torsdag 30. juni 2011

Dødsdomen over Josef Nardarkhani stadfesta

Iransk rett har stadfesta dødsdomen over pastor Josef Nardarkhani. Han vart dømt til døden i 2009 for apostasi (fråfall frå islam) og for å ha protestert mot koranopplæringa som barna hans måtte gjennom på skulen. Kona hans, søster Tina, og mange andre i kyrkjelyden hans har vore fengsla og utsett for tortur. Dersom domen mot Josef vert eksekvert, er det første gang sida 1990 at dette skjer i Iran.

Kjære Jesus, i dag ber me om at du skal utrusta Josef Nardarkhani til å stå fast i trua trass i at dødsdomen er vorten stadfesta. Gje han ditt gode nærvær slik at han kan sjå ditt lys i det mørkret han no ser inn i. Gjer hjarta hans sterkt ved nåden i Jesus Kristus, og trua hans urokkeleg. Du som opnar fengselsdører så lett som ingenting: Gjer det også for Josef dersom det samsvarar med din plan for hans liv og for di kyrkje i Iran. Styrk også søster Tina og barna deira, og gjer dei stolte av å ha ein far som står opp for deg og som går for deg om det enn vil kosta han livet. Amen.

Belitung i Indonesia


Belitungfolket er muslimar, men har også mange animistiske trekk i trua si.
Dei bur på øya Belitung, ei øy det ikkje er så lett å koma seg fram til.
Det er nokre kjende kristne belitungar. Dei treng å bli grunnfesta og bli disippelgjort.

Herre Jesus! Rekk ut di hand til frelse for belitungfolket. Send dine arbeidarar ut for å grunnfesta og disippelgjera dei truande i folket. Gje dei ditt nærvær. Lat liva deira vera prega av at du bur i dei med di kraft. Lat Ordet lysa for dei og halda dei på ditt spor. Skap tru på deg mellom alle belitungar slik at dei sannar syndene sine og vender om til deg, du som er deira einaste von. Herre, miskunna deg. Amen.

tirsdag 21. juni 2011

Den indiske evangelisten Anjas i trøbbel

Mission India (missionindia.org) melder at ein av medarbeidarane deira, den ivrige evangelisten Anjas, i sist veke brutalt vart slått bevisstlaus av ein mobb på 50 hinduaktivistar. Anjas, som kvelden i førevegen hadde døypt 102 nyfrelste indarar, har i laupet av dei siste 5 åra nådd 15 landsbyar med evangeliet. Han konsentrerer seg særleg om barna, og i landsbyane rekrutterer han dei til Barnas Bibelklubb. Før mobben gjekk til fysisk åtak, spurde dei han kvifor han fortalde om Jesus og fekk folk til å venda seg frå hinduismen. "Kvifor bringer du desse programma til oss?" spurde dei, og så slo dei.

Anjas vart sendt til sjukehus etter at dei hadde gjort seg ferdig med han. Han er ute att no, og han kjem seg, men han er veldig prega av åtaket og er mentalt langt nede.

Herre Jesus! Du har ikkje lova oss å unngå kors og martyrium. Likevel er det hardt når det kjem. Sjå til Anjas slik at han vert fysisk og mentalt heilt frisk att. Gje han ditt nærvær, fyll han med din kjærleik, løft han opp og set nytt mot i han. Det ber me om i ditt gode namn. Takk for alle dei menneska denne mannen har vunne for himmelen. Hald dei fast i trua på deg, og lat dei få den opplæringa dei treng for å kunna leva erobrande kristenliv. Amen!

mandag 20. juni 2011

India 3

  • Be om at India sine leiarar må ha mot til å halda oppe religionsfridomen i landet. Den er under hardt presse frå hinduradikale si side. Be også om at styresmaktene må ha vilje og evne til å verna religiøse minoritetar.
  • Korrupsjonen i India er ekstrem. Be om at styresmaktene må ta eit oppgjer med dette i eigne kontor, og syna vilje til å rykka dette samfunnsvonde opp med rot.
  • 40% av befolkninga er råka av under og feilernæring. Be om politisk dugleik og mot til å gjera vedtak som sikrar fattige eit godt og variert kosthald.
  • Området frå Nepal til Andra Pradesh er kalla "den raude korridoren" der maoistar har stor sympati og skaper mykje uro i samfunnet. Desse infiltrerer også kristne kyrkjelydar. Be Herren om å ta hand om desse menneska.
  • India har flest lutfattige menneske i heile verda, og dei kjem på fjerde plass når det gjeld mangemillionærar. Kløfta mellom rike og fattige er enrom. Dette skaper grobotn for kommunisme. Be Herren om å ta kontroll over dei rikes livsfilosofi som er prega av karmatenking, at alle får som fortent, og læra dei å betala arbeidarane sine på ein skikkeleg måte.
  • Be om fred og sann gudstru i folks indre, og om at indarane lærer seg å tenkja på alle med respekt og at dei lærer seg å kjenna ansvar for kvarandre.

søndag 19. juni 2011

India 2

India

India er eit veldig land med over 1,2 milliarder menneske. Landet har ein lang og brokete historie prega av stor etnisk diversitet, det er over 2500 ulike etniske grupper og 456 ulike språk, og eit rigid kastesystem som har sementert samfunnet i lang tid. I dag er kastesystemet forbode ved lov, men levande likevel, noko som i særleg dei kastelause, dariane, opplever på kroppen kvar einaste dag.

Den indo-ariske innvandringa frå sentral-Asia for 3000 år sidan la føringa for utviklinga. Nokre av desse stammene vandra også vestover, og difor finn me hinduistiske førestellingar også i gamal persisk religion, og etterkvar også lenger vest. Gnostisimen, som var ein slik stor fare for kristendomen dei første hundreåra, høyrer med til denne åndsretninga. Europearen og indarane er faktisk av same opphav, etterkomarar etter Noa sin son Jafet, dei såkalla indoeuropeiske folkeslag.

Det er religionsfridom i India, men dei siste åra har det såkalla hindutvapartiet hatt stor framgang, og det har blussa opp alvorleg forfølging mot kristne i mange delstatar, særleg i Orissa og Karnatake. Hundrevis av kristne har måtta bøta med livet i åtak retta mot landsbyane deira.

Trass i dette har evangeliet hatt stor framgang mange stader i India, og indiske kristne meiner verkeleg alvor med trua si.

Kristendomen har vore i India frå den tidleg kristen tid, og mangt tyder på at apostelen Thomas var den første som forkynte evangeliet der. Det over 71 millonar kristne i landet, og kristendomen har ein vekst på rundt 4% årleg, som er uvanleg høgt. Den auka forfølginga er nok i stor grad knytt opp til denne veksten.

Trass i dette finn me i India også dei minst evangeliserte områda i verda, og det kviler eit djupt åndeleg mørkre over deler av Gangesdalen.

Gode Far! Me vil be for India. Takk for alle dei mange tusen som dagleg kjem til tru i dette landet no. Gje kyrkja di ny framgang i dag og heilt fram til du kjem att i herlegdom, og lat ho nå inn til alle folkeslag i landet med din godleik og ditt frigjerande ord. Sjå til kristne som er utsette for forfølging og grov urett, og gje dei styrke til å stå oppreiste i striden. Velsign di kyrkje i India med godt leiarskap, og gje dei innsikt og profetisk kraft til å riva ned all religiøs lygn, og forkynna Jesus som den einaste Sanninga om Gud, og einaste Vegen til Gud. Aus Anden din over heile India slik at menneska der vert frelste ved trua på Jesus, og landet løfta opp på eit langt høgare moralsk nivå enn tilfelle er i dag. Amen!

lørdag 18. juni 2011

Mwani frå Mosambique

Folketal: 107 000. Religion: Islam. Dei snakkar mwani heime, swahili når dei kjøper og sel medan dei lærer portugisisk på skulen. Mwani er mellom dei fattige i Mosambique, og det er berre ei handfull kristne mellom dei.

Herre Jesus! Me ber om at du skal senda vel kvalifiserte lærarar og pastorar til mwani som varmt og tydeleg kan læra dei opp i ditt ord og syna dei kven du er og kva du betyr for dei. Gje dei trua som ei gåve, grunnfesta dei i din nåde og hjelp dei å stå saman i tenesta for evangeliet. Løft dette folket opp av fattigdom og undertrykking og lat dei få erfara stor fridom på alle områder, og gje dei evne til å ta seg godt av barna og gje dei det beste. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...