Etter 2.verdskrigen og den påfølgjande Koreakrigen (1950-1953) vart Koreahalvøya delt i to, Nord-Korea vart kommunistisk med støtte frå Sovjetunonen og Kina, medan Sør-Korea utvikla seg til ein fri demokratisk stat støtta av USA. I nord tok Kin Il Sung makta, og smått om senn kom han til å krevja tilbeding frå undersåttane sine. I dag er det barnebarnet hans, Kim Jung Un som styrer og vidarefører bestefaren sine særs avvikande synspunkt og haldningar.
Denne politikken har gjort Nord-Korea til eit av fattigaste landa i verda, og folket er undertrykt og kontrollert ned til dei minste detaljar. På slutten av 1990-talet døydde over 2 millionar av svolt, og landet er i dag heilt avhengig av matvarehjelp utanfrå, samstundes som styresmaktene utviklar atomvåpen for å smadra hjelparane sine.
Mange kristne i Sør-Korea og Kina (og andre land) gjer stor innsats for å smugla biblar inn i Nord-Korea. Det blir utvist stor kreativitet på dette området.
Mange kristne får lov å koma inn i landet for å driva hjelpearbeid.
Trass i store restriksjonar og skarp forfølging, kjem mange, mange til tru på Jesus Kristus kvart einaste år. Det er eit sjansespel, men i mørkret skin lyset frå Jesus ekstra klårt og folk strøymer mot det.
- Be om at alle som tek imot Jesus skal bli bevarte i trua, veksa som kristne og at dei skal finna måtar å ha fellesskap på.
- Be om at det rådande Kim-dynastiet skal falla
- Be om at folket skal få fridom
- Be om at Guds kraft skal koma over nasjonen og løfta menneska opp av hengemyra.
- Be om at landet skal bli attreist åndeleg, moralsk, politisk, økonomisk og kulturelt
- Be om at Gud skal ta vare på dei mange tusen kristne som er i plasserte i arbeidsleirar. Det er ingen som lever lenge i ein slik leir.
- Be om at Gud skal passa på alle dei som prøver å flykta frå landet.
- Be om at kinesarane sluttar med å senda flyktningar attende til Nord-Korea
- Be om at alle kreative forsøk på å importera biblar til Nord Korea skal lukkast, og at Bibelen skal bli ei tilgjengeleg bok for alle i dette landet.
- Be om at Kristus skal koma til syne i dei mange kristne i landet som driv med hjelpearbeid, og at desse vert beskytta. Det hender dei vert arresterte og ille medfarne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar