torsdag 16. februar 2023

Nye arrestasjonar av kristne i Eritrea

 

Ein nyleg rapport syner at 44 kristne er blitt arresterte i Eritrea så langt dette året. Det er snakk om 39 kvinner og fem menn. Dei vert haldne i Mai Serwa-fengselet utanfor Asmara.

Det er pinsevenene som i hovudsak er utsette for religiøst motivert forfølging i Eritrea, men i den siste tida har den katolske kyrkja også opplevd arrestasjonar av biskopar og prestar. Tre av dei vart nyleg sette fri, m.a. fader Gebremariam i den katolske katedralen i Asmara.

Herre Jesus! Styrk alle kristne i Eritrea som er utsette for forfølging og trakassering. Gjer dei sterke i deg, og lat dei stå faste i stormen. Forsørg dine barn i Eritrea på forunderleg vis, hald dei i handa og verna dei mot alt vondt anten dei er frie eller sit i fangenskap. Takk for din truskap. Amen!

Kjelde: Voice of the Martyrs, Kanada

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....