Etter
at russarane okkuperte og tok kontrollen over Krim, har alle kyrkjelydar fått
beskjed om at dei må registrera seg på nytt, og ukrainske kyrkjer har fått klår
melding om at dei ikkje har rett til å opphalda seg og utøva teneste på Krim.
Kjelde: persecution.net
Kjelde: persecution.net
Kjære Herre Jesus! Det er mange som reiser
seg mot deg i verda, mange som bråkar og larmar. Men du berre ler av dei, for
du er den store sigerherren som kjem til å leggja alle dine fiendar til skammel
for dine føter. Det gjeld også Vladimir Putin og alle hans medsamansvorne. Så
må du styrka og hjelpa dei ukrainske kristne på Krim, og særleg dei
evangeliske, verna dei mot vondskapen som rasar mot dei og gje dei forbløffande
framgang midt i trengslene som dei no står overfor. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar