Det er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å stiga til himmels. Det rører ved oss alle. I tillegg går barnetalet kraftig ned, noko som fører til nedlegging av barnehagar og skular. Endringane i demografien vil ha uante konsekvensar.
Eg har formulert bøna nedanfor for Stord, og eg veit at denne sikkert også kan bedast for mange andre kommunar i Noreg. Det er på tide å kopla Gud inn i problema våre, faktisk. No ser eg at ordføraren på Stord, Sigbjørn Framnes, som er FrP politikar ropar på staten. Det er sikkert ikkje dumt. Men å ropa på Gud er enno klokare. Bøna er slik:
Gode Gud og far!
Du er opphavet til alt godt, og ein som gjev hjelp til alle som ber.
Difor vil me be til deg i tider som desse.
Sjå i nåde til oss som bur på Stord. Tilgje oss alle våre synder, og hjelp oss å snu oss bort frå det vonde og gjera det som godt er.
Gje leiarane våre tru, mot, rettsinn og klokskap. Problema er mange. Hjelp dei å finna gode løysingar på vanskane me står i slik at me kan koma oss ut av denne situasjonen.
Velsign den kommunale økonomien slik at me ikkje hamnar på Robeklista, men får behalda fridomen.
Me ber om etablering av økonomisk solide verksemder som kan skapa varige arbeidsplassar for folk
Me ber om at dei verksemda som alt finst skal gå med gode overskot
Skjerm dei unge mot rusmidlar og skadeleg internettinnhald, og gje dei ryggrad til å seia nei til alt som bryt ned kropp, sjel, venskap, famileliv og fellesskap.
Me ber om stabile ekteskap, og om fred og varme i heimane.
Me ber om edruelege vaksne, og om eit rusfritt samfunn.
Me ber om ein god tilvekst i folketalet, og om at alle gravide skal få mot til å bera fram barna sine slik at ingen barn døyr som eit resultat av abort.
Me ber om gode skular og sunne ungdomsmiljø, og om stopp i all mobbing og skadeleg åtverd.
Me ber om ein slutt på all kjønnsforvirring mellom dei unge.
Me ber om oppegåande kyrkjelydar som tener folk både åndeleg og praktisk.
Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar