Canada er med sine vel 9 millionar kv.km. verdas nest største land i flatemål. Det bur omlag 33 millionar menneske der. 36% er av engelsk opphav, 15 % fransk (Quebec), 28% frå andre europeiske nasjonar, 3,2% er kinesarar, 3,1% kjem frå Sør-Asia og 2,9 % tilhøyrer urbefolkninga (indianarar).
Engelsk og fransk er offisielle språk. Elles blir det snakka totalt 169 språk i landet. Canada har gjennom dei siste åra vore den fremste nasjonen i verda når det gjeld å ta imot flyktningar. Det tener dei til ære.
Canada er eit starkt industrialisert land. Økonomien er solid.
Landet er ein del av Det britiske samveldet, og er eit konstitusjonelt monarki under dronning Elisabeth av England. Elles har dei fleirpartisystem med representativt demokrati. Det betydelege spenningar mellom den fransktalande og den engelsktalande delen av landet, og Quebeck har mange gongar arrangert folkerøystingar med tanke på sjølvstende.
Kristendomen er på retur i Canada. Rundt år 1900 utgjorde dei evangeliske 25% av befolkninga, i dag berre 8%. Det blir i praksis 2,6 millionar. Dei protestantiske main-linekyrkjene er blitt prega av liberal teologi, og er snart tømde for folk.
22 millionar av innbyggjarane er katolikkar. Resten er sekulære, og stadig fleire kanadiarar reknar seg som ikkje-religiøse, også blant dei som tilhøyrer eit kyrkjesamfunn.
Dei siste åra har immigrantar kome med nytt liv inn i mange av dei katolske kyrkjene.
Konservative kristne vert sett på med djup skepsis, og media er fientleg og kritisk innstilt til bibelsk kristendom. I Quebeck, som er 80% katolsk, blir evangeliske kyrkjer sett på som sekter og kultar.
Urbefolkninga i Canada snakkar mange språk. 27 av dei har ingen bibeloversetting. Det blir no jobba med oversetting av seks av dei. New Tribe si oversetting til inuittisk (eskimospråket) har resultert i massive vekkjingar mellom iunittane nord i landet.
Indianarane har elles vore utsett for grov urett gjennom historia, og dei lever i stor grad i fattigdom, og stoffmisbruk er svært vanleg mellom dei, særleg gjeld det dei mange som har flytta til storbyar som Toronto, Winnipeg, Edmonton og Regina.
Be om
- at kyrkjelydane i byane effektivt skal nå ut i nærområda med evangeliet
- at dei kristne i landet skal læra seg å bli glad i Bibelen, bli fylte av Den heilage ande og verkeleg brenna for Jesus. Lat dei flytta over frå religiøstet til sant disippelskap
- at spenninga mellom Quebeck og resten av Canada skal blir redusert, og at linnbygjjarane i landet skal kjenna einskap og slektskap.
- at kyrkja skal få kraft og nåde til å bera over med kritikk, ikkje ta att med same mynt, men syna dei andre ein unik livskvalitet, og argumentera meir med liva sine enn med orda sine.
- at alle urinnvånarar skal få Bibelen omsett til sine eigne morsmål,
- at dei indianske stammene skal få erfara fridomskrafta i evangeliet, og at det skal bli ein djup forsoning mellom dei og det europeiske fleirtalet i landet,
- at det skal etablerast sterke misjonale kyrkjelydar mellom kinesarane, og mellom folk som kjem frå Sør-Asia.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar