Etter at mindreårige frå innvandrarmiljø den siste tida, på oppdrag frå hardkokte kriminelle i internasjonale nettverk, har sprengt handgranatar i Oslo-området, er folk blitt redde, og politikarar og fagfolk debatterer denne nye kriminaliteten utan å ha dei minste peiling på kva dei skal føreta seg.
Gode Far! Du er desse gutane sin rett far. Dei har elendige førebilete heima, dei er utsette for omsorgssvikt og stort press. Me ber om at du skal ta deg av dei, du som kjenner dei best og som har forma dei i mors liv, og som har ein heilt annan plan for liva deira enn det som utfaldar seg no. Me ber i Jesu namn om at du skal ta makta frå dei kriminelle nettverka, og me ber om at dei skal løysast opp frå innsida. Me ber om at du skal ordna det slik at desse gutane blir kjent med deg, blir overauste av din godhet, blir interesserte i sunne aktivitetar og i utdanning, og at dei skal frelsast og bergast i alle betydningane av ordet. Og så må du hjelpa dei som jobbar med dei å møta dei på den rette måten. Her trengst det visdom og tolmod. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar