mandag 30. mars 2015

Kristen indisk enke investerte livet sitt i himmelriket før Herren brått tok henne heim til seg


Vani vart 31 år. Etter henne lever ei åtte år gamal dotter. Vani sat 15 dagar i fengsel for 10 månader sidan for å ha "kidnappa og tvinga" eit barn til å bli kristen. Ho hadde teke seg av ein tenåring som hadde det vanskeleg og introdusert denne jenta til for andre kristne. Men okke som. Vani brukte tida i fengselet godt. Ho vitna med stor iver om Jesus for dei innsette, og 14 av dei kom til tru, samt ein fangevaktar. Nyleg døydde Vani brått av hjerteinfarkt. Herren tok henne heim midt i livet. Kjelde: persecution.net

Gode Far! Takk for den inspirasjon det er for oss og for mange, mange andre å lesa om Vani sitt sjølvoppofrande liv for deg. Må det lyset ho sende ut leva i minnet til mange i lang, lang tid og inspirera oss til å vitna om Jesus for våre medmenneske. Må gode mennske ta seg av dottera hennar. Legg salve på hjartesåra hennar, og trøyst ho slik berre du kan gjera det, du som er hennar evige Far. Må minnet etter mora gjera henne sterk, og hjelp jenta å gå i mora sine fotspor. Amen

Mrufolket i Bangladesh


Me finn dette folket i grenseområdet der India, Bangladesh og Myanmar møtest. Dette er eit buddhistisk folk som i Bangladesh tel 32000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk, som også er kalla mru. Det nye testamentet er tilgjengeleg påp mru i tekst og lyd, samt Jesusfilmen. Mru er eit isolert folk. Det er mange restriksjonar på ferdsel i det ekstremt kjenslevare området dei bur i. Dei er svært fattige og har eit lågt utdanningsnivå, noko som hindrar dei i å utnytta dei rike naturressursane i området sitt. Analfabetismen er høg, og evangeliet treng å koma til dei i munnleg form. Trass i at dei er buddhistar, dyrkar dei mange gudar, inkludert høgguden Torai som etter deira oppfatning har bestemt at dei skal leva i fattidom og små kår. Dei er fanga i ei destruktiv lagnadstru.

Herre Jesus! Me ber om frelse for mrufolket i India. Send dine tenarar for å leita dei opp, lære språket deira og dela evangeliet med dei på ein spennande og fengande måte. Løft dei ut av synda, fattigdomen og passiviteten, og løys dei frå alle vrangførestellingar som religionen har lenka dei fast til, og gje dei ein sterk interesse for å læra seg lesekunsten, og gje dei leiarar som oppmuntrar til dette, og som går inn for å etablerer skular på alle nivå.   Grunnlegg så ei sterk og ekspanderande mrukyrkje som kan utprega seg med godleik, reinleik, og himmelsk kraft. Amen! 


søndag 29. mars 2015

Auka press mot evangelisk kristne på Krim



Det er no eitt år sidan Russland annekterte Krimhalvøya og gjorde henne til ein del av det store russiske riket. I laupet av dette året er trusfridomen komen under sterkt press, særleg er evangeliske kristne utsette. Nokre er til og med, under påskot av at dei skal vera vestlege spionar, ha blitt drepne av dei russiskvenlege seperatistane.
Etter at russarane okkuperte og tok kontrollen  over Krim, har alle kyrkjelydar fått beskjed om at dei må registrera seg på nytt, og ukrainske kyrkjer har fått klår melding om at dei ikkje har rett til å opphalda seg og utøva teneste på Krim.
Kjelde: persecution.net


Kjære Herre Jesus! Det er mange som reiser seg mot deg i verda, mange som bråkar og larmar. Men du berre ler av dei, for du er den store sigerherren som kjem til å leggja alle dine fiendar til skammel for dine føter. Det gjeld også Vladimir Putin og alle hans medsamansvorne. Så må du styrka og hjelpa dei ukrainske kristne på Krim, og særleg dei evangeliske, verna dei mot vondskapen som rasar mot dei og gje dei forbløffande framgang midt i trengslene som dei no står overfor. Amen!

Dagens unådde: Abdulfolket i India



Abdul 
 Dette vesle folket tel berre 32000 menneske og lever nord i India. Dei lever av tigging, musisering og noko handverk (dei lagar hestesko og lærpiskar til driving av husdyr). Ein stor prosent av dei er analfabetar. Det gjeld særleg kvinnene. Abdulfolket er sunnimuslimar. Dei er vanskelege å nå sidane dei lever ganske spreidd frå kvarandre.  Språket deira er urdu, og heile Bibelen og mykje kristen litteratur er å få tak i på dette språket som er Pakistans nasjonalspråk. 

Kjære Herre Jesus! Me ber i dag for abdulfolket i India, at du skal sjå i nåde til dei, senda dine vitne til dei, ausa Anden ut over dei, gjera deg tydeleg for dei, avsløra syndene deira, vekka i dei trong etter  tilgjeving, frelse  og fred med deg. Gjer dei svoltne etter ordet ditt, gje dei forståing for kor viktig det er å kunna lesa, også for kvinner og jenter, og løys dei gjennom evangeliet frå dødens og djevelens makt. Tal til dei gjennom overnaturlege fenomen som draumar og syner og gjennom ei kyrkje som lever i krafta frå Den heilage ande. Amen!

Abdul in India


torsdag 19. mars 2015

Dazafolket, ein del av tubufolket i Niger


I Niger tel dazafolket 67000 menneske. Omlag 400 000 lever i Chad. Dei er svært grunnfesta og avgjorde muslimar, sjølv om dei også praktiserer nokre animistiske ritualer. Dei snakkar dazaga, og deler av Bibelen er omsett til dette språket. Dei er bønder og kvegeigarar, men fattige.

Kjære Gud, du som er den rette Far for alle barn i himmel og på jord, du vår kjære skapar! Kall dasafolkett omvending og tru. Gje dei hunger etter ordet ditt, og må dei delane dei har fått på eige språk bli svært etterspurde i folket. Overtyd dei om din kjærleik og om Jesu frelse, og lat dei få koma og leggja ned syndene sine ved foten av Jesu kross. Velsign folket. Gje dei regn i rett tid, gode avlingar og livskraftige husdyr, og hjelp dei å sjå på framgangen som ei Kristi velsigning.

17 kristne drepne i bombeåtak mot to kyrkjer i Lahore, Pakistan

17 kristne vart drepne og 80 stygt skada som eit resultat av islamistisk (pakistansk taliban) terror mot ei katolsk og ei protestantisk kyrkje i Lahore søndag 15. mars. I samband med gudstenestefeiring sprengde to sjølvmordsbombarar seg sjølve i lufta og tok altså mange truande med seg i døden. Dette er førebels det siste åtaket av mange mot kristne i dette området av Pakistan.




Kjære Herre Jesus! Takk at våre søsken trufast samlar seg til gudsteneste i Pakistan trass i alle trugsmål som vert retta mot dei. Me ber enno ein gong om at frykten ikkje skal ta overhand i liva deira, og at du fyller dei med den kjærleiken som driv frykten ut. Gjer dei enkle som duer og kloke som slangar. Så ber me om at du tek kontroll over islamistane og stansar dei i deira ville ferd mot nye øydeleggingar og den evige fortapinga. Frels sjelene deira i ditt eige namn. Send ei massiv kristen vekking over Pakistaan, og forvandla landet med din Ande. Ver med og trøysta alle som mista ein eller fleire av sine kjære på søndag, og me ber om at du skal berga liva til alle som er hardt såra etter åtaket. Amen!

lørdag 7. mars 2015

Bøn 18. dag i faste.

"Me ber i dag for alle som fryktar din vreide og tvilar på din kjærleik, for dei som gøymer seg for deg i staden for å søka deg, for dei tørstar etter å kjenna deg, men som er redde for det ukjende. Må evangeliet om din nåde i Jesus Kristus bli dei til del, slik at dei forstår at din vreide over deira synder råka Jesus på krossen. Dra dei til livsens kjelder, og må denne dagen bli ein frelsens dag i deira liv. Må du bli lika fornyande og forfriskande for dei som eit glas kaldt og klårt vatn er for ein som er tørst. Og når frykten blir til glede, styrk dei til ope å synga din pris! Amen!

Må dei gode nyheitene om di livsforvandlande kraft skylla over familiar og venskap i denne byen. Må dei som nyleg er blitt forvandla gjennom evangeliet gå ope ut med trua si.  Gje mot til dei som har kjent deg i årevis enno ein gong å fortelja sin historie. Me har all grunn til å tru at du vil gjera store ting. Og midt i alle mirakler, må din nåde bli overmåte stor for oss. Må din kjærleik bli spektakulær. For riket er ditt, og makta og æra. Amen"

kjelde: "God in the city"-appen

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...