Thailand er eit vakkert land i Sør-Aust Asia. Det bur om lag 70 millionar menneske i landet, dei fleste tilhøyrer thaifolket.
Thailand har vore ei fredeleg øy i eit uroleg verdshjørne. Landet har vore spart for alle dei krigane som elles har rasa i Indo-Kina dei siste hundre åra. Men den siste tida har bydd på ein god del indre uro.
Landet har ein djupt respektert konge. Han vert nesten dyrka som ein gud, og har ein sterk posisjon.
Landet har demokrati, men det er hæren som har den reelle makta når alt kjem til alt.
Det er mykje korrupsjon i Thailand, og dei siste års uro botnar i dette.
Landbruket står sterkt i landet. Thailand er det landet i verda som eksporterer mest ris til andre land. Dei siste åra har det vakse fram ein sterk eksportindustri, og elles kjem mykje av inntektene frå turisme.
Buddhismen er den dominerande religionen i landet.
Det er mange som driv kristen misjon i landet, og IMI-kirken har stor suksess med Agenda 1 om dagen.
Gode Gud! Me ber om at alle thailendarar må bli berørt av ditt ord og av Den heilage andens kraft. Løys dei frå falsk religion, og lat Jesus Kristus stå fram for dei som vegen, sanninga og livet. Må alle som forkynner ditt ord i Thailand få stor styrke og rett utrustning slik at dei kan lukkast. Må di kyrkje bli styrkt av Anden og istandsett til å forkynna evangeliet på ein overtydande måte, og må dine teikn følgja alle som trur, og dei gode gjerningane deira demonstrera ditt hjarta for thailendarane.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 20. november 2017
mandag 13. november 2017
Bøn for jordskjelvråka områder i Iran og Irak
I dag vart eit stort område i desse to landa råka av eit jordskjelv med ein styrke på 7,3 på Richters skala. Det blir meldt om over 330 omkomne, dei fleste i Kermasha, og 4000 skadde menneske. Men desse tala vil stiga etterkvart som styresmaktene får oversikt over situasjonen i meir avsidesliggjande landsbyar.
Bøn:
Herre, me ber for alle som ligg under klem i ruinane at dei skal bli funne og fridde ut av dødens klør, gje lækjedom til dei skadde og kvesta og trøyst til alle som sørgjer. Me ber om at internasjonal help skal koma fram til desse områda, at byar skal attreisast i solide materialer, og me ber om at du Gud skal bli Gud for alle som bur i desse områda.
søndag 12. november 2017
Dagens unådde: Persarane i Iran
Det er 40 millionar persarar i Iran. Dei er ariske og kom til det som i dag er den iranske høgsletta, mellom 2000 og 1500 f. Kr. Persarane er eit gamalt kulturfolk som er mykje omtala i Bibelen. Det persiske verdsriket varte frå 539 til 330 f. Kr. då Alexander den store kom og erobra det alt saman. Det var persarkongen Kyros som let jødefolket i Babylonia få reisa attende til sitt eige land. Han er høgt vurdert i Bibelen, ja, ein Messiasskikkelse. Persarane er shiamuslimar, men dei fleste utan ihuge. mange av dei svermar i dag for gamalpersiske religionar som zoroastrianismen. Persarane er glade i lyrikk og les gjerne dikt for kvarandre når dei kjem saman. Persia vart omdøypt til Iran i 1935, etter seiande etter eit forslag frå Adolf Hitler (Iran slektar på arisk.). Sjølv om mange kjem til tru på Jesus om dagen, er dei fleste heilt unådde.
Gode Gud! Takk for dine gode gjerningar mellom persarane i Iran, og for alle som kjem til tru på Jesus. Me ber om dei skal bli rotfesta og grunnfesta i deg, og bli effektive formidlarar av ditt ord, di kraft og din godleik til frendane sine. Må dette folket bli gjennomsyra av evangeliet, og fridd ut av islams mektige lenker. Lat kyrkja di vera som eit mektig lys i folket som fører dei alle til Kristus. Amen!

Sverige

Areal: 449 924 km2. Folketal: 9,5 mill. Hovudstad: Stockholm med 1,3 mill innbyggjarar.
87,5 er skandinavar , 3,1% er finsk-urgisk, 2,6% slaviske
84,7% bur i byar, gjennomsnittleg levealder er 80 år,.
Språk: Svensk. Totalt blir det snakka 30 språk. Heile Bibelen er omsett til 4 språk, 2 til NT, 5 har porsjonar og 4 er under omsetting.
Sverige er eit velutvikla land med god økonomi, høgt utdanningsnivå og variert næringsliv.
Styresett: Kongedøme med representativt demokrati.
Landet har ein lang og ærerik historie, og har gjennom tidene vore ei stormakt i Europa. Det var Gustav II Adolf som på 1600-talet berga protestantane frå fullstendig nederlag i 30-årskrigen (1618-48). Det innleidde ei stordomstid for landet. I 1658 styrte Sverige over deler av Polen, heile Baltikum, heile Finland og store deler av Midt Noreg.
At Sverige har vore eit svært rikt land ser me av alle slotta i sør. Dei fortel om ei tid med ein sterk adel.
Full religionsfridom. Luthersk statskyrkje fram til år 2000.
Landet har gjennom mange år vore inne i ein alvorleg avkristningsprosess.
57,2% er kristne. 38,4% er heilt ikkje-religiøse
3,6% er muslimar. Tala er frå 2010.
Dei siste åra har innvandringa vore stor til Sverige, og i Malmø og Stockholm har det vore store problemer med integreringa, og andre generasjons innvandrarungdom har organisert seg i kriminelle gjengar som har påført politiet nær sagt uhandterlege utfordringar.
Be om at Gud skal ta kontroll over desse ungdomane, at kristne skal involvera seg i liva deira, forstå kulturen, vinna innvandrarane sin tillit og vinna dei for Jesus..
Parallelt med denne utviklinga har Det svenske folkepartiet på ytterste høgre fløy vakse fram og fått vind i segla, og i dag marsjerer nazistiske grupper i gatene med krav om å stenga grensene for menneske frå Asia og Afrika.
Be om at Gud skal ta kontroll over desse menneska og løysa opp gruppene dei tilhøyrer. Og be om at Gud skal utrusta kristne til å konfrontera dei og syna dei den gode veg og Guds plan for liva deira.
Det har vore auka einskap mellom dei evangeliske dei siste åra. Dette blir synleggjort gjennom Jesusmarsjen gjennom Stockholm kvar pinse. Denne samlar 20 000 menneske.
Det er grunn til å takka Gud for dette.
Sverige har ein rik åndeleg arv. Den rosenianske vekkinga på 1800-talet var massiv. Be om at det skal bli nytt liv i gamle røter, og at Jesus skal stå fram for det svenske folket som den eine sanne Gud.
Be om at dei kristne i landet skal leva som heilhjarta disiplar av Jesus, og ha Guds ord som einaste autoritet for liv og lære.
Be om at kyrkjelydane skal vera prega av Guds kjærleik og kraft, og at forkynnarane trufast skal forkynna Ordet i tide og utide.
Be om at Gud skal reisa opp nye åndelege leiarar med hjarto fulle av kjærleik, og med kraftfulle nådegåver til å forkynna Guds ord og til å formidla Guds nærvær.
Folk flest har eit sekulært syn på livet. Be om at dette skal snu, og at Gud skal bli ein naturleg del av kvardagen til det svenske folket.
Sverige har gått i front når det gjeld å opponera mot Guds bod på samlivsområdet, og det er mange abortar kvart år. Knapt noko land har så sterk feministrørsle som Sverige. Denne bestemmer i stor grad standarden for korleis folk skal tenkja. Bibelens verdiar blir kritisert og uglesett. Be om at landet skal bli bada i Guds lys, og at folk skal sørga over syndene sine og anerkjenna Guds overherredøme.
mandag 6. november 2017
Sutherland Springs Baptist Church
Igjen, igjen og igjen skjer det. Denne gongen til Sutherland Springs Baptist Church i Texas. Kanskje så mange som 27 drept (mange av dei barn) og 20 skadde menneske, ALLE SOM VAR PÅ GUDSTENESTE DENNE DAGEN FEKK SMAKA MARTYRIET.
Å Gud, me har ikkje ord for dette, og me forstår ikkje kvifor det skjer. Men det skjer igjen og igjen. Og me ropar til deg i fortviling, for dei som no sit i namnlaus sorg: Trøysta dei med den trøyst berre du som Far kan gje dei. Eg veit ikkje korleis du vil gjera det, men berre du kan, Gud. Og me ber for USA som nasjon, må leiarane søkja deg for å finna dei rette nøklane som kan setja ein stoppar for desse massakrane. Må dei alle søkja deg, Gud, venda om frå sine synder slik at du kan velsigna nasjonen og fordriva dei vonde åndene som no herjar med ubalanserte og avvikande menneske. Amen!

søndag 5. november 2017
Sri Lanka, "Perla i Det indiske hav".
65610 km2
21 mill innbyggjarar
Hovudstad: Colombo (683000)
75,9% singalesarar
14,3% tamilar
Språk: Singalesis og tamil.
Totalt 7 språk.
Heile Bibelen: 3. NT: 1 Bibeldeler: 1
Religion: 70% buddhisme, 13% hinduisme, 8,5 % islam, 8,3% kristne (6,1% romersk katolske , 2,2% er protestantiske. Desse opplever betydeleg vekst)
Sri Lanka har ein lang historie som går attende til 600-talet før Kristus då dei første singalesarane kom til øyriket. Buddhismen kom til øya rundt 250 f.Kr. På 1400-talet vart det første tamildynastiet etablert i nord. Landet har vore portugisisk, nederlandsk og engelsk koloni (1796), og vart styrt direkte frå London frå 1815 fram til 1948 då landet fekk sjølvstende og vart eit paralmentarisk demokrati.
Frå 1983 til 2009 rasa det ein bitter borgarkrig mellom singalesarar og tamilar, ein kamp der dei tamilske tigrane måtte gje tapt.
Grøderikt land der 43,5% av arealet er dyrkbart.
Næring: Tekstilindustri. Turisme. Te-produksjon. Mange jobbar i andre land.
Takk Gud for

- fred mellom singalesarar og tamilar
- framgang for evangeliet
- framveksten av kyrkjelydar drivne og leia av nasjonale og innfødde kristne
Be om
- at såra etter borgarkrigen vert lækte
- at freden mellom folkegruppene vert utdjupa og varig
- at kloke politiske leiarar som veit kva som skal til for dette skal skje
- at styresmaktene skal jobba for openheit, rettferd og for rettferdig representasjon for dei ulike gruppene i parlamentet.
- at dei skal verna folks økonomiske, politiske og religiøse rettar
- at tidlegare LTTE-krigarar skal reintegrert i samfunnet
- vern for kvinner som jobbar "oversaes".
- at "mainline"-kyrkjene skal oppleva Andens fornying slik at at tilbakegang vert snudd til framgang
- fortsatt vekking og vekst mellom dei evangeliske
- at evangeliet skal gjennomsyra heile samfunnet
- at kyrkjene skal bli velsigna med godt leiarskap, og at dei truande skal bli forsvarleg disippelgjort
- at kyrkjene skal stå tett saman i å oppfylla misjonsbefalinga i heimlandet, at dei legg opp ein felles sterk strategi for å nå høge misjonsmål
- kvalitet i utdanninga av kristne leiarar
Be mot
- barnearbeid i tekstilindustrien
- forfølging og diskriminering av kristne
- buddhismens dominans
- korrupsjon og nepotisme
- rasisme og etnisk diskriminering
lørdag 4. november 2017
Spania
Areal: 504783 km2
Folketal: 48 mill
Hovudstad: Madrid, nesten 6 mill. innbyggjarar.
Barcelona er nest største byen med 5,1 mill.
5,6 mill. immigrantar. 3 mill. er uregistrerte. Primært frå Nord-Afrika go Latin Amerika.
85,4% er spanske. Av desse er 53,2% kastilianarar og 17% er katalanarar.
Språk: Spansk, katalansk, gælisk, baskisk.
Totalt 21 språk. 14 innfødde.
Bibelspråk: 4 har GT og NT. 1 har NT, 3 har deler og 4 er under omsetting.
Finans: Hardt råka av finanskrisa i 2008. Ressesjon. Skyhøg arbeidsløyse i mange år. Økonomisk vekst dei siste fire åra.
Næring: Turisme, industri og jordbruk.
Politikk: Landet var ei verdsmakt i 3 hundreår frå 1492 då maurarane vart drivne ut av landet. På 15 og 1600-talet koloniserte Spania Mellom og Sør-Amerika. Spansk er av den grunn det tredje mest talte språket i verda. Landet gjorde seg rikt på utplyndring av koloniane sine der slaveriet var omfattande. Men imperiet rakna på 1800-talet. Det 19. og 20. hundreåret var prega av uro, borgarkrigar og diktatur. Diktaturet enda først i 1975 då general Franco døydde. I 1978 vart landet medlem av EU, og etter den tid har utviklinga eksplodert. Det har gått frå fattigdom til velstand, frå isolasjon til integrering, frå religiøs diskriminering til religionsfridom og toleranse.
Landet består av 17 autonome områder. Akkurat i desse dagar har Katalonia mista sjølvråderetten etter at dei røysta for lausriving frå Spania i ei svært omdiskutert folkerøysting. Landet er inne i den største krisa sidan krigens dagar.
Religion: Det er religionsfridom i dag, men den katolske kyrkja er totalt dominerande. Befolkninga bevegar seg raskt frå tradisjonell katolisisme til å bli ein sekulær stat.
Spania var heimlandet for Inkvisisjonen, og skuggane frå denne kyrkjelege rettsinnstansen som tok så mange millionar skuldlause menneskeliv kviler enno over nasjonen.
67% tilhøyrer den kristne trua. 9% er ateistar. 18% ikkje-truande, 2,4% er muslimar.
Det er 383000 protestantar i Spania. Det er 0,84% av folketalet.
Talet på kristne går ned, men talet på evangelisk kristne går opp. Det er snakk om 3% årleg vekst.
Spania er eitt av dei landa i verda som har dei største problema med narkotikamisbruk i befolkninga.
Gambling er eit kjempeproblem. Gjennomsnittleg går 15% av folks inntekter til gambling.
Seksuell umoral, prostitusjon og abort er store og veksande samfunnsproblem, og barn vert seksualiserte i stadig lågare alder.
Spania har den lågaste fertiliteten i verda. Det vert nesten ikkje fødde barn i landet lenger.
Be om at

- landet kjem seg velberga gjennom den krisa det er inne i no
- katalanarane ikkje tyr til vald
- katalanarane og resten av spaniarane skal finna fram til gode samarbeidsformer som alle er nøgde med
- katalanarane skal bli høyrt og få lov til å dyrka kulturen og språket sitt
- alle dei evangeliske kristne som er komne inn i landet frå Latin-Amerika og frå europeiske land skal leva misjonale liv og etablera sterke og levande kyrkjelydar over heile landet.
- at Gud skal vitja landet med sin Heilage Ande og frelsa folk ut frå sekularismen, materialismen og hedonismen som har utvikla seg med velstanden.
- unge menneske må forstå at Jesus er Herre, at dei er syndarar og at dei må gje liva sine til han og tru på han for å bli frelst.
- alle sanne kristne skal bli døypte i Guds kjærleik og kraft
- Gud skal stoppa djevelske lærdomar som kjem inn i landet gjennom New Age og andre gudlause filosofiar og religionar
- Jesus skal intervenera mellom dei narkomane og berga dei både frå syndene deira, frå djevelens makt og frå rus og avhengighet.
- folk må slutta å gambla med pengane sine, og læra seg å stola på Gud og investera pengar i hans rike heller enn å spela dei vekk
- Gud skal verna barn mot seksuelle overgrep og utnytting.
- kvinner og menn skal sei ja til livet og nei til abort
- Gud skal setja vern rundt barna i mors liv
- folket skal bli gripne av lengsel etter å få barn igjen
- kvinner og menn skal læra seg å leva i seksuell reinleik og truskap
- forbanninga frå Inkvisisjonen skal brytast i Jesu namn, og at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med dei historiske ugjerningane sine.
- den katolske kyrkja skal fornyast etter nytestamentleg mønster
- Den heilage ande skal ausast over landet og venda folks hjarto mot Gud. Landet har aldri opplevd nasjonale eller regionale åndelege vekkingar, og klimaet er tørrare enn nokon gong
- dei evangeliske kyrkjene skal bli spanske og tapa sitt utanlandspreg.
- kyrkjene skal få spanske leiarar av høgt format
- dei kristne skal bli forsvarleg disippelgjort og utrusta til å vinna menneske for Gud. Av dei 8112 lokalsamfunna er det ei evangelisk kyrkje kun i 650 (2010).
- folk skal finna fram til kristne radio og TV-program. Kristne driv 90 radiostasjonar og 30 TV-stasjonar.
- folk skal finna fram til kristne internettsider som kan hjelpa dei å finna attende til Gud.
- mange unge skal reisa på kristne leirar og lytta til Guds ord over tid og smaka på den kristne fellesskapen
Det er grunn til å takka Gud for Filadelfiarørsla mellom sigøynarane i landet. Denne starta i 1966. Dei tel i dag 200 000 truande.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...