Dåp i ei AIC i Benin |
Minst 100 millionar menneske i Afrika tilhøyrer såkalla «nye»
kyrkjer, på engelsk: Afrikan Initiated Churches (AIC), dvs kyrkjer som ikkje har sitt opphav i dei store
historiske kyrkjesamfunna. I desse
kyrkjene er profetiar, draumar, visjonar og helbredelsar ein del av det daglege
livet. Dei forventar at Kristi kraft og autoritet skal overvinna det demoniske
og okkulte, ikkje berre i teori, men i praktisk handling. AIC representere ein
kulturell renessanse pga den plass dei gjev til musikk, dans og symboler. På
mange måtar tek dei den opprinnelege afrikanske kulturen og plasserer han inn under
Jesu Kristi herredøme.
Desse kyrkjene har ein pasjon for evangelisering, og dei
møter tørsten etter Gud i Afrika med nytestamentleg undervisning og praksis.
Likevel er det veikskapar her. Det har i desse kyrkjene lett
for å veksa fram ein personkultus rundt leiaren, med all den maktmisbruk som lett
følgjer av det. Dei har lett for å fokusera meir på åndsfenomena enn på
Kristus, og det hender at dei går langt i å tilpassa Bibelens sanningar til dynamikken
i den afrikanske kulturen, alt til stor skade.
·
Be om at
det sanne og gode innan den afrikanske kulturen må bevarast når denne skal finna
sin plass i bibelsk teologi og praksis.
·
Be om at
utøving av åndeleg makt og kraft i AIC alltid må skje gjennom kristen nestekjærleik
og innafor ramene av Bibelens sanningar
·
Be om at
AIC med sine føremuner må berika heile Kristi kropp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar