lørdag 26. oktober 2019

Slovakia


Slovakia ligg inneklemt mellom Ungarn, Russland, Polen, Tsjekkia og Austerrike. Før 1993 var landet ein del av Tsjekkoslovakia, og før 1989 ein del av kommunistblokka i Europa. Hovudstad: Bratislava. Slovakia er med i NATO og EU, og valutaen er Euro.

Landet har eit areal på rundt 48000 km2 (som Finnmark fylke), og eit dalande folketal på 5,4 millionar.

Religion: 62% er romersk katolske, vel 8% protestantiske, 4% er gresk ortodokse, 13% er ikkje-religiøse og resten er uspesifiserte (alt i følgje CIA World-Factbook).

Styresett: Republikk. Demokrati. Parlamentarisme.

Landet har ein sterkt veksande marknadsøkonomi. Eksportindustrien står sterkt, og 40%  av arealet er jordbruksland (i Noreg 3%). Landet ligg sentralt til i Europa, og investeringsviljen frå utlandet er stor.

Slovakia har ein rik åndeleg arv med seg frå reformasjonstida. Men auka velstand og materialisme har ført til moralsk relativisme. Mange har mista fotfeste i livet, og sjølvmordsraten er uvanleg høg.

Be om at Gud enno ein gong skal gjeste slovakane, og ausa sin kjærleik ut over dette landet og folket.

Mange nye huskyrkjer veks fram i våre dagar. I desse er det mykje levande kristendom.
Be om at denne rørsla skal veksa seg sterk og vera med å bringa tru, liv og håp til det slovakiske folket.

Jehovas vitner er sterke i Slovakia, og i mange områder konkurrerer dei ut dei evangeliske kristne.

Be om at lyset frå Jesu guddom skal bli så sterk i landet at «Jehovas vitner» taper sin attraksjon.
Be også om at dei sanne kristne skal ta utfordringen frå «vitnene», og læra seg å jobba systematisk med å vinna sine landsmenn for Jesus.
Be også om at dei katolske og ortodokse kyrkjene også skal erfara aukande Jesusliv i dei truande og i forsamlingane sine.  
Be om at dei truande i dette landet skal bli Gudsrike-kristne som følgjer Jesus, kjenner Guds ord og fungerer i Andens kraft.
Be om at kyrkja i Slovakia skal bli velsigna med godt leiarskap.

Dei som er minst nådde med evangeliet er ungararar og sigøynarar.
Be om at Gud sender sine folk som kan forkynna evangeliet på ungarsk og romani inn i desse miljøa, og at det skal etablerast kyrkjelydar mellom dei som kan fungera som lysande byar i det åndelege nattemørkret.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...