onsdag 31. juli 2019

Kazakstan

Areal: 2 724 900 km2. Folketal: 18 mill. Hovudstad: Astana (685000). Største by er Almaty med 1,4 mill., byen der så mange verdsrekordar på skeiser vart sett frå 1960-1980.

Det er 76 ulike folkegrupper i Kazakstan. Dei største er kazakkar, russarar, uigurar, turkmenarar, uzbekarar, ukrainarar og tyskarar.

Landet strekker seg frå Kaspiahavet til Mongolia. Kaspiahavet ligg 132 meter under havet. Det høgaste fjellet i landet, Khan Tangiri Shygngy, ragar 6995 meter over havets overflate. Landsskapet er prega av enorme sletter, men i sør-aust, mot Kirgisistan, ligg dei høge Altaifjella.

I Kazakstan ligg også Baikalsjøen, verdas djupaste innsjø. Ein stor del av verdas ferske overflatevatn er å finna her. Baikalsjøen er elles kjent for å hysa ein heilt spesiell selart.

Styresett: Republikk.

Næring: Olje og gassproduksjonen i Kaspiahavet dannar ryggraden i økonomien.

Religion: Islam (70%), kristendom (26%). Dei fleste kristne er russisk ortodokse. 0,7% av befolkninga er evangeliske kristne.

Kazakstanarar flest blandar islam og shamanisme. Meir ortodoke muslimske land satsar hardt på misjon i landet fordi dei vil reinsa kazakstanarane si tru frå heidenske element. Talet på moskèar har auka kraftig på 30 år frå 46 i 1989 til sikkert over 2000 no.

Det er eit massivt rusproblem blant folk i dette landet. Tilgangen på heroin er stor og prisane er låge.

Men frå ein kristen synsstad er det kjekkare å snakka om vekkinga som no skjer mellom uzbekarane og uigurane. Mange, mange kjem til tru på Jesus, blir fylte av Anden, etablerer kyrkjelydar og sender ut misjonærar til nye byar og landsbyar. Me ser det same fenomenet her som i Mongolia, små nye kyrkjelydar begynnar å senda ut misjonærar rett etter at dei er blitt grunnlagt. Desse folka har forstått kva det handlar om.

I 2011 vart det vedteke ei ny religionslov som legg strenge restriksjonar på dei evangeliske kristne. Det er omtrent blitt umogeleg å registrera nye kyrkjelydar, og dei som samlast utan å vera registrerte risikerer blir straffa med kortare fengselsstraffer og høge bøter.
  • Be om at dette genuinet verket av Den Heilage Ande skal halda fram heilt til Jesus kjem att, og at nye kyrkjelydar skal skipast i alle lokalsamfunn, og at evangeliet skal gjennomsyra heile nasjonen og løfta han opp åndeleg, moralsk og politisk. 
  • Be om at det skal trenast opp nye leiarar som kan ta ansvar for dei truande, og leida arbeidet med å evangelisera og planta nye kyrkjelydar. 
  • 74% av dei kristne er kvinner. Be om at truande menn skal vinna nye menn for Kristus.
  • Be om at dei truande må stå saman og ha stor einskap trass i teologisk og kulturell ulikskap
  • Be om at Bibelen må bli gjort tilgjengeleg på alle levande språk. Av 43 språk føreligg Bibelen, eller deler av han på 14 (2010)
  • Takk Gud for det fantastiske hjelpearbeidet som vert gjort mellom rusmisbrukarar gjennom Agape-ministries, og be om at folk må sjå Guds godleik gjennom dette. 
  • Radiomisjon er viktig i Kazakstan. Be om at programma vert gode, enkle å finna og populære. 
  • Be om at dei truande må stå faste i den aukande forfølginga fra styresmakter, muslimske leiarar og frå familiane deira som ikkje kan akseptera den nye trua deira. 









tirsdag 30. juli 2019

Indiske kristne blir tvinga til å rekonvertera

Reconversion ceremony - Photo: Morning Star News www.morningstarnews.org
Bilde frå rekonverteringsseremonien. Morning Stars News
Den 14.juni vart 12 kristne familiar i byen Mahuatoli i delstaten Jharkhand tvinga gjennom eit rituale som skulle få dei attende til stammereligionen Sama.

Den siste tida har radikale hinduar samarbeida med indisk urbefolkning om å utsletta kristendomen frå delstaten.

Familiane prøvde å melda saka til politiet, men dei ville ikkje registrera henne.

Alle familiane har no flykta frå byen, men to blir halde attende med makt.

Far i himmelen! Du seier om deg sjølv at du er ein Gud som gjev framtid og von til alle som søkjer deg av eit heilt hjarta. Me ber om framtid og von for dei kristne familiane frå Mahuatoli som no er på flukt. Dei har berre deg, Gud. Ingen andre vil koma dei til hjelp. Opna dørar for dei, og pakk dei godt inn i di miskunn. Amen!

mandag 29. juli 2019

Fire kristne menn drepne i Burkina Faso

Den 27. juni gjekk uidentifiserte soldatar inn i landsbyen Bani i Burkina Faso på jakt etter kristne. Dei leita etter personar som gjekk med krossmykker rundt halsen, og fann fire menn: Theophile Ouedraogo, Ernest Kassoaga, og brørne David og Philippe Zoungrana. Alle vart avretta. Dette melder Open Doors internaional. Ekstreme muslimar frå Mali har den siste tida gjennomført slike raid i nabolandet sitt, og sidan februar har dei teke livet av 27 truande. 


  • Be om Guds vern over dei truande i dette landet.
  • Be om at samfunnet elles skal sjå sitt ansvar til å passa på kristne medborgarar.
  • Be om trøyst til alle dei som sørgjer over tapte familiemedlemmer, forsørgarar og vener.
  • Be om at dei kristne skal stå fast i trua midt i stormane som trugar dei.
  • Be om at dei som utøver denne valden skal bli stilt til ansvar for ugjerningane sine.





søndag 28. juli 2019

Jordan

Jordan er ein nasjon som vart grunnlagt som eit arabisk rike då Det osmanske rike fall ved slutten av første verdskrigen. Grensene for "Transjordania" vart dregne av engelskmennene, og må sjåast i samanheng med at jødefolket gjennom Balforerklæringa fekk lovnad om eit heimland på vestbreidda av Jordanelva. Det som i dag vert kalla Vestbreidda (Judea og Samaria) vart ulovleg okkupert av Jordan i 1948, og annektert 1950. Ingen land med unnatak av England godkjende dette.
I 1988 gav Jordan opp alle krav på området, og alle som ser på seg sjølve som palestinske flyktningar kan når som helst reisa til Jordan og få statsborgarskap og fulle rettar. 1,8 millionar har valt denne løysinga. Andre blir att for å ta del i kampen mot Israel.

Jordan var i gamal tid eit rikt jordbruksland. Men ørkenen har overteke det meste. Det er berre 5 km2 med skog att.
I dag lever folk i stor grad av turisme. Klippebyen Petra er den fremste av turistattraksjonane.
Jordan har forresten ein del tekstilindustri og utvinning av fosfat, og utanlandske selskap satsar på produksjon av elektrisitet ved hjelp av svære solcelleanlegg.

Jordan hyser mange hundre tusen flyktningar frå Syria og Irak som er samla i FN-leirar.

Jordan vert i dag styrt ganske diktatorisk av representantar for den hasjmittiske kongsætta.

Arael: 92000 km2.
Folketal:  vel 10 458 413 (juli 2018)
Offisielt språk: Arabisk.
Regent: kong Abdullah II.

Islam er offisiell religion. 97% er muslimar. 2,2% er kristne (i 1980 var det 6,5% kristne, men dei fleste har emigrert), og dei nyt ein viss grad av fridom, men må leva under noko press likevel.

Sidan 1995 har dei evangeliske kyrkjene opplevd ein oppsiktsvekkande vekst. Dei samlast gjerne i mindre grupper for å tilbe Jesus saman. Dei fleste av desse nye truande har tidlegare vore nominelle kristne i tradisjonelle kyrkjesamfunn, men me ser også eit aukande antal MBB`arar (MBB= Muslim Background Believers).


  • Be om at Gud skal fullføra det verket han har starta i Jordan, og at evangeliet om kong Jesus skal gå inn hos folk, helga dei og skapa nytt liv i hjarto.
  • Be om einskap mellom dei truande.
  • Be om at dei nye kristne skal bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i Guds kyrkje. 
  • Be om at kyrkja skal ha nok leiarar, og at leiarane skal ha dei rette kvalitetane.
  • Be om at folket ikkje skal tapa religionsfridomen sin
  • Be om at det skal vera stor openheit for kristne misjonærar frå andre land
  • Be om at dei mange fullstendig unådde palestinarane skal få møta Jesus som den frelsar og Herre han er for DEI. 
  • Be om framgang for evangeliet mellom dei mange flyktningane i Jordan
  • Be om effektive måtar å nå dei 300 000 beduinane på
  • Be også om frelse for den vesle gruppa med sigøynarar som bur i landet.
  • Be om effektiv distribusjon av biblar, Jesusfilmen og annan god kristen litteratur
  • Be om at folk skal finna fram til Jesus gjennom TV, radio og internett.



fredag 26. juli 2019

Japan

 

Japan er soloppgangens land. Det er omtrent så stort som Noreg i flatemål, og arealet er fordelt på tre store øyar, Hokkaido i nord, imidten Honshu  (den største) og i sør : Shikoku. Det bur omlag 126 millionar menneske i landet, men folketalet minkar fort no, eit fenomen som med tida kjem til å føra til manglande arbeidskraft og enorme vanskar med å få gjort alt som skal gjerast.

Landet har mange millionbyar. Den største er Tokyo-Yokohama med 36 mill menneske.  Japan var ein gong ei stormakt i Asia, og under siste verdskrigen okkuperte dei deler av Kina, Fillipinane, Indonesia, Oseania og Indo-Kina. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki gjorde ein brå slutt på krigen, Japan kapitulerte og landet vart avmilitarisert. Japanarane var i ein elendig forfatning.

Men på rekordtid snudde dei nederlag til siger. Utan militærutgifter kunne dei konsentrera seg om attreisinga, og i laupet av 25 år hadde landet blitt ei økonomisk stormakt i verda, og har vore det fram til i dag. Dei er fattige på råvarer, og må importera det meste som dei bearbeidar til ferdige eksportvarer. Me kjenner alle til den suksessrike japanske bilindustrien, alt innan foto og optikk, skipsindustrien og mykje meir.

Japanarane er i all hovudsak buddhistar og shintoistar. Fedredyrking er vanleg. Dei siste 50 åra har nye religionar som Soka Gakkai sett dagsens lys. Denne har 10 millionar tilhengarar.

Det er  kun vel 500 000 kristne i landet. Evangeliet har aldri fått skikkeleg grep på japanarane slik som tilfelle er med folk i Sør-Korea, og dei siste 40 åra også i Kina.

Likevel blir det meldt om ein gryande framgang fleire plassar no, og det kan me jo takka for. Ikkje minst er det grunn til å leggja merke til at 10% av japanarane ser positivt på kristendomen, og kan sjå på den som eit alternativ for seg.

Det er mange einsame menneske i Japan.

Japan er eit moderne demokratisk samfunn med høg levealder og levestandard.


  • Be om at Guds kraft skal slå ned i kyrkjelydane i Japan, fornya dei kristne og utrusta dei til å vinna landsmennene sine for Kristus. 
  • Be om at dei kristne skal leva som sanne disiplar av Jesus.
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar i alle byar og landsbyar
  • Be om einskap mellom dei truande som er splitta opp i hundrevis av ulike kyrkjesamfunn og retingar, og at dei truande må stå saman i evangeliseringa av heimlandet. 
  • Be om at dei religiøse åndskreftene skal måtta vika og  bli avvæpna i møte med Kristus
  • Be for dei mange einsame, at dei skal finna Gud og søkja inn i levande kyrkjelydar.

onsdag 24. juli 2019

Jamaica

Det bur berre 2,8 millionar menneske på Jamaica, denne kariabiske perla sør for Cuba. Landet er vel i dag mest kjent for å fostra lynraske sprinatarar som gleder oss på friidrettsbanen. Hovudstaden på Jamica er Kingston med 520 000 innbyggjarar.

2 mill jamaicanarar har emigrert. 80% av dei med høgare utdanning bur i andre land. Eit land kan ikkje tola slik hjerneflukt lenge.

Over 80 prosent av befolkninga er prostestantiske kristne, det store fleirtalet er nominelle, og kyrkja er på alle vis velutrusta og har ei ærerik misjonshistorie. Men det hindrar ikkje at landet er djupt inne i ei sosial og moralsk krise. Dette botnar ikkje minst i at mektige søramerikanske narkotikakartell brukar Jamaica som transitthamn for kokainen dei skal selja i USA og Europa. Dette resulterer i ein ekstrem høg mordrate, nr. 4 i verda i høve til innbyggjartalet. Korrupsjon er utbreidd, og det er uklåre grenser mellom styrande og kriminelle. Valdtekt og incest er svært utbreidd. Dei viktigaste eksportartiklane er bauxitt til aluminiumsproduksjon, sukker og raggaymusikk.

