tirsdag 17. mars 2020

Brasil


Landet har 212 millionar innbyggjarar fordelt på 310 folkegrupper som snakkar 193 ulike språk. Hovudspråket er portugisisk. 91,4% av befolkninga er kristne. 26% evangeliske. Resten romersk katolske.

I Brasil er det ein enorm avstand mellom fattige og rike.

Be om ei kristen vekking mellom dei rike og privilegerte i samfunnet slik at desse tek ansvar for at dei fattige får betre kår,  og at barna i slummen får forsvarleg skulegang.

Tredjeparten av innbyggjarane i Sao Paulo og Rio de Janeiro lever i favelaer, lutfattige slumområder prega av kriminalitet, mafiaverksemd og rus.

Be om at Jesus skal demonstrera sin stordom i desse områda, senda inn modige og kloke vitner som kan planta levande og kraftfulle kyrkjelydar der. Be om at favelaene skal bli fylte av levande kristne som pregar desse samfunna med Kristi kjærleik og Andens kraft, slik at folka der blir frelst frå sine synder, løyst frå djevelens makt og løfta opp sosialt, politisk og kulturelt.

Brasil har 8 millionar barn som lever i risikosonen, 7 millionar barnearbeidarar og 600 000 jenter som lever i prostitusjon. Millionvis av barn lever på gata i det djupaste elende

Be om at Gud i Jesu namn skal setja ein stoppar for all vondsinna utnytting av barn, og at han skal verna dei barna som er i faresonen for å bli utnytta, hamna på gata eller i prostitusjon.

Mange kyrkjer tek no tak i denne nauda og gjev barn utdanning og eit fundament å byggja liva sine på.

Be om at dei må lukkast i dette arbeidet og sakte men sikkert skapa trygge gode tilhøve for alle barn i Brasil.
Be om at det skal vedtakast effektive lover mot all utnytting av barn, og om at alle vaksne som utnyttar barn til eigen fordel skal bli rettsforfølgde og straffa for ugjerningane sine.

Brasil ligg på andre plass i verda når det gjeld misbruk av narkotika, det vert utført i gjennonsnitt 170 mord per dag. Korrupsjon føregår på alle nivå, fengsla er overbefolka og ekstremt valdelege.

Be om at Gud for alvor skal bryta gjennom i dette samfunnet og spreia det tette mørkret som er å finna over alt.
Jesus er verdas lys. Be om at hans lys skal stråla over landet og inn i menneskehjarto og gjera syndarar til disiplar.

Menneska i Brasil er åndeleg vidopne. Dette har skapt stor kyrkjevekst for dei evangeliske, men mange brasilianarar har sukke langt ned i spiritismen si hengemyr.

Takk Gud for massiv kyrkjevekst, og be om at det skal plantast nye kyrkjelydar over alt i dette enorme landet.
Be om at Jesus skal sigra over djevelen i folks liv, kalla dei til omvending frå spiritisme og svartekunster, og løysa dei frå desse destruktive kreftene.

Det er ein stor mangel på prestar, pastorar og kristne leiarar i det heile.

Be Gud om at han må kalla unge menn til leiarskap i si kyrkje, og be om at dei skal få adekvat utdanning og opplæring slik at dei kan disippelgjera folka sine.

Mallahfolket i India


Storleik: 3,2 millionar. Språk Hindi. Religion: Hinduisme.
Mallah er heimehøyrane på den store Gangessletta, i dei minst nådde områda i India. Her er det åndeleg sett bekmørkt. Dei er eit båtfolk som fraktar pilgrimar opp og ned Gangesfloden og opp og ned alle sideelvane, og er stolte over å vera i posisjon til å ha denne tenesta. Dei er ein fattig gjeng, av låg kaste og i stor grad analfabetar. Mallah gifter seg utelukkande innafor sin eigen kaste.

Kjære Herre Jesus! Mallahfolket er til dei grader i ditt hjarta og din tanke, og me ber i ditt namn om at det skal rettast ein misjonsoffensiv mot dette folket no, det MÅ jo snart vera deira tur å kunna motta frelse. Må ordet ditt nå fram til dei og det sterke og gode lyset ditt fløyma over dei og skapa liv, fridom og evig glede i desse fattige menneska. Me ber også om at det skal etablerast skular mellom dei slik at barna kan læra seg å lesa og skriva og få den kunnskapen som kan løfta folket sosialt og kulturelt. Herre, miskunna deg over mallahfolket i ditt eige namn! Amen!


m17432.png

lørdag 26. oktober 2019

Slovakia


Slovakia ligg inneklemt mellom Ungarn, Russland, Polen, Tsjekkia og Austerrike. Før 1993 var landet ein del av Tsjekkoslovakia, og før 1989 ein del av kommunistblokka i Europa. Hovudstad: Bratislava. Slovakia er med i NATO og EU, og valutaen er Euro.

Landet har eit areal på rundt 48000 km2 (som Finnmark fylke), og eit dalande folketal på 5,4 millionar.

Religion: 62% er romersk katolske, vel 8% protestantiske, 4% er gresk ortodokse, 13% er ikkje-religiøse og resten er uspesifiserte (alt i følgje CIA World-Factbook).

Styresett: Republikk. Demokrati. Parlamentarisme.

Landet har ein sterkt veksande marknadsøkonomi. Eksportindustrien står sterkt, og 40%  av arealet er jordbruksland (i Noreg 3%). Landet ligg sentralt til i Europa, og investeringsviljen frå utlandet er stor.

Slovakia har ein rik åndeleg arv med seg frå reformasjonstida. Men auka velstand og materialisme har ført til moralsk relativisme. Mange har mista fotfeste i livet, og sjølvmordsraten er uvanleg høg.

Be om at Gud enno ein gong skal gjeste slovakane, og ausa sin kjærleik ut over dette landet og folket.

Mange nye huskyrkjer veks fram i våre dagar. I desse er det mykje levande kristendom.
Be om at denne rørsla skal veksa seg sterk og vera med å bringa tru, liv og håp til det slovakiske folket.

Jehovas vitner er sterke i Slovakia, og i mange områder konkurrerer dei ut dei evangeliske kristne.

Be om at lyset frå Jesu guddom skal bli så sterk i landet at «Jehovas vitner» taper sin attraksjon.
Be også om at dei sanne kristne skal ta utfordringen frå «vitnene», og læra seg å jobba systematisk med å vinna sine landsmenn for Jesus.
Be også om at dei katolske og ortodokse kyrkjene også skal erfara aukande Jesusliv i dei truande og i forsamlingane sine.  
Be om at dei truande i dette landet skal bli Gudsrike-kristne som følgjer Jesus, kjenner Guds ord og fungerer i Andens kraft.
Be om at kyrkja i Slovakia skal bli velsigna med godt leiarskap.

Dei som er minst nådde med evangeliet er ungararar og sigøynarar.
Be om at Gud sender sine folk som kan forkynna evangeliet på ungarsk og romani inn i desse miljøa, og at det skal etablerast kyrkjelydar mellom dei som kan fungera som lysande byar i det åndelege nattemørkret.

fredag 25. oktober 2019

Åtte kyrkjeleiarar i Sudan tiltalte for ulovleg bruk av kyrkjeeigedomar som staten har konfiskert (les: stole)


Åtte sudanesiske kyrkjeleiarar står tiltalte for å bryta ei lov som overfører alle kyrkjelege eigedomar til staten. Dei vart arresterte i 2017 då dei nekta å gå med på at kyrkjebygga berre kunne konfiskerast (stelast) av styresmaktene gjennom ei ny lov som bryt alle andre anstendige lover om rett til eigedom. No er desse mennene til overmål tiltalte for ulovleg okkupasjon av andres eigedom.

Den sudanesiske Kristkyrkja, som desse mennene er leiarar for, er i hovudsak nubisk. Sudan er styrt av arabiske folk, og det er eit element av etnisk diskriminering i denne saka.
Sudan er for tida inne i store endringar reint politisk Den mangeårige diktatoren Omar al Bashir vart avsett i vår, og det kan vera grunn til å tru at dette vil føra til auka religionsfridom i landet.

Herre, me ber om at denne saka skal enda godt, at retten skal avvisa klagemåla mot desse åtte kyrkjeleiarane, og at den to år gamle lova vert reversert og annulert.
Styrk desse mennene mektig med din Ande slik at dei står faste i trua, og kan møta klagemåla med uimotståeleg visdom.
Må evangeliet ha framgang i Sudan, og me ber om at dette landet skal få eit demokratisk og menneskevenleg styresett. Amen!

Hausafolket i Elfenbeinskysten


Hausa

Hausa er ei stor folkegruppe på nærare 50 millionar menneske som er spreidde over mange land.
Vel 1 million av dei lever i Elfenbeinskysten. Dei er muslimar, og snakkar hausa, som forøvrig er handelsspråket i dette området.

Herre Jesus Kristus! Du døydde og stod opp også for hausafolket, og du lever for at dei skal kunna tru på deg og få frelse i ditt namn. Og me ber om at det skal skje i vår tid. Me les om at du snart kjem att for å døma levande og døde, og då ønskjer me at hausafolket skal vera rikeleg godt representert i den gjengen som skal stå framfor din kongstol og lovsynga deg for full hals og musikk. Velsign dette flotte folket med alt dei treng for å leva gode liv, og me ber om at det framover skal rettast modige misjonstiltak mot dei slik at din kjærleik berre smeltar hjarto deira, og dei begynner å elska deg som har elska dei først. Amen.

Map of Hausa in Côte d'Ivoire

fredag 18. oktober 2019

Nord-Korea truga av ny hungersnaud

Image result for kim jong un horse 
Image result for north korea starvation



Parallelt med at Kim Jong Un blir avbilda stolt ridande på ein kvit hest gjennom nord-koreansk vinterlandskap, kjem det meldingar frå Open Doors international om stor matmangel i landet, og at 10 millionar menneske står i fare for å svelta denne vinteren. Me høyrer no også om tilfelle av kannibalisme i landet. Alt dette vil så definitivt råka dei rundt 300 000 kristne.  

Gode Far i himmelen! Sjå i nåde til det nord-koreanske folket. Dei har lidd så lenge under tyranniet. Historias Herre, me ber deg om at Kim-dynastiet sine dagar skal koma til ein ende, og at dette folket skal bli velsigna med eit nytt, rettferdig og klokt leiarskap. Knaot nokon nasjon treng lækjedom på alle nivå som denne. Herre, du har gjort det før. Gjer det igjen. Styrk og beskytt dei kristne i Nord-Korea, og lat dei ved ditt under overleva enno ein vinter, og må alle som smuglar biblar på ulike plattformer inn i landet få jobba uforstyrra vidare.  Amen!

Ny ekstrem abortlov på trappene i Nord-Irland. Kan bli stoppa av Stormont, den nord-irske nasjonalforsamlinga måndag 21. oktober.



Stormont er for tida oppløyst. Skal forsamlinga kunna stoppa den nye lova som sikrar fri abort fram til 28. svangerskapsveke, må representantane innkallast til eit ekstraordinært møte innan måndag 21. oktober, og det kan berre skje dersom det er 31 representantar skriv under på kravet. Det står no på Michelle O` Neill frå partiet Sinn Fein. Så langt har ho ikkje synt interesse for å signera. 

Når eit barn er 28 veker gamalt er det for lengst levedyktig utanfor livmora, og av ein eller annan grunn er denne lova langt meir liberal enn tilfelle er i England, Wales og Skottland.

Den nye lova inneber at barnets mor får alle nødvendige opplysningar om barnet som kan lesast ut av ultralyd og andre prenatale diagnoseverkty., og her er nokre konsekvensar:

1)     Det vil føra til målretta abort på barn med funksjonshemmingar som lippe-ganespalte, klumpfot, Downs syndrom og mange andre syndrom.
2)     Det vil opna for abort på bakgrunn av barnets kjønn.
3)     Det legaliserer tvillingabort til langt oppi svangerskapet
4)     Barnet som skal avlivast har ikkje rett på smertestillande behandling
5)     Barn som blir fødde levande kan leggjast bort for å døy
6)     Det er ingen krav om legetilsyn av mor og barn under aborten
7)     Jenter under 15 vil kunna ta abort utan at foreldra er orienterte
8)     Det vil ikkje vera noko krav i lova om kor abortar skal kunna utførast eller kven som utfører dei
9)     Det vil ikkje lenger vera straffbart å framkalla abort hos andre mot deira vilje, ved t.d. å hemmeleg putta abortpillar i maten til ein gravid.

Det er vanskeleg å tru at det me les om i denne saka kan vera sant, og me kan gleda oss over at me ikkje er komne så langt som dette i Noreg. Men det går denne vegen her også. Helsepolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet, Ingvild Kjerkol, vil at partiet skal programfesta at grensa for sjølvbestemt abort heva frå 12 til 18 veker, og Unge Venstre, med leiaren sin Sondre Hansmark i spissen, heilt opp til 24 veker.
Her må me vera på vakt og tala dei små barnas sak så det rungar i veggene, for dei er ikkje i stand til å føra saka si sjølv.

Bøn: 
Herre, me ber om at det skal lukkast å få kalla inn Stormont til møte i tide med tanke på å stoppa denne lova som no er blitt bestemt over hovudet på det nord-irske folket. Og for vår eigen del: Me beklagar djupt at me dag ut og dag inn knuser ditt bilete ved å abortera små barn i mors liv, og me beklagar at me som kyrkje teier i denne saka som er så avgjerande for så mange menneskes framtid, og for nasjonen vår.  Sjå i nåde til oss! Lat ditt lys råka oss i samvitet på ein slik måte at me blir rysta over kva me held på med, at me har alliert oss med djevelen på denne måten. Må leiarane våre venda om til deg og formulera og fremja ei lov som vernar alle små ufødde barn mot vald. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...