mandag 18. mars 2013

Hausafolket i Nord-Nigeria





Det er 362000 av denne spesielle delen av hausafolket.Dei er bønder.Strengt muslimskSpråk: HausaBibelen er tilgjengeleg i tekst og lydJesusfilmen tilgjengeleg Absolutt unådd folk


Jesus, du som elskar hausafolket og som bar alle syndene deira med deg opp på krossen, aus Anden ut over dei slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud ved lovgjerningar, men berre ved å tru på deg og ditt fullbrakte verk. Lat det veksa fram ei kristen kyrkje mellom dette hausafolket som kan representera eit himmelsk lys i denne kulturen.


fredag 15. mars 2013

Brasil




  • Takk Gud for ein fantastisk vekst for evangeliske kyrkjer dei siste tiåra. Det er innhaustingstid i Brasil.
  • Brasil er blitt ein av dei nasjonane som sender ut flest misjonærar til andre land. Takk Gud for denne misjonsrørsla, og be om at brasislianske misjonærar skal få tena i Guds kraft. 
  • Be om at elden breier seg til alle lag av folket, også til overklassen som lever isolert og utilgjengeleg for vanlege folk. 
  • Be om at dei evangeliske kyrkjene vert meir medvitne i å syna omsorg for fattige og lidande. Kyrkjene treng å etablera sosiale program for å reflektera Guds hjarta på ein truverdig måte. 
  • Be om at menneskehandel knytt til prostitusjon og narkotikatrafikk skal ta slutt, at vonde menneske skal bli stoppa i dei vonde planane sine.
  • Be om utfriing og nytt liv for dei mange narkomane.
  • Be om eit oppgjer med promiskuiteten, og at folket skal elska Guds bod og læra seg å leva reint på det seksuelle området. HIV/AIDS er svært utbreidd i Brasil. 
  • Be om at korrupsjon og uærlegdom skal ta slutt i politikk og næringsliv, at Guds Ande skal læra brasilianarane å elska sanninga og hata løgna. 
  • Be om Guds nærvær og vern over alle gatebarn i dei store byane
  • Be om at det høge aggresjons og valdsnivået i samfunnet skal bli redusert, og om Guds fred til menneska. 
  • Be om at flaumen av kriminalitet som pregar samfunnslivet skal ta slutt, at evangeliet skal omforma menneska slik at dei elskar rett og rettferd 
  • Be om at Guds rike skal koma, at Guds vilje skal skje og at Brasil vert velsigna med godt leiarskap som kjenner vegen til det gode for folket. 

torsdag 14. mars 2013

Kristne egyptarar i libyisk fengsel

Kristen egypter døde i fengsel
Stefanusalliansen sendte i forrige uke ut en appell for fire kristne egyptere som ble arrestert i Benghazi i Libya i februar, anklaget for litteratur-evangelisering overfor muslimer. De fire er blitt mishandlet i fengselet. Dessverre døde en av dem i går 10. mars. Ezzat Hakim Atalla Abdel-Malak hadde klaget over sterke brystsmerter og ble sendt til sykehus sist onsdag, men ble returnert til fengselet samme dag. Tilstanden hans bedret seg ikke, og han døde søndag morgen. Det er ikke bekreftet om dødsfallet skyldes mishandlingen.

Dette er svært triste nyheter for Abdel-Malaks kone, men også for de andre i fengselet og for deres familier. En annen av egypterne, Sherif Ramsis Gad Mechaeal, har også sterke smerter i brystet.

Utenom de fire egypterne ble også en sørafrikaner, en koreaner og en svensk-amerikaner arrestert. Disse tre behandles relativt bra, mens egypterne har fått liten oppmerksomhet og blir mishandlet. Egypterne har fått høre at de skal stilles for en militær domstol veldig snart og at de kan dømmes for spionasje.

