fredag 18. oktober 2019

Ny ekstrem abortlov på trappene i Nord-Irland. Kan bli stoppa av Stormont, den nord-irske nasjonalforsamlinga måndag 21. oktober.



Stormont er for tida oppløyst. Skal forsamlinga kunna stoppa den nye lova som sikrar fri abort fram til 28. svangerskapsveke, må representantane innkallast til eit ekstraordinært møte innan måndag 21. oktober, og det kan berre skje dersom det er 31 representantar skriv under på kravet. Det står no på Michelle O` Neill frå partiet Sinn Fein. Så langt har ho ikkje synt interesse for å signera. 

Når eit barn er 28 veker gamalt er det for lengst levedyktig utanfor livmora, og av ein eller annan grunn er denne lova langt meir liberal enn tilfelle er i England, Wales og Skottland.

Den nye lova inneber at barnets mor får alle nødvendige opplysningar om barnet som kan lesast ut av ultralyd og andre prenatale diagnoseverkty., og her er nokre konsekvensar:

1)     Det vil føra til målretta abort på barn med funksjonshemmingar som lippe-ganespalte, klumpfot, Downs syndrom og mange andre syndrom.
2)     Det vil opna for abort på bakgrunn av barnets kjønn.
3)     Det legaliserer tvillingabort til langt oppi svangerskapet
4)     Barnet som skal avlivast har ikkje rett på smertestillande behandling
5)     Barn som blir fødde levande kan leggjast bort for å døy
6)     Det er ingen krav om legetilsyn av mor og barn under aborten
7)     Jenter under 15 vil kunna ta abort utan at foreldra er orienterte
8)     Det vil ikkje vera noko krav i lova om kor abortar skal kunna utførast eller kven som utfører dei
9)     Det vil ikkje lenger vera straffbart å framkalla abort hos andre mot deira vilje, ved t.d. å hemmeleg putta abortpillar i maten til ein gravid.

Det er vanskeleg å tru at det me les om i denne saka kan vera sant, og me kan gleda oss over at me ikkje er komne så langt som dette i Noreg. Men det går denne vegen her også. Helsepolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet, Ingvild Kjerkol, vil at partiet skal programfesta at grensa for sjølvbestemt abort heva frå 12 til 18 veker, og Unge Venstre, med leiaren sin Sondre Hansmark i spissen, heilt opp til 24 veker.
Her må me vera på vakt og tala dei små barnas sak så det rungar i veggene, for dei er ikkje i stand til å føra saka si sjølv.

Bøn: 
Herre, me ber om at det skal lukkast å få kalla inn Stormont til møte i tide med tanke på å stoppa denne lova som no er blitt bestemt over hovudet på det nord-irske folket. Og for vår eigen del: Me beklagar djupt at me dag ut og dag inn knuser ditt bilete ved å abortera små barn i mors liv, og me beklagar at me som kyrkje teier i denne saka som er så avgjerande for så mange menneskes framtid, og for nasjonen vår.  Sjå i nåde til oss! Lat ditt lys råka oss i samvitet på ein slik måte at me blir rysta over kva me held på med, at me har alliert oss med djevelen på denne måten. Må leiarane våre venda om til deg og formulera og fremja ei lov som vernar alle små ufødde barn mot vald. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...