mandag 6. februar 2023

Jordskjelv i Tyrkia og Syria

Klokka 2 i natt vart Syria og Tyrkia råka eit jordskjelv med styrke 7,8. Episenteret var i nærleiken av den tyrkiske byen Gaziantep i grenseområda mellom dei to landa, og kunne merkast i store delar i Midt-Austen. Skadane er enorme, og talet på omkomne ganske sikkert fleire tusen. Me som tilhøyrer Kristkyrkja på Stord har medlemmer frå Afrin-regionen nær episenteret, og er naturlegvis spente på korleis det går med familiane til våre folk. 

 Sjå i nåde til alle som er råka av jordskjelvet i Syria og Tyrkia. Me ber om at søk og redning må koma raskt i gong over heile området, at skadde skal bli funne, at liv skal bli berga, at mat, medisiner og varme klede skal nå fram til alle som treng det. Herre, miskunna deg over alle som er råka av denne katastrofen. Amen! 

Ingen kommentarer:

Storbrann i Drammen

 Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt.  De...