lørdag 20. februar 2016

Armenia



Armenia ligg inneklemt mellom Georgia, Tyrkia, Iran og Aserbadsjan. Landet er delt i to, sjølve Armenia og enklaven Nagorno Karaback, som ligg i Aserbadsjan. Til saman utgjer dei eit areal på 34000 kv.km. Landet ligg i Kaukasusfjella og har mektig natur. Den armenske kyrkja er den eldste nasjonale kyrkja i verda. Rundt første verdskrigen var armenarane utsette for folkemord av tyrkarane, som då var sentrum og krafta i det store ottomanske riket. 1,5 millionar vart masakrerte.

Befolkninga er i dag på vel 3 millionar menneske, av desse 1,1 mill i hovudstaden Jerevan.  97% er armenarar. Restene er kurdarar, russarar, asebadsjanarar og  ukrainarar.

Armenia har som kristen nasjon eit konfliktfylt forhold til sine muslimske naboar Aserbadsjan og Tyrkia. På 1990-talet var landet i open krig med Aserbadsjan om Nagorno Karaback.  Grensa mot Tyrkia er stengt, og vil nok bli det til tyrkarane innrømmer folkemordet frå 1915-17. Det er formelt krigstilstand mellom Armenia og Aserbadsjan, men våpenkvile. På kvar side er det hundertusenvis av flyktningar. Politikken er prega av desse konfliktane, og landet pleier eit nært forhold til Russland. Utanrikspolitisk er situasjonen svært utilfredsstillande. Nagorno Karaback har eit indre sjølvstyre, og godtek ingen forhandlingsløysingar som ikkje dei sjølve har vore delaktige i.

Næringsvegar: Metallforedling, jordbruk og turisme. Men landet er utsett for handelsboikott frå Tyrkia og Aserbadjan, arbeidsløysa er difor høg, emigransjonen av unge menneske likeeins og fattigdomen i landet er omfattande og tærande.

Landet var i si tid ein del av Sovjetunionen, og etter kommunismens fall, har det vore tilnærma religionsfridom i Armenia, men med tett samband mellom Den armenske ortodokse kyrkja og styresmaktene.

Nesten alle i landet er ortodokse kristne, men kristendomen er på vikande front etter ein kraftig vekstperiode frå 1975 til 2000 . Dei ikkje-religiøse vinn no fram i konkurransen. Skularisering. 0,93% er protestantar, og dei har ein vekst på mellom 4 og 5 % årleg. Folket er religiøst, men manglar i stor grad livssamfunn med Jesus Kristus.

Det er stor motstand mot evangelisk kristendom i den armenske kyrkja. 

1) Takk Gud fot at den armenske kyrkja har overlevd gjennom hundreår med forfølging og fåre for utsletting.

2) Be om at Armenia skal få fred med Tyrkia og Aserbadsjan, at Tyrkia skal innrømma folkemordet i førre hundreåret, at handelsboikotten av landet skal ta slutt og at det skal opna seg for handelssamkvem mellom nasjonane. 

3) Be om at leiarane i Den apostliske armenske kyrkja skal venda seg bort frå sin fientlege haldning til evangeliske kristne, vera prega av hans nærvær, og bringa genuint kristent liv og kristen ånd inn i det armenske folket slik at dei ser sitt kristne ansvar for både tyrkarar og aserbadjanarar som treng evangeliet om Jesus. 

4) Be om einskap mellom kristne frå ulike greiner innan den armenske kyrkja, og mellom den nasjonale kyrkja og dei protestantiske kyrkjene som veks fram i landet.

5)  Be om framgang for Det Armenske Brorssamfunn for Kjærleik til Kyrkja., ei evangelisk rørsle inan den armenske kyrkja som jobbar for å spreia Bibelen, gjera Jesus kjend og ta seg av fattige og trengande, særleg foreldrelause.

6) Be om at Gud skal kalla og utrusta leiarar til teneste i alle kyrkjesamfunn. Det er også her STOR manko på leiarar med rett kompetanse og god kvalitet. 

7) Be om at den nye NT-oversettinga skal få stor utbreiing og bli lest med stor interesse av vanlege folk.



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...