Be om vern for Yemane Gebriel (Eritrea), pastor for den utanlandske undergrunnskyrkja i Riyadh, Saudi Arabia. Han har dei siste dagane vore truga på livet 3 gonger av det saudiske religionspolitiet mutawwa’in, og er no gått i dekning. Det er grunn til djup uro over situasjonen. I 2004 vart Tony Higgins, ein katolikk frå Irland, drepen i Riyadh av menn med maskinpistolar etter liknande trugsmål.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 31. januar 2009
fredag 30. januar 2009
Tahoua-tuaregane i Niger
Folketal: 603,000Språk: Tamajak
Religion: Islam
Evangeliske kristne: 0.00%
Status: Unådd
Tuaregane er som før nemnt delt opp i mange ulike stammer med noko ulikt morsmål. Dei er av berberisk opphav og flytta sørover frå Nord-Afrika for om lag 400 år sidan. I dag lever mange av dei med dyra sine på steppeområda mellom vest-Sahara og Sudan. Men stadig fleire slår seg ned som gardbrukarar, eller dei får seg ulike jobbar i dei store byane i Nigeria. Den store tørken som råka dei i 1972 har tvinga dei til nytenking når det gjeld næring, økonomi og livsopphald. Dei praktiserer ein svært moderat form for islam, og vert av andre muslimar rekna for å vera ganske lunka. Dei praktiserer okkulte seansar, og trollmenn er viktige i kulturen deira.
Bøn: "Herre, eg ber om at misjonorganisasjonar og kyrkjer skal høyra på ropet frå Tahoua-tuaregane i Niger, og gjera sitt ytste for å nå dei med ditt evangelium. Eg ser med glede fram til den dagen då det blir etablert ein sterk, vital, ekspansiv og levedyktig kyrkjelyd i dette folket. Lat det bli laga radioprogram på deira eige språk som når fram og inn til dei. Gjer deg til kjenne for dei gjennom draumar og visjonar, og rør ved dei med krafta i Den Heilage Ande. Løys dei frå islam, og frå den animismen som bind dei i mørkret under djevelens makt og din dom. Eg ynskjer å sjå desse menneska frelst og fri ved trua på Jesus Kristus. Tal til leiarane deira om ditt herrevelde, slik at dei anerkjenner deg som den sanne tuaregkongen. Lat riket ditt koma til dei, og lat din vilje skje mellom dei slik som han skjer i himmelen, og gjer dei ved tru og dåp til dine frelste barn, fulle av kjærleik til Jesus Kristus. Amen!"

tirsdag 27. januar 2009
Heime hos Gud
Den vesle jenta med hjarteproblem som me bad for er no heime hos Gud. Ho døydde i natt etter den omfattande operasjonen ho var gjennom. Lat oss no be om styrke, håp og trøyst for foreldra og dei andre pårørande.
Arabiske beduinar i Negevøydemarka i grenseområda mellom Egypt, Israel og Jordan

Det er i fylgje Bethany World Prayer Center 933000 (1999) beduinar i grenseområdet mellom Israel, Egypt og Jordan. Dei er nomadar eller seminomadar, og lever med kamelane og geitene sine under svært tøffe vilkår. Språket deira kallast Bedawi, også kalla beduinarabisk. Dei er strenge sunnimuslimar.
Bøn: "God Far! Du som i di tid talte til beduinen Abraham, tal til beduinane i negevøydemarka og gjer ei pakt med dei som bygger på Jesu Kristi offer på Golgata. Løys dei frå den ånd som har bunde dei til islam gjennom mange hundre år. Send nokre av tenarane til dei for å dela Jesu kjærleik og nåde med dei, og reis opp trufaste menneske som kan gå i forbøn for dei og stå i gapet for dei. Eg ber om at du skal styrka, verna og oppmuntra dei ytterst få kristne beduinane som bur i Israel, fyll dei med Anden og utrust dei til å bringa evangeliet til frendane sine. Lat dei få nåde til å føra nokre av nøkkelpersonane i folket sitt til Jesus, slik at det kan eablerast ei sterk, vital og framgangsrik kyrkje i dette folket. Amen!"
mandag 26. januar 2009
Lampung Peminggir, Sumatra - Indonesia

Folketal: 837,000
Språk: Lampung Api
Religion: Islam
Evangeliske kristne: 0.00%
Lampung Peminggirfolket bur på sørkysten av Sumatra der dei dyrkar pepar og durra. Dei er eit stolt folkeferd med ein rik kultur, strengt muslimske, og heilt uberørte av evangeliet om Jesus.
Bøn: " Eg ber om frelse for Lampung Peminggirfolket. Aus Anden ut over dei, send dei ditt ord og gjer deg kjent for dei. Lat dette folket få oppleva din godleik på alle måtar. Gje dei dine gåver og hjelp dei å ta imot i tru. Amen."
søndag 25. januar 2009
Kirgisarane i Kirgisistan

Kirgisarane er etnisk delvis av tyrkisk og delvis av mongolsk opphav (etterkomarar av Dsjengis Kahn). Dei tel vel 3 millionar, og lever på verdas høgste fjellplatå der det kun er 60 snøfrie dagar i året. Tradisjonelt er dei nomadar, men i dag lever dei fleste i byar. Dei tek vel vare på kulturen sin som er svært rik både når det gjeld poesi, musikk og klesdraktar. Dei er stolte muslimar, men kombinerer islam med shamanisme, og når dei er sjuke går dei gjerne til ein shaman for å bli kurert. Dei er slik bundne til dei gudfientlege maktene med sterke band. Om nokre vert kristne, vert dei gjerne isolerte frå familiefellesskapet.
Kjelde: Bethany people profile
Bøn: "Gud Gud, Far i himmelen! Eg ber om at ordet ditt skal nå fram til kirgisarane og setja dei fri frå synda, døden og djevelens makt. Forløys du økonomi til å omsetja heile Bibelen til kirgis, og aus din Ande over folket slik at dei ser avviket sitt og synda si og søkjer å bli forsont med deg ved trua på Jesus. Gje dei som forkynner evangeliet for dei visdom, kjærleik og utrustning til å nå inn til hjarto deira og bryta ned dei åndelege barrierane som dei omgjev seg med. Hjelp misjnærane å finna dei områda i kultur, tradisjon og tankesett der det finst restar av di openberring frå lang tid tilbake. Eg ber om at dei som blir kristne festar djupe røter i Jesus og i Guds ord, blir fylte av Anden og står saman som ei levande, dynamisk og sterk nasjonal kyrkje som haustar inn sitt eige folk i Guds rike. Amen!"
lørdag 24. januar 2009
Ny forfølging i Iran
Iranske kristne opplever no ei ny bølge av arrestasjonar. Onsdag i denne veka vart truleg så mange som 50 kristne arresterte på fliere plassar i landet. Dette melder Compass Direct i ein rapport datert 23. januar. Jamal Ghalishorani, 49 og kona hans Nadereh Jamali som begge er kristne konvertittar, samt den armenske kristne Hamik Khachikian, vart arresterte i Teheran med få timars mellomrom. Kjeldene i Iran fortel at kristne vert arresterte kontinuerleg no. Før kom det i bølger, men no kan dei aldri meir kjenna seg trygge. Lat oss be om stor styrke for alle kristne i Iran, og lat oss be om at norske styresmakter skal revurdera avslaga til iranarane i Kristkyrkja på Stord og elles i landet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens nasjon: Mosambik
Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske. Hovudst...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...