Turisme er kanskje den største næringa.

Kyrkja på Jamaica har ein stolt mangeårig kristen arv, og lite kjend er den store misjonsinnsatsen jamiacanske kristne gjennom mange år har ytt i andre land. Men det er ingen tvil om at den jamaicanske kyrkja treng både reformasjon og fornying.

 Gode Gud! Du elskar menneska på Jamaica så høgt og inderleg. Kom dei til hjelp. Bryt den dødlege makta narkotikakartella har i landet, fyll kyrkja di med din Ande, reinsa henne frå synd og utrust henne til å bli ein reidskap for dine mektige gjerningar mellom jamaicanarane. Må din standard for livsførsel bli den normale i Jamaica slik at menn lærer seg å verna kvinner og barn, og ikkje forgripa seg og valdta. Må dei bli forma i Kristi bilete. Amen!

tirsdag 23. juli 2019

Italia

Italy Map

I Italia bur det rundt 60 millionar menneske. Men folketalsutviklinga er negativ. Fertitliteten er 1,1% per kvinne. Landet er i flatemål omtrent som Noreg. Landet er eit sentralt medlem av EU, men sterke høgrekrefter vil ha dei ut av unionen. Den nye regjeringa i Italia er EU-skeptisk (for ikkje å seia EU-fientleg).
Dei siste månadane har italienske styresmakter sjokkert oss med å nekta båtar som har plukka opp flyktningar frå Afrika å leggja til hamn i landet.
Det ser ut til å vera liv i gamle fascistiske haldningar.  
Italia er ei økonomisk stormakt bygd på ein rik og variert industri. Bilar og kvitevarer kan nenmast. Denne industrien er stort sett i nord.
Landet er også ei kulturell stormakt, og har fostra dei største kunstnarane verda har sett, det vera seg innafor musikk, biletkunst, litteratur eller arkitektur. 
Men landet har også fostra sin del av verdas despotar, både under og etter Romerriket.
Hovudstaden er Roma. Andre kjende byar er Firenze (renessansehovudstaden), Venezia, Milano, Napoli og Torino.
80% av befolkninga er tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 1,1% er evangelisk kristne. Desse er svært splitta, men det er aukande einskap å spora. Dei fleste evangeliske er av ikkje-italiensk opphav (Aust-Europa, Afrika og Latin-Amerika)

I oldkyrkja var kristendomen levande og kraftig i Italia. Men kristendomen vart etter kvart ein formalisert statsreligion, og for det det store fleirtalet i dag har ikkje kyrkjemedlemskapet noko som helst å seia for kva dei trur og korleis dei lever. Nord-Italia er mest sekularisert, og Torino er blitt eit senter for verdas djevledyrkarar. I dag er det mange fleire hekser og trollmenn i Italia enn kristne prestar. Landet er i desperat og djup åndeleg naud, og mistilliten til kyrkja er tynnsliten etter dei mange skesuelle overgrepa mot barn som er avslørte dei siste åra, og for kyrkjeleiinga sin vilje til å skjula ugjerningane.  Men det skal den katolske kyrkja ha: I dag går ho i spissen for å syna folk barmhjertighet, og ho er ikkje redd for å formana til gudsfrykt og utfordra til tru. Pave Frans er ein fin eksponent for dette.
  • Takk Gud for ein rik åndeleg arv i Italia. 
  • Be om at det som måtte vera av liv i røtene skal skyta friske skot, og at katolikkane skal venda seg bort frå helgendyrking, og begynna å hylla og tilbe Jesus åleine. 
  • Be om at prestane i landet skal bli gripne av Jesus, fylte med Den heilage ande og kapable til å forkynna Guds ord på ein slik måte at det grip hjarto og driv folket til omvending og tru. 
  • Be om einskap og mogning blandt dei evangeliske kristne i landet, at dei skal utvikla Gudsrelasjonen sin, lesa sin bibel, halda saman i varme fellesskap og bruka energien sin og liva sine på misjon i sine nabolag. 
  • Be om outreach og kyrkjeplanting i dei mange områda som manglar eit evangelisk innslag. 
  • Be om at mafiaen skal mista makta si, og at leiarane skal bli avslørte, fengsla og straffa. 
  • Be om Guds gjerning mellom dei mange narkomane og HIV-smitta. Dei er MANGE.
  • Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til hausten sin i Italia, og at dei som tener Jesus mellom dei fortapte skal få Andens kraft og halda motet oppe også når det buttar mot, for det gjer det alltid. 

Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...