søndag 28. april 2019

Den demokratiske republikken Kongo

Folketal: 77 266 814. Folkegrupper: 229. Språk: 217. Største religion: Kristendom (92,15%). 18,7% evangelisk kristne.  Bibelen, NT eller bibeldeler er omsett til rundt 130 språk (anslag). Hovudstad: Kinshasa.

Landet er herja av vonde mennesker og vonde åndsmakter. Mange tiår med borgarkrig ser ikkje ut til å ha nokon ende . Dei siste tiåra er 5 millionar menneske drepne. Bandar av røvarar, militære og paramilitære grupper skaffar seg forsyningar ved å massakrera sivilbefolkninga og forsyna seg med det dei vil ha. Valdtekt og grov mishandling av kvinner er føregår systematisk. Kannibalisme er ikkje uvanleg. Svart magi, hekseri og andre trolldomskunster er ein del av dagsordenen. Overgrepa er umålelege.

Alt dette svineriet er ein arv frå den belgiske kong Leopold I alvorlege brotsverk i Kongo for vel hundre år sidan. 10 millionar kongolesarar vart brutalt slakta ned, om dei ikkje vart selde som slavar til arabarar.

Den demokratiske republikken Kongo er ei komplett mislukka statsdanning. Regjeringa har nesten ingen kontroll, det er ingen kontakt mellom regionane, infrastrukturen er fråverande og det er ingen nasjonal kultur ei heller felles språk som samlar nasjonen. Helsevesenet har kollapsa, likeeins utdanningssystemet.

Den kristne kyrkja er den einaste som kan bidra effektivt til attreising av nasjonen. Den er åleine om å ha nokon som helst truverde. Dei fleste hospitala og skulane er drivne av kyrkjer, og særleg er innsatsen til den katolske kyrkja imponerande.

Det var langt fleire misjonærar i Kongo for 50 år sidan enn i dag. Dei fleste har reist frå landet som eit resultat av borgarkrigen.


  • Be om at barn og unge skal få naudsynt skulegang og bli lese og skrivekyndige.
  • Be om at neste generasjon kongolesarar skal bryta ut av krigsdansen, søka utdanning og bli samfunnsbyggjarar med høge og gode mål.
  • Be om at Bibelen og annan kristen litteratur skal bli gjort tilgjengeleg for folk, etterspurd, lest og etterlevd.
  • Be om at kyrkja og dei kristne vert utrusta med Andens kraft til å vitna om Kristus på ein slik måte at han får overmakta i dette landet.
  • Be for dei kristne leiarane at dei blir utrusta med stor nåde, og at dei får moralsk ryggrad til ikkje å bli manipulert av korrupte og trugande presidentar og krigsherrar, at dei står opp mot vondskapen, påtalar urett og svingar Andens sverd med kløkt og kraft.
  • Be om at dei kristne leiarane skal få store visjonar som dei styrer tenesta si etter. 
  • Be om einskap mellom dei truande og mellom kyrkjene i arbeidet med å gjera Jesus kjent, æra og elska i landet.
  • Be om at dei vonde maktene må vika frå land og folk i Jesu namn.
  • Be om at folk og land skal bli forvandla ved Den Heilage Ande. 
  • Be om at helseinstitusjonane skal attreisast, og at misjonærar i stort tal skal venda attende for å støtta dei nasjonale kristne. 
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle attverande språk der omsetting er naudsynt.
  • Be om gjennopning av alle bibelskular og teologiske institusjonar.
  • Be om at det skal stå fram nye nasjonale kristne leiarar med stor kraft, integritet, klårsyn og innflytelse. 
  • Be om at vekkinga mellom pygmeane skal spreia seg til heile denne særeigne folkegruppa, og at evangeliet skal få sin spesielle form mellom desse. 
  • Be om at pygmeane skal bli effektivt verna mot overgrep frå bantustammene. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...