Vær med og be om løslatelse for alle disse seks snarest. Du kan også være med og sende appellbrevet til libyske myndigheter, hvis du ikke allerede har gjort dette. Klikk på lenken nedenfor: «Les mer og send appellbrevet».

- Be for kona til Abdel-Malak og hans øvrige familie
- Be om beskyttelse for de andre som sitter i fengsel, spesielt for egypterne, og for deres familier
- Be om at alle seks skal løslates snarest
- Be om at de egyptiske arresterte skal få like mye oppmerksomhet og støtte som de tre andre
- Be om at appellen som sendes til libyske myndigheter, skal medvirke til at de blir løslatt


Kjelde: Stefanusalliansen

Les mer og send appellbrevet

Botswana



onsdag 13. mars 2013

Bosnia Herzegovina



I dag ber me for Bosnia Herzegovina, at folk finn fred med Gud og kvarandre ved trua på Jesus Kristus.

At nasjonale kristne vert reiste opp for evangelisering

Om einskap og samarbeid mellom utanlandske misjonsselskap

Om nasjonal einskap og forsoning

Om ei bølge av lækjande nåde over menneska.

torsdag 27. desember 2012

Saeed Abedini

I september 2012 vart den iranskefødde amerikaneren Saeed Abedini (32) arrestert i Iran medan han var på besøk hos familien sin der. Klagemålet er spionasje til fordel for USA. Etter at han konverterte til kristen tru, har han arbeidd aktivt med å hjelpa undergrunnskyrkjer i Iran, og hadde som mål å skaffa midlar til ein barneheim.

Han sit no innesperra i det berykta Evinfengslet i Teheran. Saeed Abedini har familie heime i USA. Kona heiter Naghmeh og jobbar aktivt saman med mannen sin. Dei har to barn saman, ei dotter på 6 og ein son på 4. Det siste han skreiv  til familien i USA var dette (sitert frå Washington Post 24. des. 2012):

Fengslet er ein test. Eg har alltid vore redd for at livsens stormar skulle knusa trusskipet, men når eg står rolig, er stormen som ein mild bris. Ingenting kan knusa trusskipet. Desse veggene har gjeve meg meir lidenskapleg kjærleik for andre ved at eg deler evangeliet med dei, men enno meir, dei har gjort kjærleiken min til Frelsaren djupare. Eg kjenner at mange ber for meg, og eg vonar ein dag å kunna møta kvar av dei andlet til andlet og omfamna dei.

Ved å lesa denne linken: http://www.worldmag.com/2012/12/american_pastor_jailed_in_iran, vil du finna ut meir om Saeed Abedini sin svært spanande historie. 

Bøn:
Herre, gje Saeed Abedini og familien hans den styrken du ser dei treng her og no og i dagane som kjem. Lat Saeed leva til di ære i Evinfengslet, og gjer han til eit klart og varmt lys for medfangar, fangevaktarar og for dei som forhøyrer han slik at dei også kan bli frelste ved trua på deg, og når tida er inne, veit eg at du vil sørga for at han får fridomen attende. Velsign han, Nagmeh og borna deira i ditt eige namn. Amen!









tirsdag 26. juni 2012

Dyulafolket i Elfenbeinskysten


       280 000 menneske
       Muslimar
       Snakkar jula
       NT er tilgjengeleg i tekst og lyd, Jesusfilmen er dubba.
       Djup klanlojalitet
       Å bli kristen innber å tapa alle sosiale rettar.
       Dyula treng opplæring i hygiene, og betra helsetenester. 

 
       Gode Gud! Vekk interessen for Det nye testamentet hos dyulafolket slik at dei les det, og lyttar til det på MP3-spelarar.
       Skap tru på Jesus i hjarto deira.
       Grunnlegg ei levande kyrkje i dette folket, og skap deg eit folk som ærar Jesus og formidlar hans kjærleik, forsoning og kraft til alle i klanen.
       Bryt islams makt over tanke og sinn, og ta einkvar gyldig filosofi hos dei til fange under lydnaden mot Kristus.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...