"Me ber i dag for alle som fryktar din vreide og tvilar på din kjærleik, for dei som gøymer seg for deg i staden for å søka deg, for dei tørstar etter å kjenna deg, men som er redde for det ukjende. Må evangeliet om din nåde i Jesus Kristus bli dei til del, slik at dei forstår at din vreide over deira synder råka Jesus på krossen. Dra dei til livsens kjelder, og må denne dagen bli ein frelsens dag i deira liv. Må du bli lika fornyande og forfriskande for dei som eit glas kaldt og klårt vatn er for ein som er tørst. Og når frykten blir til glede, styrk dei til ope å synga din pris! Amen!
Må dei gode nyheitene om di livsforvandlande kraft skylla over familiar og venskap i denne byen. Må dei som nyleg er blitt forvandla gjennom evangeliet gå ope ut med trua si. Gje mot til dei som har kjent deg i årevis enno ein gong å fortelja sin historie. Me har all grunn til å tru at du vil gjera store ting. Og midt i alle mirakler, må din nåde bli overmåte stor for oss. Må din kjærleik bli spektakulær. For riket er ditt, og makta og æra. Amen"
kjelde: "God in the city"-appen
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar