Hyeon Soo Lim har i lenger tid vore på mi bøneliste, og har tidlegare også vore omtalt i denne bloggen. Han vart fengsla i Nord-Korea for to og eit halvt år sidan, etter å ha reist inn og ut av landet 20 gonger dei siste åra for å hjelpa den sveltande og utfattige befolkninga i landet. Målet var m.a. å innføra nye, effektive jordbruksmetodar som kunne gje bøndene større avlingar. Jorda i Nord-Korea er ekstremt utpint.
Lim er opprinneleg frå Sør Korea, men har i fleire år vore pastor i Light Korean Presbyterian Church i Toronto.
Etter arrestasjonen vart han dømt til livsvarig fengsel, truleg for å ha undergrave nordkoreanske verdiar.
Han fortel om tøffe tider i arbeidsleiren, men også om Guds omsorg og truskap. Han erfarte at sorga vart snudd til fryd og glede.
Kvar søndag arrangerte han gudsteneste. Den einaste frammøtte var han sjølv. 130 søndager gjorde han dette. Ingen grunn til messefall.
Fem nye koreanske salmer dikta han i fangenskapstida. Desse vart sunge i kyrkja hans på søndag. Folk strigret.
Men opphaldet var ein effektiv slankekur. Kiloane rann fort og greitt av han etter kort tid.
Arbeidet var hardt, og Lim var ofte uendeleg trøytt, sliten og sjuk.
Men no skal me takka Gud:
Takk, gode Gud for din truskap. Takk at at du sørga for at Lim kunne koma heim til familie og kyrkjelyd. Du er ein Gud som høyrer bøner. No må du la Lim koma til krefter att og leida han vidare etter din plan og vilje. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar