fredag 24. mai 2013

Den Sentralafrikanske Republikk


Photo: Flickr / hdptcar

Kjære gode far!
Me ber om styrke og vern for alle dine barn i Den Sentralafrikanske Republikken. Stopp fienden i hans plan om å reinsa nasjonen for kristne. Gjer dine barn i landet modige og kloke, og lat riket ditt gå fram  midt i forfølging og smerte. Må det enno ein gong bli slik at "martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn." Må alle som står bak vondskapen møta Jesus i dei trufaste kristne, og må elden dei kristne no er inne i reinsa og foredla dei i hjarte og sinn. Herre Jesus, lat det syna seg at du som bur i dei er sterkare enn han som bur i verda. Amen!

fredag 29. mars 2013

Dagens unådde: Vakkaliga, India


Folketal 5 576 000
Religion: Hinduisme
Språk: Kannada
Bibelen tilgjengeleg.
Vakkalagafolket er bufaste. Dei driv med husdyr og hagebruk.


Kjære Jesus! Me ber om at indiske kristne skal starta intensiv outreach for å nå vakkaligafolket med evangeliet. Kom til dei med Den heilage ande og mjuk opp hjarto deira for din kjærleik og nåde. Gje dei draumar og syner der dei kan møta Jesus som Skapar og Gud. Må kyrkja di veksa fram i dette folket og vera eit lys i mørkret for dei, og gjer vakkaligafolket sjølv til eit lys for andre folk. Amen. 

søndag 24. mars 2013

Hajam, Pakistan




Folketal: 1,9 million
Totalt i verda: 4,1 million
Religion: Islam
Bibel: NT
Språk: Vest-punjabi
Ingen lydbibel
Jesusfilmen tilgjengeleg
Ingen kristne. Uevangelisert.

Kjelde: joshuaproject.net

Gode Gud og Frelsar! Må ditt ord og din Ande nå Hajamfolket på ein slik måte at evangeliet blir kommunisert til dei på ein truverdig og relevant måte. Lat dette folket blir gripen av deg, Jesus, og koma til tru på deg som Guds lam som bar bort syndene deira èin gong for alle då du døydde  på krossen. Må di kyrkje bli etablert i dette folket og vera eit sterkt lys som opplyser heile folket. Lat  ordet bli forkynt kraftfullt og livsforvandlande mellom dei, og kom nær til dei og læk dei sjuke og attreis dei som har segna under livsbøra. 



Kambodsja



Areal: 181 000 kv.km.
Foketal: vel 15 million.
Kristne: 471000
Evangelikale: 240 000

Etter folkemordet mellom 1976-1979 var det nesten ingen kristne att i landet. Men no er dei å finna i alle provinsar, og framgangen for Guds rike er massiv med ein årleg vekst for kyrkjelyden på over 8%.

Be om:
  • at fridomen til å forkynna evangeliet skal halda fram.
  • lækjedom for all den smerte og sorg som folkemordet påførte folket
  • medviten disippelgjerning av barn og unge
  • oppfylling av visjonen om å sjå minst èin kyrkjelyd planta i kvar landsby innan 2021
  • slutt på korrupsjon i samfunnet
  • modne kristne leiarar
  • slutt på prostitusjon og seksuell utnytting av barn
  • slutt på grådigheit og undertrykking
  • suksess for bibelskulane, og om kvalitet i undervisninga
  • vern og utrustning for pastorar
  • einskap mellom kristne
Kjelde: operationworld.com


lørdag 23. mars 2013

Lao Phuan-folket, Laos


 

Det er 131 000 Lao Phuan i Laos. Totalt i verda: 341 000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk phuan, som enno ikkje er eit bibelspråk, og folket er blant dei  heilt unådde. 

Lao Phuan har sterke familieband og barnerike familiar.

Dei er buddhistar som tradisjonelt har vanskar med å forstå at dei er fortapte syndarar som aldri kan oppnå rettferd innfor Gud.

Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! I dag ber me om at ditt ord og di frelse skal bli  Lao Phuanfolket i Laos til del. Må di kyrkje ta det ansvaret som trengst for at dette folket skal få del i den arven som du har tildelt dei i evangeliet. Gje dei Andens lys til å forstå at dei er fortapte syndarar som treng ein frelsar av ditt format. Kall di kyrkje til å be også for dette folket. Amen! 


Nye åtak mot kristne i Nord-Nigeria


 

Situasjonen er svært spent i Nigeria etter et bombeangrep mot en buss i byen Kano sist mandag, hvor flere titalls mennesker døde.

Angrepet skjedde ved et travelt trafikk-knutepunkt i Sabon Gari-området, et hovedsakelig kristent område i byen Kano, nord i Nigeria. En bil med en bombe kjørte i stor fart rett inn bussen som var full av passasjerer. Den kraftige eksplosjonen medførte at også andre busser tok fyr. De fleste av ofrene var sannsynligvis fra den overveiende krist
ne igbo-stammen, som gjentatte ganger har vært mål for religiøst motivert vold. Politiet tror to medlemmer av den militante, islamistiske Boko Haram-gruppen utførte selvmordsangrep. 

For bare en måned siden ble seksten kristne drept i to andre delstater nord i Nigeria. Den 21. februar ble ti personer, alle fra samme familie, brutalt skutt ned eller drept med store kniver i nærheten av byen Jos i delstaten Plateau. Blant de drepte var seks barn. To dager etterpå ble seks personer, blant dem en seks måneder gammel baby og hennes mor, skutt og drept av bevæpnede angripere i delstaten Kaduna.

De to angrepene i februar skjedde uten forvarsel, utført av tungt bevæpnede menn. Det er ikke brakt på det rene hvem gjerningsmennene var, men angrepene bærer preg av å ha blitt utført av islamister. I begge tilfellene var spesialstyrker til stede i området, som skulle forhindre at slike angrep fant sted, men de grep ikke inn. Noen tror soldater fra spesialstyrkene selv deltok i massakrene.

Sammen med Christian Solidarity Worldwide vil Stefanusalliansen oppfordre til bønn om fred i Nigeria i en sjeldent spent og alvorlig situasjon. Vær med å be:

- om trøst for ofrenes familier
- be spesielt for Luka, en 20 år gammel mor som overlevde angrepet den 21.02 med store skader. Hun mistet sin mann og to barn i massakren, samt brorens familie på fem
- om at det ikke skal komme hevnangrep
- om visdom, og vilje til handling, for nigerianske myndigheter som må håndtere denne situasjonen
- om at spesialstyrkene som er utplassert for å hindre vold, virkelig skal utføre dette oppdraget
- om at volden må ta slutt og gjerningsmennene bringes for retten


Kilde: Magasinet Stefanus mars 2013

mandag 18. mars 2013

Kristne under åtak i Lahore, Pakistan


I Pakistan bur kristne i eigne områder, gettoar, om du vil. Som vanleg tok det fyr i muslimane etter at ein kristen skulle ha kome med blasfemiske uttalar. Ein ung kristen, Sawan Masih, hadde hamna i ein heftig diskusjon med ein muslimsk ”ven”. Han vart meldt for blasfemi, og så var det heile i gong. Bustadhus, kyrkjer, og forretningar vart brent ned og utsette for herjing. 
Bøn: Herre Jesus! Dine små søsken betalar ein høg pris for trua si i Pakistan. Hjelp dei slik at dei ikkje hemnar seg, men av hjarta tilgjev motstandarane sine. Så ber eg om at du gjennom di verdsvide kyrkje skal erstatta alle tapa deira så langt det let seg gjera. Skap eit sterkt engasjement for desse kristne over heile verda slik at dei får oppleva solidaritet og praktisk kjærleik. 
Kjelde: Voice of the Martyrs (persecution.net)


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...