torsdag 9. februar 2023

Dagens unådde: Yadav i India

 

Kjelde: joshuaproject.net

Yadavfolket i India tel meir enn 40 millionar menneske. 99,98% er hinduar, om me finn dei over heile India. Opprinneleg er dei innvandrarar frå Sentral-Asia, og er ariarar som i si tid lanserte vedakulturen i Indusdalen, og som etter kvart vart definert som hinduismen, dvs den .indiske religionen. Dei er lågkastefolk, og har frå gamalt av rykte på seg for å vera tjuvar og ransmenn, men er i dag å finna i eit breitt spekter med yrker. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for Yadav i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som demonstrerer din kjærleik, og gje dei ditt ord på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at du er den einaste som kan setja dei fri frå synda og den evige domen. Må Krishna tapa sin glans, og må herlegdomen i Kristi andlet lysa sterkt mot dei. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og halda saman i tjukt og tynt.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at Yadavfolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk Yadavkyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...