tirsdag 23. april 2019

Colombia

Areal: 1,1 mill km2. Folketal: vel 47 mill. 97,5% spansktalande. 1,6% innfødde (amerindianarar). Hovudstad: Bogota med 8,5 millionar menneske. Religion: I hovudsak katolsk kristendom. Men etter at religionsfridom vart innført i 1991, har den evangeliske kyrkja hatt stor framgang. Dei nærmar seg 10% av befolkninga no.

Naturtilhøve: Andesfjell i vest, høgslette sentralt, regnskog i aust, frå naturen si side eit uvanleg rikt og vakkert land.

Colombia er verdas største produsent av kokain. Salet av denne narkotikaen har finansiert den borgarkrigen som har rasa i landet dei siste 50 åra. Denne har påført landet enorme sår økonomisk, kulturelt og menneskeleg. Farqgeriljaen og regjeringa har inngått ein fredsavtale, men denne er skjør og enno ikkje ratifisert. Likevel er tilhøva langt betre i landet no enn for nokre få år sidan.

Colombia har 6 millionar internt fordrevne flyktningar, folk som har flykta frå landsbygda til byane for å søka vern mot tungt væpna bandar som skånselslaust har drepe, valdteke og kidnappa sivilbefolkninga gjennom mange år.

Fattigdomen er stor, men minkande. Ny olje og gassproduksjon er i ferd med å betra den nasjonale økonomien.


  • Be om at Guds rike skal ha ein aksellererande framgang i landet
  • Be om at kyrkjelydane skal ha gode leiarar
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjer i alle lokalmiljø
  • Be om einskap mellom kristne
  • Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort
  • Be om at bøndene skal bli fri narkotikakartella og dyrka mat i staden for narkotika
  • Be om at kokainmafiaen skal smuldra bort
  • Be om at det skal bli ein varig fred i landet
  • Be om økonomisk framgang som kjem den fattige delen av befolkninga til gode
  • Be om gode utdanningsinstitusjonar på alle nivå
  • Be om gudfryktige og kloke politiske leiarar
  • Be om ein heim for dei mange heimlause
  • Be om fred og forsoning
  • Be om at knuste menneskeliv skal bli restituert
  • Be om at internt fordrevne flyktingar smått om senn skal få flytta heim og få hjelp til å attreisa lokalsamfunna sine. 





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...