i GB skal bli velsigna med tydelege, varme, kloke og kraftfulle leiarar.
  • Be om sann einskap mellom kyrkjene i GB.
  • Be om at kunnskapen om Guds herlegdom skal dekka heile landet, og at dei sekulære skal bli overvelda av Gud.
  • Be om at kyrkjene skal fyllast av folk som søkjer Gud, og som lovar og prisar han for hans godleik, stordom og frelse i Jesus Kristus 
  • Be om full forsoning mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland, og at Gud i sin nåde vernar Belfast.
  • Be om kristen vekking i dei muslimske miljøa. 
  • Be om at dei ekstremistiske miljøa blir løyst opp
  • GB er ille plaga av omfattande valdskriminalitet, alkohol og narkotikamisbruk, prostitusjon, seksuell normløyse,   kjønnssjukdomar, spelegalskap, spelegjeld, høge aborttal,  og samanbrot i familiestrukturane, Be om at djevelens planar med nasjonen blir forpurra, at britane vender om til Gud og blir åndeleg revitalisert, til velsigning for heile verda. 
  • Be om at ja til livet-rørsla skal breia om seg og at ufødde barn skal få reelt rettsvern.
  • Be om at evangeliet skal få innflytelse i alle samfunnslag, også i parlamentet, og prega lovgjevinga i landet. 
  • Be om at banda til EU skal løysast lett og smertefritt, og at gode avtalar skal etablerast mellom GB og EU.
  • Be om at kongehuset skal stå fram med ein klår kristen profil også etter dronning Elisabeth si tid.
  • Be om Guds signing over dronning Elisabeth
  • Be om at GB skal bli velsigna med eit sterkt og klokt leiarskap, prega av klåre kristne verdiar.
  • Be om at landet også skal bli velsigna på det økonomiske området.


Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...