Viser innlegg med etiketten Toronto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Toronto. Vis alle innlegg

mandag 6. oktober 2025

Jordan Peterson alvorleg sjuk

 


Det kjem melding om at Jordan Peterson har vore livstrugande sjuk denne sommaren. Det er snakk om lungebetennelse og blodforgiftning (i tillegg til ein eller annan nevrologisk tilstand) som førte han inn i djup koma i ein månad. Familien opplever det som ein enorm åndeleg kamp, og ber oss andre om å delta i bønnekampen for denne kanadiske psykologen som er blitt sparka frå jobben sin fordi han ikkje har vilja bøya seg for den liberale leiinga ved universitetet i Toronto som ville at han skulle undervisa i tråd med moderne synsmåtar på kjønn og seksualitet. 

Oppstadne Herre og frelsar, Jesus Kristus! Takk for at du har overvunne denne sjukdomen. I deg er det lækjedom og siger over alt som bryt ned kropp, sjel og ånd. Me ber i ditt namn om at du skal reisa denne mannen opp frå sjukesenga, og gje han attende til familien. Må du stoppa djevelen i hans plan for å øydeleggja din plan med Jordan Peterson, og me ber om at han skal stå fram frisk og fin og med ein enno klårare bodskap enn før om sanninga i ditt ord og om din nåde i Jesus Kristus for botferdige syndarar. Me utber oss eit mirakel i ditt namn. Amen! 

torsdag 17. august 2017

Hyeon Soo Lim sett fri frå nordkoreansk fangenskap og vel heime i Toronto.

Hyeon Soo Lim har i lenger tid vore på mi bøneliste, og har tidlegare også vore omtalt i denne bloggen. Han vart fengsla i Nord-Korea for to og eit halvt år sidan, etter å ha reist inn og ut av landet 20 gonger dei siste åra for å hjelpa den sveltande og utfattige befolkninga i landet. Målet var m.a. å innføra nye, effektive jordbruksmetodar som kunne gje bøndene større avlingar. Jorda i Nord-Korea er ekstremt utpint.

Lim er opprinneleg frå Sør Korea, men har i fleire år vore pastor i Light Korean Presbyterian Church i Toronto.

Etter arrestasjonen vart han dømt til livsvarig fengsel, truleg for å ha undergrave nordkoreanske verdiar.

Han fortel om tøffe tider i arbeidsleiren, men også om Guds omsorg og truskap. Han erfarte at sorga vart snudd til fryd og glede.

Kvar søndag arrangerte han gudsteneste. Den einaste frammøtte var han sjølv. 130 søndager gjorde han dette. Ingen grunn til messefall.

Fem nye koreanske salmer dikta han i fangenskapstida. Desse vart sunge i kyrkja hans på søndag. Folk strigret. 

Men opphaldet var ein effektiv slankekur. Kiloane rann fort og greitt av han etter kort tid.

Arbeidet var hardt, og Lim var ofte uendeleg trøytt, sliten og sjuk.

Men no skal me takka Gud:

Takk, gode Gud for din truskap. Takk at at du sørga for at Lim kunne koma heim til familie og kyrkjelyd. Du er ein Gud som høyrer bøner. No må du la Lim koma til krefter att og leida han vidare etter din plan og vilje. Amen!

mandag 28. mars 2016

Canada





















Canada er med sine vel 9 millionar kv.km. verdas nest største land i flatemål. Det bur omlag 33 millionar menneske der. 36%  er av engelsk opphav, 15 % fransk (Quebec), 28% frå andre europeiske nasjonar, 3,2% er kinesarar, 3,1%  kjem frå Sør-Asia og 2,9 % tilhøyrer urbefolkninga (indianarar).

Engelsk og fransk er offisielle språk. Elles blir det snakka totalt 169 språk i landet. Canada har gjennom dei siste åra vore den fremste nasjonen i verda når det gjeld å ta imot flyktningar. Det tener dei til ære.

Canada er eit starkt industrialisert land. Økonomien er solid.

Landet er ein del av Det britiske samveldet, og er eit konstitusjonelt monarki under dronning Elisabeth av England. Elles har dei fleirpartisystem med representativt demokrati. Det betydelege spenningar mellom den fransktalande og den engelsktalande delen av landet, og Quebeck har mange gongar arrangert folkerøystingar med tanke på sjølvstende.

Kristendomen er på retur i Canada. Rundt år 1900 utgjorde dei evangeliske 25% av befolkninga, i dag berre 8%. Det blir i praksis 2,6 millionar. Dei protestantiske main-linekyrkjene er blitt prega av liberal teologi, og er snart tømde for folk.

22 millionar av innbyggjarane er katolikkar. Resten er sekulære, og stadig fleire kanadiarar reknar seg som ikkje-religiøse, også blant dei som tilhøyrer eit kyrkjesamfunn.

Dei siste åra har immigrantar kome med nytt liv inn i mange av dei katolske kyrkjene.

Konservative kristne vert sett på med djup skepsis, og media er fientleg og kritisk innstilt til bibelsk kristendom. I Quebeck, som er 80% katolsk, blir evangeliske kyrkjer sett på som sekter og kultar.

Urbefolkninga i Canada snakkar mange språk.  27 av dei har ingen bibeloversetting. Det blir no jobba med oversetting av seks av dei. New Tribe si oversetting til inuittisk (eskimospråket) har resultert i massive vekkjingar mellom iunittane nord i landet.

Indianarane har elles vore utsett for grov urett gjennom historia, og dei lever i stor grad i fattigdom, og stoffmisbruk er svært vanleg mellom dei, særleg gjeld det dei mange som har flytta til storbyar som Toronto, Winnipeg, Edmonton og Regina.

Be om
  • at kyrkjelydane i byane effektivt skal nå ut i nærområda med evangeliet
  • at dei kristne i landet skal læra seg å bli glad i Bibelen, bli fylte av Den heilage ande og verkeleg brenna for Jesus. Lat dei flytta over frå religiøstet til sant disippelskap
  • at spenninga mellom Quebeck og resten av Canada skal blir redusert, og at linnbygjjarane i landet skal kjenna einskap og slektskap.
  • at kyrkja skal få kraft og nåde til å bera over med kritikk, ikkje ta att med same mynt, men syna dei andre ein unik livskvalitet, og argumentera meir med liva sine enn med orda sine. 
  • at alle urinnvånarar skal få Bibelen omsett til sine eigne morsmål,
  • at dei indianske stammene skal få erfara fridomskrafta i evangeliet, og at det skal bli ein djup forsoning mellom dei og det europeiske fleirtalet i landet,
  • at det skal etablerast sterke misjonale kyrkjelydar mellom kinesarane, og mellom folk som kjem frå Sør-Asia. 












Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...